Første kull kommunikasjonsstudentar ferdig med praksis

Spenninga var høg då ti studentar frå det nye årsstudiet i kommunikasjon skulle ut i praksis mens arbeidslivet enno var prega av koronarestriksjonar i januar 2022. Heldigvis opna samfunnet opp igjen, og no har studentane vore i full sving hos ulike verksemder i regionen.

Published Sist oppdatert
Studentportrett
Sondre Vestheim er nøgd med praksisen hos SiS

Ein av dei er Sondre Vestheim, som på kommunikasjons årsstudium fekk praksisplass hos Studentsamskipnaden i Stavanger, SiS. Her har han mellom anna jobba med innhald til nettsida og Min SiS-appen, vore rundt på alle tilslutningsskulane i Stavanger og laga filmar til sosiale medium. Ei av oppgåvene var å lage ei tidslinje til samskipnadens 50-årsjubileum. 

– Eg har kartlagd små og store hendingar i SiS si historie frå 1972 og fram til i dag og plukka ut dei mest interessante til tidslinja. Det har vore ein ganske omfattande jobb!  

Vestheim sett stor pris på moglegheita til å kome ut og bruke det han har lært i undervisninga. Det same gjer Jenny Møller, som har hatt praksis hos ONS. Ho meiner kombinasjonen av teori på UiS og rettleiing ute på praksisplassen er svært nyttig. 

– Det har vore utruleg lærerikt og spennande! Eg har vore med på førebuingane til ONS 2022 og fått prøvd meg på mange ulike kommunikasjonsoppgåver, som tekstproduksjon, fotografering og arbeid med sosiale medium. 

Portrett av student
Jenny Møller har hatt praksis hos ONS 2022

No er planen å studere juss. Møller er viss på at kunnskapen frå kommunikasjonsstudiet vil kome godt med både i studie- og jobbsamanheng. Også Vestheim vil byggje vidare på erfaringane frå studiet. 

– Ei av dei mest spennande arbeidsoppgåvene har vore å redigere korte, effektive videoar som får fram bodskapen på ein best mogleg måte. Eg var interessert i videoproduksjon allereie før eg byrja på kommunikasjon, og gjennom praksisen har eg fått bekrefta at dette er noko arbeidslivet har behov for. Derfor har eg søkt meg inn på bacheloren i fjernsyns- og multimedieproduksjon her ved UiS. 

Det er ikkje berre studentane som har hatt glede av utplasseringa. Også praksisbedriftene er nøgde med ordninga, fortel faglærar Siri Wichne Pedersen. I løpet av semesteret har ho vore rundt på besøk for å sjekke at alt går bra og samle erfaringar frå det første studentkullet på årsstudiet i kommunikasjon.  

– Me ser det som eit godt teikn at fleire av studentane allereie har fått jobb i bedrifta dei har hatt praksis i, både i samband med prosjekt, sommarjobb og i faste stillingar. Det viser at me har treft godt, og at både partar har fått noko ut av praksisen.

Pedersen fortel at det er uvanleg med praksis etter berre eit semester, men at det har vore eit viktig mål å kunne gje studentane reell erfaring frå yrket. At praksisen går over fleire månadar, gjer at studentane blir ein del av den daglege drifta i verksemda og får tid til å evaluere og reflektere over arbeidet dei er med på. No er målet å få enno fleire studentar ut i praksis, og Pedersen oppmodar bedrifter og organisasjonar til å ta kontakt om dei kan tenkje seg ein eller fleire kommunikasjonsstudentar våren 2023. 

– Praksis er en gyllen moglegheit både for studentar og verksemder til å vise seg fram. Men det er viktig å understreke at dette er studentar som er under utdanning, og ikkje ferdige kommunikasjonsarbeidarar. Dei treng rettleiing og støtte, så praksisbedrifene må ha kapasitet til å følgje opp og leggje til rette for læring. 

Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS har òg hatt praksisstudent denne våren. Kommunikasjonsdirektør Anne Selnes har hatt ansvar for program og oppfølging.

– Me har vore opptekne av å vise fram breidda i kommunikasjonsarbeidet. Alt frå dei praktiske oppgåvene i kvardagen til det meir overordna og strategiske arbeidet, og korleis me jobbar for å nå ulike målgrupper.  

Ho anbefaler kommunikasjonsavdelingar i området til å opne dørene for neste kull kommunikasjonsstudentar. 

– Del kunnskapen de har og vis fram alt det gode og spannande som skjer i kommunikasjonsfaget. Undervegs lærar de kanskje noko nytt, de òg.

Tekst: Camilla Larsen, praksisstudent ved UiS si avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.