Bli med og dyrk poteter på campus!

Potetene dyrkast i Studentparken og serverast på eit ope arrangement på universitetet til hausten. Kortare reis blir det ikkje.

Published Sist oppdatert
Nypoteter
Frå fjorårets potetsetting.

Det er stipendiat Sasan Zarghooni-Hoffmann som har tatt initiativ til dyrkinga. Med seg på laget har han studentar og tilsette ved UiS. Zarghooni-Hoffmann ville lære meir om korleis me kan auke sjølvforsyninga.

– Målet er at me som individ, utan særleg kunnskap om jordbruk, skal lære saman. Korleis kan me dyrke eigen mat? seier han.

Prosjektet starta i fjor og førast vidare i år. Etter at potetene er tatt opp av jorda, serverast dei på eit ope arrangement på Universitetsbiblioteket. Ekstra kortreiste poteter. Under potetarrangementet delast erfaringar frå dyrkinga.

Grønt stipend

Prosjektet har fått midlar frå ei ny ordning med grøne mini-stipend, ein del av UiS si satsing på grøn omstilling. Målet er at dei som brenn for berekraft skal ha lav terskel for å sette i gang eigne prosjekt på UiS. Sasan Zarghooni-Hoffmann er ein av dei som har søkt om midlar. Han har som målsetting at fleire blir medvitne behovet for å kunne dyrke eigen mat.

Erfaringa frå fjorårets prosjekt er god. Zarghooni-Hoffmann var særleg nøgd med erfaringsutvekslinga i etterkant.

– Det var utruleg kjekt å la bønder med ekte erfaring få dele kunnskapen sin, og ikkje minst at me fekk smake på potetene, seier han.

I pallekarmar

I fjor stilte Statsbygg eit jordstykke på 90 kvadratmeter til rådigheit for potetdyrkarane. I år sett driftsavdelinga ved UiS opp pallekarmar i Studentparken ved Lyspæren (innovasjonshuset på Ullandhaug). Også Kafé Optimisten, ein del av Studentsamskipnaden i Stavanger, er med. Dei sørger for at potetene blir til eit smakeleg måltid.

– Dette handlar om mattryggleik og læring om urbant jordbruk. Tørke, nedbygging av jordbruksland, krigar og sikkerheitsbiletet elles gjer oss sårbare for fall i matforsyninga. På same tid er det eit tilbakeblikk på det som føregjekk i Oslo i krigsåra, der parkar og universitetsområde vart omdisponert for jordbruk, seier Zarghooni-Hoffmann.

Han vil vise kor enkelt det er å plante poteter. Og kor skuffande det er om avlinga slår feil.

– Me kan inspirere fleire til å ta slike initiativ saman med andre, til å ha respekt for den aktiviteten som er grunnlaget for sivilisasjonen. Du kan få det til utan å kjenne så mange, og du kan ha det morosamt samstundes.

Potetene som settast 3. mai er klare i september/oktober. Prosjektet er opent for alle som vil vere med, anten det er i planting, hypping, vanning, høsting – eller berre eting.