Hopp til hovedinnhold

Avdeling for klassisk musikk

Avdeling for klassisk musikk ved Fakultet for utøvande kunstfag, Universitetet i Stavanger, held til på sentrumsnære campus Bjergsted i hjartet av Bjergsted kulturpark, med Stavanger Symfoniorkester og Stavanger konserthus som næraste nabo.

Publisert: Endret:
Fakta
Studentar

Ca. 120

Tilsette

36

Stipendiatar

2

Desember 2019 inviterte Universitetet i Stavanger og Fakultet for utøvande kunstfag til sin årlege julekonsert i St. Petri kyrkje
Foto: Morten Berentsen

Det klassiske musikkmiljøet i Bjergsted er prega av internasjonal atmosfære.

Som student på klassisk musikk får du individuell undervisning i hovudinstrument og gruppeundervisning og i ei rekke supplerande fag. Studieåret er inndelt i timeplanfesta undervisning og prosjektveker. I prosjektvekene deltar studentane i kammermusikk, vokal- og orkesterprosjekt med meir. Det blir undervist i allmenne fag som teori, høyrelære og musikkhistorie i fyrste avdeling, i andre avdeling kan en velgje emner som spenner frå kreative samspellprosesser til entreprenørskap. UiS samarbeider med andre institusjonar både nasjonalt og internasjonalt, med gode moglegheiter for utvekslingsopphald i utlandet på fleire av studiane.  

Tett samarbeid med Stavanger Symfoniorkester  

Det klassiske musikkmiljøet i Bjergsted kulturpark er godt og tett, og prega av ein internasjonal atmosfære. Me bur vegg i vegg med Stavanger Symfoniorkester, og ei rekke av musikarane frå orkesteret er dei faste pedagogane våre. I Bjergsted finst òg kulturskulen, og til saman gjer dette eit vibrerande miljø med gode samarbeidsmoglegheiter. Fakultet for utøvande kunstfag er ein institusjon i akkurat passe storleik, for å sikra at studentane blir sett og får tett oppfølging i studiekvardagen.  

Samspel og konsertverksemd  

Samspel og konsertverksemd er ein fullt integrert del av studiekvardagen ved UiS. Studentane får delta i kammermusikkprosjekt, ensemble av ulik samansetning, opera-, kor og orkesterprosjekt og du blir utfordra på å bidra til organisering av produksjonar undervegs i studieforløpet.   

Internasjonalt anerkjente pedagogar  

I tillegg til høgt kvalifiserte og internasjonalt anerkjente faglærarar i eigen stab, får ein jamleg besøk av leiande pedagogar frå inn- og utland som kjem til Stavanger og har masterclasser. Som klassisk student har du studiekvardag saman med m.a. utøvande jazz- og dansestudentar – ein unik kombinasjon av samla fagtilbud i Noreg. 

Kontakt

Telefon: + 47 51 83 40 00 
E-post: bjergsted@uis.no 

Besøksadresse
Bjergsted 1 
4007 STAVANGER 

Åpningstider i ekspedisjonen 
Måndag, onsdag og fredag: 
10:00-11:30 og 12:00-14:00. 
Stengt i lunsjen: kl. 11.30–12.00. 
Tysdag og torsdag: stengt.  

Postadresse
Universitetet i Stavanger 
Fakultet for utøvende kunstfag 
4036 Stavanger 

Finn fram (Mazemap)

Fagmiljø og tilsette ved Avdeling for klassisk musikk

51832866
Avdeling for klassisk musikk
Avdelingsleder

Frå årsstudium til PhD

Studier

Avhengig av kor langt den enkelte studenten har nådd i studieforløpet sitt så vektlegg me på UiS at du skal utvikla den personlege musikalske stemma di. På årsstudium og bachelor blir fundamentet lagt for ei livslang utvikling innanfor utøvande musikk. På vidareutdanning, master og Postgraduate Diploma vil det i stigande grad vera fokus på å utvikla spesialisert kunnskap retta inn mot ein fleksibel arbeidsmarknad. Det er òg mogleg å ta PhD i utøvande musikk

Du kan velja klassisk som studieretning i alle studiane våre i utøvande musikk.

Studier

ved Fakultet for utøvande kunstfag