Norsk 2 (5-10. trinn) (MGL2322)

Norsk 2 bygger på Norsk 1 og omfattar norskundervisning for trinn 5-10 med vekt på ungdomstrinnet. Emnet gir historisk oversikt og god kunnskap om sentrale språklege og litterære emne og djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål. Norsk 2 gir eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom skriving av ei forskings- og utviklingsoppgåve og anna arbeid med språk og tekstar får studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2023-2024

Fakta

Emnekode

MGL2322

Versjon

1

Vekting (stp)

30

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

I dagens tekstsamfunn møter læraren elevar med ulik teksterfaring og skrivekompetanse, noko som er grunnlag for diskusjonar om opplæringa på ungdomstrinnet. Studiet vil gi studentane kunnskapar om teksttypar og tekstkulturar som er relevante for denne aldersgruppa, slik at dei kan rettleie og motivere alle elevar ut frå behova hos den einskilde eleven.

Samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid står sentralt. Det blir retta spesiell merksemd mot språklege endringsprosessar, i form av (nyare) språkhistorie, dialekt- og sosiolektlære og skriftspråknormering. I arbeid med både saktekstar og skjønnlitteratur blir det lagt vekt på vidare utvikling av studentane sine kunnskapar om litterære sjangrar og teksttypar, og korleis desse har utvikla seg over tid fram til notida sine digitale uttrykk. Det blir også arbeidd med nyare litteratur som rettar seg mot ungdom og vaksne. Vidare trening av litterær forståing blir lagt vekt på gjennom samtalar, analyse og tolking, og gjennom vurdering av tekstar sine kvalitetar og bruksområde med utgangspunkt i eleven sitt møte med teksten.

Læraren si evne til fagleg fundert og variert formidling står også sentralt. Det blir også arbeidd med karaktervurdering. Emnet gir innsikt i forskinga knytt til tilrettelegging, kontekstualisering og didaktiske tilnærmingsmåtar som kan styrke eleven sin identitet, fagleg kunnskap, kulturforståing, språk- og tekstkompetanse og evne til kritisk refleksjon. Gjennom skriving av ei rettleidd FoU-oppgåve vil studentane få fordjupe seg spesielt i eitt av desse perspektiva.

Læringsutbytte

KUNNSKAP

Kandidaten

• har brei kunnskap om litteratur- og språkdidaktiske tilnærmingar

• har kunnskap om ulike litteratur- og språkteoriar og relevante forskingsperspektiv

• har god kunnskap om norsk som første- og andrespråk

• har kunnskap om nasjonale minoritetsspråk og nabospråk

• har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål

• har kunnskap om litteraturhistorie og god kunnskap om litteratur for barn, unge og vaksne frå ulike tider og kulturar og i ulike medium og modalitetar

• har god kunnskap om munnleg kommunikasjon, lesing og skriving og vidareutvikling av grunnleggande språkferdigheiter

FERDIGHEITER

Kandidaten

• kan bruke kunnskap om grammatikk og språk, tekstar og litteratur i analyse av og arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar

• kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med språk og litteratur i tradisjonelle og nye medium frå ulike perspektiv, på varierte måtar og tilpassa ulike formål

• kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar på nynorsk og bokmål i ulike sjangrar og medium og for ulike formål

• kan gjere fagdidaktiske val som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i det vidare arbeidet med dei grunnleggjande ferdigheitene i norskfaget

• kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

 

GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten

• kan formidle og utøve norskfaget som kultur-, kommunikasjons-, dannings- og identitetsfag

• kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer

• kan drøfte problemstillingar knytte til norskdidaktisk forsking, utviklingsarbeid og forskingsetikk

• kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 5-10 individuelt og i samarbeid med andre

Forkunnskapskrav

MGL2120 Litteratur, lesing, samtale - med vekt på mellomtrinnet, MGL2121 Norsk 1, emne 2: Språkstrukturar og tekstskaping - med vekt på mellomtrinnet
Må ha bestått MGL2120 og MGL2121 eller tilsvarende.

Eksamen / vurdering

FOU-oppgåve og munnleg eksamen

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
FOU-oppgåve 1/2 Bokstavkarakterar
Muntleg eksamen 1/2 Bokstavkarakterar

Forsking- og utviklingsoppgåve (FoU-oppgåve)FoU-oppgåve skal ha eit omfang på 6 000 til 10 000 ord. Oppgåva skal skrivast individuelt. Alternativ utforming (t.d. multimodal) skal avklarast med rettleiar. Målform er valfri.Munnleg eksamenMunnleg eksamen er ein individuell fagsamtale. Den faglege samtalen dreier seg om ei oppgåveformulering som kandidaten får eit døgn før eksamen. Denne oppgåveformuleringa blir utforma på bakgrunn av eit refleksjonsnotat som har blitt levert av praksisgruppa som studenten høyrer til (sjå arbeidskrav). I fagsamtalen legg kandidaten fram faglege og fagdidaktiske perspektiv på den gitte oppgåveformuleringa. Vurderinga varer i 15-20 minutt. Vurdering: A-F.Viss ein student ikkje har bestått praksis (på grunn av fråvær, sjukdom eller liknande), vil studenten få ei oppgåve knytt til pensum.Kontinuasjonseksamen vil følgje same oppsett som ordinær eksamen. Vurdering: A-F.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk oppmøte 70%, Rettleiing på FoU-oppgåva, Utvikla norskdidaktisk undervisningsopplegg, Notat i forkant av munnleg eksamen

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

• Innlevert prosjektskisse til FoU-oppgåve på grunnlag av godkjend tema/problemstilling

• Rettleiing på FoU-oppgåva, minimum 2x30 minutt

• Utvikla norskdidaktisk undervisningsopplegg før praksis

• Notat i forkant av munnleg eksamen (500 ord). Notatet skal skrivast på nynorsk

Studentar som får eitt eller fleire av arbeidskrava vurdert til ikkje-godkjend ved første innlevering, får mogelegheit for éi ny innlevering i omarbeidd form. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen.

Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga.

Fagperson(er)

Faglærar:

Åsmund Hennig

Studiekoordinator:

Kjersti Gjedrem

Praksis

3 veker med praksis.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Språk og litteratur i tid og rom - med vekt på ungdomstrinnet (MGL2122_1) 15
Skulens tekstar, med særleg vekt på ungdomsskulen. FoU-oppgåve (MGL2220_1) 15
Språk og litteratur i tid og rom - med vekt på ungdomstrinnet, Skulens tekstar, med særleg vekt på ungdomsskulen. FoU-oppgåve ( MGL2122_1 MGL2220_1 ) 30

Åpent for

Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10, femårig masterprogram

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto