Hopp til hovedinnhold

UNESCO Chair: Leiarskap og innovasjon

Universitetet i Stavanger ved Det samfunnsvitskaplege fakultet og NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) samarbeider om en UNESCO Chair i leiarskap og innovasjon.

Publisert: Endret:
The UNESCO Chair's purpose is to enable leadership, innovation and anticipation.

Om UNESCO Chair-en i leiarskap og innovasjon

UNESCO Chair er ei utnemning som blir gitt til institusjonar med fagmiljø som utmerker seg internasjonalt på fagområde som er relevante for UNESCO. Ein UNESCO Chair, eller lærestol på norsk, skal vere eit kompetansesenter og ein brubyggar mellom akademia, samfunn, forsking og styresmaktene.

Gjennom denne lærestolen skal Universitetet i Stavanger og NIFU utforske og utvikle nye former for leiarskap og innovasjon. Målet er å bidra til å løyse store samfunnsutfordringar, så som realisering av FNs berekraftsmål.

Lærestolen i leiarskap og innovasjon er ein del av UNESCOs Global Futures Literacy Network. Futures Literacy, eller framtidskompetanse på norsk, vil derfor stå sentralt i arbeidet. Gjennom å utfordre nedarva førestillingar og praksisar. Hensikta er å auke medvitet om korleis gitte førestillingar, institusjonelle strukturar og handlingsmønster hindrar oss i å finne og implementera løysingar på samfunnets utfordringar. Gjennom å utvikle ein betre framtidskompetanse kan ein enklare identifisere verdiar, mål, høve og truslar, samt finne fram til nye måtar å adressere utfordringane på.

Universitetet i Stavanger vil sjå på korleis framtidskompetanse kan nyttast til å utvikle ei meir kreativ og open form for leiarskap i bedrifter og organisasjonar – heile tida med mål om å svare på utfordringane til både institusjonane og samfunnet.

NIFU vil sjå på korleis framtidskompetanse kan nyttast i policy-læring og utvikling av nye politiske grep i møte med store utfordringar, nasjonalt og internasjonalt. Denne tilnærminga vil blant anna gjere det lettare å lære og samarbeide på tvers av politiske, faglege, organisatoriske, sosiale og kulturelle skilnader.

Universitetet i Stavanger og NIFU vil saman utvikle bruken av framtidskompetanse i formålsdrivne leiarskap. Inkludert er også transformativ politikkutforming.

UNESCO Chair on Leadership, Innovation and Anticipation vil i tillegg vidareutvikle eit nasjonalt nettverk for framtidskompetanse, kalt Futures Literacy Norway.