Norsk trinn 1-4 (MGL1120)

Emnet gir eit første grunnlag for norskundervisning med vekt på trinn 1-4. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den første lese- og skriveopplæringa. Meir spesifikt dreier emnet seg om fonologi, morfologi, semantikk og litteraturdidaktikk, som vil bli relatert til sjangrar som forteljing, eventyr og biletbok. Ein arbeider dessutan med multimodalitet innanfor ulike sjangrar og elevtekstar for 1.-4. trinn. Emnet legg òg vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2023-2024

Fakta

Emnekode

MGL1120

Versjon

1

Vekting (stp)

15

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. Faget legg eit viktig grunnlag for kulturforståing, danning og kritisk tenking, særleg gjennom innsikt i korleis språk og tekstar formar og blir forma av kulturelle fellesskap. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunns-utviklinga.

Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei fundamental rolle for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Det heng såleis tett saman med identitetsutviklinga til den einskilde språkbrukaren og med kultur- og samfunnsutviklinga gjennom historia. Samtidig er språket inngangen til aktiv deltaking i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal lærarutdanningas norskfag legge grunnlaget for at studentane på kvalifisert vis kan bidra til at elevar blir trygge og aktive språkbrukarar som utviklar språk- og tekstkunnskap tilpassa trinn og alder.

Litterære tekstar går i aktiv dialog med kulturens utvikling og spenningar, livsvilkår og tenkemåtar. Både fiksjons- og saktekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar og frå ulike perspektiv - estetiske, kommunikative, kulturelle og historiske - skal legge grunnlaget for gode tekstval og fagleg litteraturarbeid som innbyr elevar på trinn 1-4 til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon.

Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og læring. Norskfaget gir spesialisert kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere eigne og andres tekstar og til å bruke relevante tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal lære å forstå korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til fagspesifikk undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1-4.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk, med særleg vekt på fonologi, morfologi og semantikk
  • har god kunnskap om barns språkutvikling
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på bokmål og nynorsk, i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar, på bokmål og nynorsk, med vekt på litteratur for barn
  • har brei kunnskap om metodar i den første lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk
  • har kunnskap om kartleggingsprøver, nasjonale prøver og læremiddel for trinn 1-7, både digitale og andre
  • har kunnskap om planlegging, gjennomføring og evaluering av elev- og klassesamtaler

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg språkutvikling for alle elevar
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege og multimodale tekster i ulike medium
  • kan bruke ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan kjenne att teikn på lese-, skrive og språkvansker
  • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan planlegge norskundervisning i sentrale emne for 1-4 trinn og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere praksis på 1.- 4. trinn med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
  • kan skrive enkle akademiske tekstar

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg eksamen 1/1 5 Timar Bokstavkarakterar

Målform: Bokmål.Hjelpemiddel: Publiseres på Canvas i god tid før eksamen.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Innlevering av fagtekst og presentasjon av fagleg emne, Obligatorisk undervisning
Studenter som får eitt eller fleire av arbeidskravene vurdert til ikkje-godkjent ved første innlevering, gis moglegheit for ei ny innlevering av oppgåva (/-ene) i bearbeida form. Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga.

Fagperson(er)

Studieprogramleder:

Ingeborg Knævelsrud

Faglærar:

Eli Flatekval

Praksiskoordinator:

Ivar Bjørnsen

Studiekoordinator:

Ida Margrethe Eikaas

Studiekoordinator:

Kjersti Gjedrem

Praksiskoordinator:

Kitty Marie Garborg

Arbeidsformar

Arbeidsmåtar vil vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, individuelt arbeid og oppgåveskriving. Praktisk-estetiske arbeidsmåtar blir trekt inn på emneområde som ligg til rette for det, for eksempel norsk munnleg.

Praksis

Studentane skal ha 10 dagar med praksis dette semesteret, der 5 dagar er observasjonspraksis.

Åpent for

Grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7, femårig masterprogram

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto