Hopp til hovedinnhold

Back to Blood: Pursuing a future from the Norse Past

Korfor blir vikingar og norrøn fortid stadig meir populært?

Publisert: Endret:

Tingvatn
Tingsted ved Tingvatn Fornminnepark.
Foto: Lasse Norlemann Mathiesen

I dette NFR-finansierte forskingsprosjektet (FRIPRO) med Linköping Universitet som prosjektpartnar, ser vår tverrfaglege forskargruppe på konsekvensane av at ulike kulturelle aktørar møter etterspørsla etter vikingar og norrøn fortid. Prosjektet starta opp i august 2020 og varer til juli 2024. Norsk tittel er "Tilbake til blod: Å finna ei framtid i norrøn fortid".

Hypotesen i «Back to Blood» (BTB) er at kulturelle og spirituelle produkt relaterte til norrøn fortid heng saman med at folk er opptekne av berekraft, identitet og medborgarskap. Slike produkt er til dømes TV-seriar, filmar, dataspel, musikk, festivalar og vikingmarknader, så vel som nye måtar å formidla og bruka norrøn fortid på i museums-, skole- og reiselivssektoren.

Om prosjektet Back to Blood

bifrost
Foto: Anne Kalvig

Kva er samanhengen mellom viking-kampsport, berekraft og grønt medborgarskap i 2020?

Vikingar er meir populære enn nokon gong før. "Back to Blood: Pursuing a Future from the Norse Past" (BTB)/ "Tilbake til blod: Å finna ei framtid i norrøn fortid" vil finna ut korfor. Hypotesen vår er at framstillinga av kulturelle og spirituelle produkt relatert til vikingar og norrøn fortid, handlar om berekraft, identitet og medborgarskap. For nokre representerer det ein spirituell lengt etter ei berekraftig framtid, der nye modellar for spirituell samhandling heng saman med øko-medborgarskap - nye, grøne måtar å leva og vera knyta i saman på. For andre er maskuliniserte og kvit makt-aspekt ved heidenskap, blodlinjer og nasjonale identitetar sentralt. Dette trugar fredelege og egalitære løysningar på globale utfordringar som knappe ressursar og ulikskap. Me vil undersøka kva produkt og motiv som opptrer kor, og korfor. Det vil seia at me vil kartlegga korleis og forklara korfor nåtidig interesse for berekraft, identitet og medborgarskap fører til ein auka kulturell og spirituell etterspørsel etter vikingar og norrøn fortid, og konsekvensane av at ulike kulturelle aktørar møter dette behovet.

Forskargruppa vår er tverrfagleg og undersøker norrøn fortidspopulariteten gjennom fem case-studiar. Me nyttar digitalt, arkiv- og etnografisk materiale. Me utforskar festivalar og lydlandskap, digitale media og spirituelle rørsler, museum, utdanningssektoren og bruk av arkeologi, historie og reenactment, og kampsport. Me undersøker desse felta sine relasjonar til spiritualitet, øko-medborgarskap, kjønn, identitet og høgreekstreme krefter, og såleis dekker me både breidde og djupn ved dette aukande, globale fenomenet. Funna våre vil kunna nyttiggjerast av aktørar på og brukarar av feltet, der informerte og konstruktive måtar å handtera lengsla etter norrøn fortid på, også kan opna opp for nye svar for ein berekraftig livsstil.

