UiS tredje beste forskingsuniversitet igjen

For tredje år på rad ligger UiS heilt i toppen om ein ser på publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett. Blant universiteta er det berre UiO og UiB som er meir produktive.

Publisert Sist oppdatert

Universitetet i Stavanger held fram med si auking av forskingsproduksjon, viser 2020-tala som i dag er publiserte i Database for statistikk om høgare utdanning (DBH).

Forskarane Kjersti Engan og Jarle Urdal har utvikla eit system for biomedisinsk dataanalyse som kartlegger fosterets hjerterate under fødselen. Det blir det publikasjonspoeng av. Foto: UiS / Mari Løvås

Tala viser blant anna at UiS har 1,36 publiseringspoeng per vitskapleg tilsett.

Med sine samla 1332 publikasjonspoeng har UiS auka forskingsproduksjonen med tre prosent samanlikna med 2019 då vi hadde 1298 poeng.

Blant dei tre beste

Ikkje minst kan leiinga vere nøgd med at UiS for tredje år på rad er blant dei tre beste universiteta om ein reknar publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett.

UiO ligg på topp med 1,85 poeng per vitskapleg tilsett. Deretter følgjer UiB med 1,55 poeng og UiS med sine 1,36 poeng. Neste på lista er NTNU som har 1,33 poeng per vitskapleg tilsett.

Publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett ved norske universitet 2020:
Universitetet i Oslo (1,85)
Universitetet i Bergen (1,55)
Universitetet i Stavanger (1,36)
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (1,33)
Norges miljø- og biovitskaplege universitet (1,23)
Universitetet i Agder (1,03)
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (1,01)
OsloMet– storbyuniversitetet (0,99)
Nord universitet (0,87)
Universitetet i Sørøst-Norge (0,81)

Disputas-rekord

Tidlegare i år kunne UiS konstatere at talet for gjennomførte doktorgradar er rekordhøgt: Heile 74 personar gjennomførte doktorgrad ved UiS i koronaåret.

I tillegg har andelen som fullfører doktorgraden seks år etter at dei starta auka frå 58 prosent i 2019 til 75 prosent i 2020.

Med desse tala ligg UiS over landsgjennomsnittet for statlege institusjonar som er på 70 prosent.

Høg produktivitet tross koronasituasjonen

Merete Vadla Madland, prorektor for forsking ved UiS Foto: UiS / Elisabeth Tønnessen

Til tross for den spesielle koronasituasjonen kan prorektor for forsking, Merete Vadla Madland, sjå tilbake på eit år med høg aktivitet på forskingsfronten ved UiS.

– Dette er fantastiske tal! Vi kan vere frykteleg stolte. Bravo til forskarane våre!, seier Vadla Madland.

– Dette viser at vi er eit forskingsintensivt universitet. Tala viser at vi får mykje ut av dei midlane vi får til å forska for, seier prorektoren som også viser til at UiS dei siste fire åra har auka tilfanget av eksterne midlar til forskingsprosjekt.

Prorektoren har vore førebudd på at koronasituasjonen har påverka forskingsresultata der reiseverksemd og samhandling med andre forskarmiljø både nasjonalt og internasjonalt er ein viktig føresetnad.

– Fjoråret har også vore utfordrande fordi mange har brukt mykje tid på tilpassing til digital undervisning. Vi er særs nøgde med at grafane går oppover i denne spesielle tida, fortel Vadla Madland som er imponert over forskarane ved universitetet sitt.

Tekst: Karen Anne Okstad