UiS med ny reisepolitikk

I tida før koronaen slo til, hadde UiS arbeidd fram ein ny reisepolitikk. Den skulle bli særs aktuell før den rakk å bli vedteken i juni 2020.

Publisert Sist oppdatert

Rektor ved UiS, Klaus Mohn, har innført ny reisepolitikk ved UiS.

Frå og med mars 2020 då korona-pandemien gjorde sitt inntog for fullt i Noreg, vart det brått stopp i reiseverksemda for tilsette ved UiS. Som ein følge av det har UiS spara jordkloden for to tusen tonn CO2 på å ikkje ta fly gjennom fjoråret. Det svarar til ein nedgang på rundt 80 prosent.

Les sak om 80 prosent CO2-kutt på flyreiser i 2020.

– 2020 vil ikkje bli den nye normalen, men året har i sanning vist oss at det er mogleg å finne alternative løysingar, seier UiS-rektor Klaus Mohn.

I tida før koronaen slo til, hadde UiS arbeidd fram ein ny reisepolitikk. Den skulle bli særs aktuell før den rakk å bli vedteken i juni 2020.

Med den nye reisepolitikken skal leiarar og tilsette i større grad vurdere klima-avtrykket og vege det opp mot i kva grad reisa er naudsynt. Leiarar og tilsette skal vurdere om det finst alternativ til å reise, i form av til dømes Webinar eller digitale møte.

– Det overordna målet med reisepolitikken vi har innført er å løfte medvitet rundt reiseverksemda ved UiS, slik at alle blir betre klar over kva reiser fører med seg – av klimaavtrykk og kostnadar, og at alle tenker seg om ein gong ekstra når ein legg planar for reiseaktiviteten, fortel Klaus Mohn.

Rektoren minner om at fram mot 2030 har vi i Noreg forplikta oss til å kutte CO2-utsleppa med 50–55 prosent.

– Ved UiS ønsker vi å ta vår del av desse kutta og helst så raskt som mogleg. Ein stor del av klimakutta kan vi ta på reiser og spesielt flyreiser. Erfaringane gjennom det siste året viser at dette absolutt er mogleg. Vi sparar ikkje berre klimaet vårt for CO2, men også mykje tid og store pengar på å redusere reiseverksemda vår, påpeiker Mohn.

Rektoren er likevel oppteken av at reising er tilrådeleg og ønska i mange samanhengar. 

– Framleis skal vi oppmode til utveksling av studentar og tilsette. Framleis skal vi legge til rette for samarbeid om forsking og undervisning. Og framleis vil ei viss reiseverksemd være viktig både for administrasjon, innovasjon og samfunnskontakt.

Nettbaserte fagboksamtalar
Finn Arne Jørgensen 2
Professor Finn Arne Jørgensen og forskarane i Greenhouse har lykkas godt med digitale fagboksamtalar under korona-nedstenginga. Foto: UiS / Anja Bakken

Forskingsmiljøet innan miljøhumaniora ved UiS, Greenhouse, driv sjølv forsking motivert ut frå eit klima- og miljøperspektiv – og er svært internasjonal orientertert i si forsking. Leiarane av forskingsgruppa, professorane Dolly Jørgensen og Finn Arne Jørgensen, fann rask fram til alternative måtar å samhandle med sine internasjonale kollegaer på då nedstenginga var eit faktum.

– Sidan mars i fjor har vi kvar måndag invitert miljøhumanistiske forfattarar til å presentere bøkene sine for oss i forskargruppa på UiS saman med kollegaer i inn- og utland. Fram til no har vi hatt 42 slike nettbaserte boksamtalar, fortel Finn Arne Jørgensen.

– Dette har fungert veldig fint. Vi har nytta høvet og brukt teknologien på ein litt meir aktiv måte enn tidlegare.

Dei har gjort opptak av boksamtalane og lagt ut på nett, blant anna for å ta dei i bruk i undervisinga i etterkant. Mellom 20 og 60 personar har høyrt på – fagfolk frå heile verda. Mange har lasta ned og sett på opptaka.