  • Gregorius, F. (2020) “Feminist Vikings, Ecological Gods, and National Warriors: The Reception of Old Norse Religion and Culture in Sweden”. In Nicolas Meylan and Lukas Rösli (eds.): Old Norse Myths as Political Ideologies: Critical Studies in the Appropriation of Medieval Narratives. Turnhout: Brepols Publishers. 155-173. https://doi.org/10.1484/M.AS-EB.5.120091.
  • Økstra, A. (2022) Hands On: Hvordan formidle og forstå historisk håndverk og hendene bak håndverket? Inspirasjonsseminar for Urnes Verdensarvsenter, Fortidsminneforeningen. 13. juni 2022.
  • Skjoldli, J. (2022) Vikings in Video Games: Gaming Avatars and Martial Virtual Prowess between Masks and Manifestations. Vitenskapelig foredrag ved MARS Hub: Martial Arts and Religious Studies Hub, Universitetet i Stavanger. 15. mai 2022.
  • Skjoldli, J & Haugmåne, K. (2022) Norges evige kriminelle konge: Om kriminalitetens plass i vår samtids populærkulturelle vikingkonsept. Vitenskapelig foredrag ved CHAOS symposium 2022, Universitetet i Stavanger. 7. mai 2022.
  • Skjoldli, J. (2022) Playing the Afterlife: Does Valheim teach Contemporary Heathenry? Network for the Cultural Study of Videogaming. 29. april 2022.
  • Skjoldli, J. (2022) Virtual Gods of Nature? Spiritual ecology in Hellblade: Senua's Sacrifice and Assassin's Creed: Valhalla. Inaugural Conference on Ecological Spiritualities. Harvard Divinity School, Harvard University. 30. april 2022.
  • Skjoldli, J. (2022) Vikinger som Populærkultur. Populærvitenskapelig foredrag på Kulturkveld ved KUBEN, Aust-Agder Museum og Arkiv. 27. april 2022.
  • Skjoldli, J. (2022) "Det er hardt å være mann". Programdeltakelse om den nye filmen Villmenn og vikinger i populærkulturen, NRK P2. 19. april 2022.
  • Skjoldli, J. (2022) Virtuelt religiøs? Ritualisering i norrøninspirerte dataspill. Vitenskapelig foredrag ved Stockholms Universitet. 10. februar 2022.
  • Skjoldli, J. (2021) Virtuelle Vikinger. Tirsdagsforedrag ved Arkeologisk Museum. 26. oktober 2021.
  • Kalvig, A., Makeeff, K. T. T. & Økstra, A. (2020) Back to Blood. Tirsdagsforedrag ved Arkeologisk Museum.
  • Makeeff, K. T. T. (2021) Jeg hedder Folkví. Historisk konsulent i roman av Maria Hesselager. Forlaget Gutkind (Danmark).

Tidligere relevante mediebidrag:

Forskarar med bakgrunn frå religionsvitskap, kulturstudiar og sosialantropologi er med i forskargruppa. Back to Blood er knyta til Bachelor i Religion, kultur og samfunn, lektorprogram i humanistiske fag, samt PhD i utdanningsvitskap og humaniora, forutan til The Greenhouse.

Greenhouse
Førsteamanuensis
51831469
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Jane Skjoldli
Playing with the Gods: Reception of Norse-inspired music, movies, and digital games among modern Heathens

Jane Skjoldli sitt forskarprosjekt handlar om korleis moderne norrøninspirerte heidningar brukar, tolkar og opplever skildringar av vikingtid og norrøn religion i dataspel, filmar og TV-seriar. Skjoldli nyttar ulike metodar, mellom anna digital undersøking, medieanalyse og feltarbeid, og undersøkinga skal munna ut i ei bok.

Prosjektet handlar om resepsjon i vid forstand, som selektiv gjenvinning og kreativ gjenbruk av før-eksisterande materiale, og konstruksjon av religiøse verder og verdiar. Korleis interagerer moderne heidningar med populærkulturelle produkt som både kjem av og bidreg til kommersialisering av eit materiale som er nært og kjært for mange av dei? Kva lyttar norrøninspirerte moderne heidningar til, kva ser dei på, og speler? Kva ser dei som meir og mindre relevant og kompatibelt med korleis dei sjølve ser på norrøn religion, vikingar, og resepsjon av kjeldemateriale frå og om norrøn tid?

Prosjektdeltakarar og deira prosjekt

Fredrik Gregorius
Fyrsteamanuensis i religionsvitskap, Linköping Universitet
Fredrik Gregorius
The Landscape of the gods: Negotiating the role of place and meaning in Viking archaeological sites and museums

Fredrik Gregorius’ prosjekt undersøker plassar assosierte med vikingtids kultur og religion og korleis seinare skildringar av desse og den tydinga plassane blir gjevne, speglar ideologiske konstruksjonar som viser korleis me forholder oss til nordisk kultur. Gregorius spør mellom anna korleis resepsjonen av det norrøne blir påverka av rådande idear om skandinavisk etnisk identitet og kulturarv.

Prosjektet undersøker korleis statleg finansierte museum og arkeologiske utgravingar presenterer vikingtida, men også korleis moderne heidningar og nasjonalistiske grupper ser på dei same plassane og kva ideologiske fortellingar som blir konstruerte kring dei. I tråd med nyare debatt om kvinners rolle i vikingsamfunnet, blir kjønn og endra ideal for mannlegheit og kvinnelegheit sentralt emne, og korleis dette samverkar med endra oppfatningar om kultur og etnisk identitet. Eit anna sentralt spørsmål er korfor dei undersøkte plassane framleis er så omdiskuterte og tydingsfulle. Forutan historisk forsking vil prosjektet nytta feltarbeid i både Norge og Sverige. Mellom plassane som vil bli undersøkte, er Uppåkra arkeologiska centrum, Lofotr vikingmuseum og Gamle Uppsala, og prosjektet vil munna ut i ei bok og artiklar.

