UiS har søkt om å få oppretta profesjonsstudium i psykologi

UiS er eitt steg nærare å realisera ønsket om å utdanna psykologar. No er nemleg søknaden om å få oppretta studiet levert til Nokut, som skal avgjera om UiS får tilby profesjonsutdanninga.

Published Sist oppdatert

Eit stort utval representantar frå både UiS og SUS har vore involverte i arbeidet med å søka om å få oppretta eit profesjonsstudium i psykologi ved UiS. Foto: UiS/Live Kolstad Kvalsvik.

– Me har nådd eit stort delmål, og det er fantastisk å ha levert, seier professor Jone Ravndal Bjørnestad, som har leia arbeidet med å utarbeida søknaden.

Regionens institusjonar er positive til studiet

Dei siste månadane har eit utval representantar frå fag- og forskingsmiljøa ved UiS og SUS stått på for å utarbeida ein søknad som førespeglar korleis eit profesjonsstudium i Stavanger kan bli. Bjørnestad fortel at dei har møtt stor velvilje i regionen gjennom heile søknadsskrivingsprosessen.

– Heile regionen har vist at dei ønsker og vil dette. Alle me har spurt om vil vere med, har sagt ja, og det er ei ganske lang rekke institusjonar, frå kommunar til private, ideelle institusjonar, SUS og mange andre aktørar, seier han.  

Bjørnestad meiner eit profesjonsstudium ved UiS vil gagne samfunnet på fleire område, først og fremst ved at det blir utdanna fleire kliniske psykologar, som det er eit reelt behov for, og at forskingsproduksjonen innan feltet vil auka.

– Det er ein vinn-vinn-situasjon for alle dei miljøa som er involverte, seier han.

Beskriv profesjonsstudiet som eit kjærkome tilskot

Lars Ravn Øhlckers, psykologfagleg rådgjevar/psykologspesialist ved Klinikk for barn, unge og rusavhengige i Helse Stavanger, har vore ei sentral skikkelse frå SUS si side i søknadsskrivinga.

– Med tanke på utfordringane som finst i feltet, vil det vere eit kjærkome tilskot til det nasjonale psykiske helsetilbodet, viss me får ei femte profesjonsutdanning i Norge ved UiS, seier han.

Han fortel om store rekrutteringsproblem av psykologar over heile landet, både ved sjukehus og i kommunal sektor, og uheldige følgjeeffektar på grunn av det. Det håpar han eit nytt profesjonsstudium kan vere med på å forbetra.

– Det handlar om kvalitet, pasienttryggleik og at befolkninga skal få det tilbodet dei har krav på, nær seg, seier han.

Øhlckers beskriv arbeidet med å skriva søknaden som omfattande, og han håpar UiS får gjennomslag for søknaden.

– Det er ein omfattande prosess å beskriva ei seksårig utdanning, men me har jobba systematisk og langsiktig med det, og me håpar no at Nokut bekreftar at regionen vil kunne skapa eit profesjonsstudium i psykologi av høg kvalitet, seier han.

Vil vere ei investering

UiS-rektor Klaus Mohn. Foto: Elisabeth Tønnessen.

Rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn, meiner etableringa av eit nytt profesjonsstudium i psykologi er eit nødvendig steg i retninga av å auka kompetansen og kapasiteten innan det psykiske helsetilbodet.

– Me treng fleire autoriserte psykologar. Å etablera eit nytt profesjonsstudium i Stavanger vil vere ei investering i samfunnet som heilskap, helsesektoren og akademia, og ikkje minst for menneska som treng profesjonell hjelp, seier han.

Han legg vekt på at UiS og SUS har veletablerte akademiske og kliniske fag- og praksismiljø med dyktige fagfolk som sit på den kompetansen som trengs for å utdanna morgondagens psykologar.

– Saman med samarbeidspartnarar som SUS og andre aktørar innan psykologmiljøet i regionen vil me kunne tilby eit viktig, robust og framtidsretta studium, seier han. 

Dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, Turid Borgen, har leia styringsgruppa og er einig med Mohn. Ho rosar samstundes samarbeidet på tvers av Det helsevitskaplege fakultet, Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora og Det samfunnsvitskaplege fakultet, i søknadsskrivingsarbeidet.

– Dette er ein lagsiger, og all den kompetansen og alle dei moglegheitene som finst på dei ulike fakulteta, er ei styrke for utviklinga av, og innhaldet i, det føreslegne profesjonsstudiet i psykologi, seier Borgen.

På det øvste bildet ser du bak frå venstre: Odd Magne Bakke, dekan ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Bjørg Synnøve Frøysland Oftedal, fungerande dekan ved Det helsevitskaplege fakultet, Morten Tønnessen, instituttleiar ved Institutt for sosialfag, Kristofer Rossmann Henrichsen, seniorrådgjevar ved Utdanningsavdelinga, Tore Tjora, førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag, Eilef Gard, seniorrådgjevar ved Utdanningsavdelinga og Lone Litlehamar, fakultetsdirektør ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Foran frå venstre: Anne Selnes, direktør for kommunikasjons og samfunnskontakt, Astrid Birgitte Eggen, prorektor for utdanning, Turid Borgen, dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, Jone Ravndal Bjørnestad, professor ved Institutt for sosialfag, Lars Ravn Øhlckers, psykologfagleg rådgjevar/psykologspesialist i Helse Stavanger og Lars Conrad Moe, klinikksjef ved Klinikk psykisk helsevern barn, unge og rusavhengige.

UiS søker òg om å etablera master i rettsvitskap.

Tekst: Live Kolstad Kvalsvik