Lesing er å kunne delta i sosiale praksisar

Lesing er ein samansett og kompleks prosess som i hovudsak handlar om å vera aktiv i høve til lesinga. I denne filmen ser me nærare på korleis lesing er ein del av det å delta i sosiale praksisar. Med eksempel frå 10. klasse som arbeider med munnlege ferdigheiter i form av organisert diskusjon i Debattkafé.

Published Sist oppdatert
Lesing er å kunne delta i sosiale praksisar.

Denne filmen er del 5 av filmen Lesing som grunnleggjande ferdigheit, som fokuserer nettopp på ulike sider ved det å lesa, alt frå engasjement i høve til tekst, til avkoding og forståing.