Seinking av prosjekt

Skjønt suksess med boksamtalane har likevel forskinga til miljøhumanistane vorte hardt råka av koronaen. Ein god del av prosjekta er vorte seinka.

– Som historikarar er vi blant anna nokså avhengig av å reise for å oppsøke arkiv. Det er eit stort sakn. Datainnsamling og feltstudiar er også lagt på hylla for ei tid. Dette har gjort at vi er seinka med fleire prosjekt, fortel professoren.

– Vi har heller ikkje moglegheit til fysiske prosjektmøte og workshop, mykje har vorte avlyst. Det er negativt. Vi har forsøkt å halde prosjekta gåande, men det er særleg krevjande når det gjelder dei store, meir komplekse prosjekta, som til dømes EU-prosjektet EnviroCitizen.

– I eit slikt stort prosjekt skulle vi gjerne ha hatt eit fysisk oppstartsmøte med dei 7 teama frå forskjellige land. Det er ikkje enkelt å bygge forskarteam med folk som ikkje har møtt kvarandre. Spesielt ikkje om ein kjem frå ulike forskingsområde, forklarer Jørgensen.

Kva med reising ved UiS postkorona?

– Reisepolitikken som no er innført samt lærdomen frå 2020 fortel oss at vi skal bruke hovudet meir før vi bestiller ei reise. Med tanke på forsking og internasjonale forskingssamarbeid etter korona, når er det naudsynt å reise og når er det ikkje?
– Det er ikkje eit enkelt spørsmål å svare på. Mange av reisene vi har gjort før er kanskje ikkje alltid supernaudsynte. Eit kort møte i Oslo kan definitivt droppast til fordel for eit Zoom-møte, men samtidig er reiser viktige for faktisk å kunne treffe folk, påpeiker Jørgensen.

Sjølv har han tjue års erfaring med å delta på konferansar, og legg vekt på at det er viktig å treffe dei internasjonale forskarmiljøa fysisk.

– Gjennom åra har eg blitt godt kjend med forskarkollegaane mine. Slik har eg skaffa meg eit internasjonalt forskarnettverk som eg bygger videre på. Det har vore naudsynt med tanke på å lage større, gode og relevante internasjonale samarbeidsprosjekt, forklarer Jørgensen.

Framtida er hybrid

Historikaren har sett ei utvikling mot stadig fleire nettbaserte konferansar og arrangement dei seinare åra. Det har toppa seg det siste året.

– Det hender ein har to konferansar eller arrangement på ein og same dag. Då kjem ein Zoom-trøttleik og ein mistar raskt fokus, seier Jørgensen som også legg vekt på at det er mange fordelar med nettbaserte arrangement: Dei er tilgjengeleg for langt fleire.

– Det er mange grunnar til at forskarar ikkje kan reise på ein konferanse. Det kan vere for dyrt eller det tek for mykje tid, eller at helsa ikkje tillét fysisk deltaking. Framtida er nok langt meir hybrid enn før korona, og det er ein bra ting, ikkje minst for miljøet, påpeiker Jørgensen.

Dette er UiS sin reisepolitikk:

• Kritisk vurdering, atterhald og tydeleg prioritering må/bør prege planlegging og gjennomføring av reiser. Alle reiser skal ha ei grunngjeving som er avklart mellom leiar og medarbeidar

• Alternative digitale møteformer må/bør vurderast før ein planlegg ei reise.

• Søknad om reise i SAP-portalen skal alltid vere godkjent av nærmaste leiar før ein bestiller billettar.

• Alle tilsette ved UiS skal gjerast merksam på tekniske løysningar som både reduserer behovet for å reisa og som gjer det mogleg å utføre arbeidsoppgåver undervegs.

• Bruke kollektivtransport der det er formålstenleg. Togreiser og andre miljøvenlege, kollektive reisemåtar bør bli vurderte før ein bestiller flyreise.

UiS sin reisepolitikk skal unngå at internasjonal fagleg verksemd og unge forskarar i etableringsfasen blir skadelidande. Reiser som er viktige for universitetet sine strategiske interesser og internasjonalt samarbeid  skal ein skape rom for også i framtida.

Tekst: Karen Anne Okstad