Studenten Robin fekk 1 million kroner i støtte frå Innovasjon Norge til sin eigen startup

Robin vart ein del av innovasjonsmiljøet ved UiS. Det førte til at han starta si eiga bedrift.

Published Sist oppdatert

Samtidig som Robin tok ei mastergrad i robotteknologi og signalbehandling, utvikla han ein gründeridé. Idéen hadde han allereie før han begynte å studera ved UiS, og han var tidleg ute med å undersøkja kva tilbod UiS har for gründerar.   

Portrettbilde av en person som smiler til kamera.
Studenten Robin vart ein del av innovasjonsmiljøet ved UiS.

- Før eg starta på masteren, sjekka eg kva innovasjonstilbod UiS hadde. Eg vart fort ein del av Lyspæren Innovasjonshus, og vart med på det som heiter StartUp Booster, fortel Robin.   

Hos Lyspæren Innovasjonshus kan studentar mellom anna vidareutvikla sine innovasjons- og gründerprosjekt. Dette særleg via LevelUp gründerinkubator, som er eit tilbod for studentar som har interesse for innovasjon og entreprenørskap. StartUp Booster-programmet, som Robin deltok på, er blant tilbodet hos LevelUp. Målet med programmet er å få framgang på forretningsidéar studentane sit inne med eller ønskjer å få raskare ut på marknaden. 

- Hos StartUp Booster lærte eg mellom anna å presentera idéen min, og korleis eg kunne utvikla idéen vidare. Hos Lyspæren Innovasjonshus møtte eg også ulike studentar og bedrifter, og fekk tips om nyttige arrangement som eg kunne delta på for å få eit større nettverk, seier Robin.                 

- For å få mest mogleg ut av studietida og studiet ein går på, vil eg tilrå andre studentar å engasjera seg i Lyspæren og LevelUp, seier Robin.    

Gründeridé som ein del av masteroppgåva  

Idéen, og det han hadde lært hos Lyspæren, tok Robin med seg vidare i arbeidet med masteroppgåva. Han er glad for at han vart ein del av Lyspæren før han starta på oppgåva.   

- Ting tek tid. Viss ein startar hausten før masteroppgåva, er det litt for seint. Eg vil tilrå andre å gå innom Lyspæren idet dei startar på mastergrada, ikkje på siste året. Startar du tidleg med idéutviklinga, har du god tid til å endra på ting undervegs, seier Robin. 

Masteroppgåva vart ei moglegheit for å testa idéen og sjå korleis han fungerte.   

- Det handlar ikkje om å testa ut noko som allereie finst, men å testa ut noko som ikkje har vorte gjort før. Masteroppgåva er ein bra stad å byrja for å sjå på det grunnleggjande og vise at idéen fungerer i praksis, seier Robin. 

Masteroppgåva skreiv han saman med ein annan student, og idéen utvikla seg frå våren til hausten. Dei hadde med seg to industripartnarar i oppgåva, som dei intervjua og presenterte oppgåva for.   

- Det er viktig å tenkja på kven som er målgruppa for det som blir produsert når ein har ein startup-idé, seier Robin.   

- Sjølve idéen går ut på at ein tar kva maskin som helst som eit menneske styrer og legg til sensorar, slik at ein kan samla inn informasjon og data om korleis menneska styrer maskina. Vidare vart informasjonen og data analysert slik at maskina til slutt kan utføra oppgåvene på eigen hand. I tillegg er algoritmen veldig god på å gjera usette, nye oppgåver, basert på informasjonen han har. Det vi har utvikla er ei programvare som gjer nettopp dette utan å vera kopla til internett, fortel Robin.   

Bedrifta Jona.ai AS

Etter å ha både testa og presentert idéen, gjekk steget vidare til å søkja om støtte. Dette gjorde Robin via Innovasjon Norge og STUD-ENT-ordninga deira. Ordninga skal oppmuntra til entreprenørskap blant studentar, med eit mål om at studentane skal etablera si eiga bedrift basert på kunnskap dei har fått gjennom studiane. Robin var blant dei heldige som fekk tildelt støtte på 1 million kroner. Støtta gjorde at han kunne tilsetja ein person til å jobba heiltid med vidareutvikling. Usman Ali Khan som tok ei mastergrad i Data Science vart ein del av teamet.  

Gründerinkubatoren LevelUp var ein viktig del av denne prosessen, både med rettleiing og hjelp med å finna ein fagleg mentor til STUD-ENT-søknaden. 

- Eg nytta meg flittig av ressursane til LevelUP, mellom anna om kva som måtte vere med i søknaden og korleis søknadsprosessen fungerer. Lyspæren er også ein veldig fin stad for å møta andre som tenkjer i same bane – det hjelper å snakka med andre som sit og jobbar med det same, fortel Robin. 

I forkant av søknaden oppretta Robin Jona.ai AS. Idéen vart dermed til ei bedrift og fleire firma tek no i bruk programvara som han utvikla.  

Dette er ikkje berre eit vanleg kurs – det er ein akselerator for forretningsidéen din!
Vi tek deg gjennom 6 workshopar som vil gi deg dei essensielle verktøya for å forma og akselerera ideen din til realitet.
Programmet startar 27. september. Les meir om programmet og meld deg på her.

• Lyspæren Innovasjonshus UiS er ein myldreplass for studentar, tilsette på UiS og eksterne. Dei legg til rette for kreativitet, innovasjon og entreprenørskap. 

• På Lyspæren UiS finn du mellom anna gründerinkubatoren LevelUp og fasilitetar som makerspace, 3D-lab og E-sport, og AR/VR-lab. 

• Det blir arrangert hackathons, kurs, workshops, LAN og fleire andre aktuelle lynkurs der du kan tileigna deg kunnskap innanfor nyare teknologi. 

• Innovasjonshuset er ope for alle studentar, tilsette og eksterne aktørar for å testa idéar og konsept, og dessutan inspirera kvarandre. 

• Opningstidene er måndag-fredag frå kl. 08:00-16:00, med tilgang via student-/tilsettkort.  

• Alle som er nysgjerrige er hjarteleg velkomne til å ta turen innom Lyspæren.  

Kontaktinformasjon: lyspaeren@uis.no  

Sjekk ut alle arrangementa på våre Facebook-sider og på Instagram kan de få innblikk i kva som skjer på Innovasjonshuset.

• LevelUp gründerinkubator er eit tilbod til studentar som har interesse for innovasjon og entreprenørskap, og er ope for alle studentar ved UiS.   

• LevelUp gir gratis 1-1-rettleiing til alle studentar som ønskjer å utforska sin eigen forretningsidé.  

• StartUp Booster-programmet er LevelUp sitt inkubatorprogram med mål om å få framgang på forretningsidéar studentane sit inne med eller ønskjer å få raskare ut på marknaden.   

• Programmet StartUp Booster er gratis og ope for alle studentar ved UiS.   

• I tillegg til StartUp Booster, arrangerer LevelUp også andre workshops innanfor teamet entreprenørskap. Til dømes pitcheworkshop, idéworkshop, og gründerlunsj. Alle arrangementet blir lagt ut på uis.no og Facebook-sida til LevelUp.  

• Er du studentgründer? Då kan du søkja Innovasjon Norges årlege tildeling på 1.000.000 kr for å utvikla din startup. LevelUp gründerinkubatoren hjelper kvart år UiS-studentar gjennom søknadsprosessen.  

Kontaktinformasjon: levelup@uis.no.

Sjekk ut alle arrangementa på våre Facebook-sider.