Ekstern uten utbetaling
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Tao Thykier Makeeff
Wrestling with the Past, Fighting for the Future: Viking Martial Arts and Religious Identities

Tao Thykier Makeeff sitt post dok-prosjekt (2020-2022) handlar om vikingrelatert kampsport og korleis dette forholder seg til tema som kroppslegheit, kjønn, verdigheit og tilhøyrsle, spiritualitet, heilag stad/plass, landskap og natur, og grensetrekking opp mot nasjonalistiske agendaer.

Prosjektet vil undersøka samspelet mellom bruk av nordisk historie hos kampsportlærarar og det varierte spekteret av konstruksjonar kring religiøse og spirituelle identitetar hos samtidige heidningar, re-enactors og andre individ som ofte ikkje passar inn allereie etablerte, analytiske kategoriar. I prosjektet undersøker Makeeff korleis det å trena kroppen innanfor historisk kampsport kan skapa kjensler av kroppsleggjorte band til fortida, til naturen og til landet ein lever i, og korleis dette kan utgjera metodar for å sakralisera rom, erfara einskap med andre og med landskapet, og finna ny verdigheit gjennom kroppsleggjorte, historiske og miljørelaterte narrativ. Desse perspektiva vil kasta nytt lys på korleis religion, ritualisering og fysisk trening samverkar, og adresserer aktuelle emne som økologisk medvit, kjønn og politiske syn. Prosjektet vil resultera i tre vitskaplege artiklar.

Stipendiat
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Anna Økstra
Materialer, objekter og håndverk som virkemidler i fremtidens formidling (arbeidstittel)

Anna Økstra sitt doktorgradsprosjekt (2020-2023) tematiserer den tradisjonelle/historiske håndverkerens rolle i museumsformidling og i tolkningen av arkeologiske gjenstander. Denne undersøkelsen er todelt: hvordan er håndverkere involvert i utviklingen av museumsutstillinger og historieformidling, og hvor synlig er den originale håndverkeren som laget gjenstanden for tusen år siden?

Ved å bruke en etnografisk og autoetnografisk tilnærming ser Økstra på kunnskapsutvikling og kunnskapsutveksling mellom håndverkere og museet ved å bruke sin erfaring innen både tradisjonelt/historisk håndverk og museumsformidling. For å forstå hvordan nåtidige historiske håndverkere tolker og tilegner seg informasjon om arkeologiske gjenstander, har hun gjennomført intervjuer og observer arbeidet deres. Den innhentede informasjonen kan føre til ny forståelse av fortidens materialer, objekter og håndverk, men også gi oss informasjon om hvordan denne kunnskapen kan brukes til å oppnå en ny forståelse av bruken av taktil formidling i museene.

Professor
51831349
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Anne Kalvig (engasjement avsluttet)
Midgardsblot: Spirituality, Ecology and Bureaucracy

(Prosjekt overtatt av Skjoldli og Gregorius, 1. juli 2022)

Dette prosjektet er ein analyse av korleis den kombinerte viking og metal-festivalen Midgardsblot i Borre i Vestfold representerer nye forståingar av spiritualitet og økologisk medvit, og dei byråkratiske og politiske prosessane dette inngår i. Det er såleis ei undersøking av korleis sekulær og offentleg sektor (som fylkeskommune) inngår i samspel med kunstnarlege, populærkulturelle og spirituelle aktørar og trendar, og korleis dei involverte vurderer desse prosessane og festivalen som ein hendingsbasert arena innan rammene av ein norrøn funnplass som Borre.

Studien nyttar arkivmateriale frå oppstarten av Midgardsblot i 2015 og frametter og feltarbeid på og kring festivalen i 2018, 2019 og 2021, med digitale undersøkingar for året 2020 då festivalen måtte avlysast. Deltakarane på Midgardsblot kjem frå heile verda, og dermed er vidare spørsmål i studien korleis ein regionalt framforhandla og tydingsfull festival gjev seg utslag i global, digital kommunikasjon og identitetsbygging utanom festivalvekene. Studien skal resultera i artiklar og ei bok. 

Les meir om norrøn tid og moderne vikinginteresse:

Foto: Lasse Norlemann Mathiesen

Fikk oppleve stedene de leser om i pensum

Religionstudenter ved UiS og Misjonshøgskolen har ved flere anledninger reist til Israel og Vestbredden. – Turen har git...

– Skoler bør bruke religiøse høytider i undervisningen

– Markering av ulike religiøse og kulturelle høytider kan bidra til å gjøre elevene til gode samfunnsborgere, mener reli...

Humaniorastudentane får praksis

For første gang kan humaniorastudentar no gå ut i praksis medan dei studerer ved UiS.

Praksis for humaniorastudentar

Våren 2019 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang praksis som del av studiet for bachelorstudentar i humaniora...