På studietur i den digitale verkstaden

Lærarar frå Kroatia tok turen til Universitetet i Stavanger for å læra meir om korleis me jobbar med teknologi i utdanninga.

Published Sist oppdatert
Folk samlet på en skolelab.
Inge Christ (til høgre) og Mari Mæland Nilsen (sitjande til venstre) frå Skolelaboratoriet i realfag tok imot ein delegasjon frå skular i Kroatia. Dei hadde teke turen til Stavanger for å læra meir om korleis me jobbar med å styrkja realfagsutdanninga i grunnskulen.

didaktisk digital verkstad (DDV) fekk dei mellom anna prøva seg på fargekoding for å manøvrera ein liten robot gjennom ein labyrint. Bakgrunnen for besøket frå delegasjonen frå Vrgorac i Kroatia er samarbeidsprosjektet Strengthening STEM skills in primary schools and development of regional science centres for STEM education in primary schools. Prosjektet blir leidd av dei kroatiske partnarane, og målet er altså å styrkja realfagsutdanninga i grunnskulen.

STE(A)M

STEM står for science, technology, engineering and mathematics. Nokre gonger blir det også lagt til ein A for arts.

For å visa korleis norske lærarar vil jobba med STE(A)M i åra som kjem, viste tre av masterstudentane ved Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk fram noko av det dei driv med på DDV. Her har dei alt mogleg utstyr frå spelemaskiner, dronar og kodeutstyr, til VR-briller og teiknebrett.

Ida Brørup Alkærsig tek ei master i historie. Ho presenterte prosjektet "Linz – learning about STEAM and mazes". Ho har koda korleis folk kunne ha bevega seg gjennom ein mellomalderlabyrint.

– Stort løft

Prosjektet er EØS-finansiert med ei ramme på 4 millionar kroner.

– Dei tre kroatiske skulane som er med i prosjektet har fått eit enormt løft utstyrsmessig, seier Inge Christ ved Skolelaboratoriet i realfag.

Saman med kollegaene ved Skolelaboratoriet har han reist på fleire besøk til kvar av dei tre skulane i prosjektet, mellom anna for å gi lærarar og elevar opplæring i bruk av nytt laboratorieutstyr. I løpet av heile prosjektperioden er det sett av heile ni besøk ved kvar skule.

Prosjektet varer til mars 2024.

Tekst og foto: Kjersti Riiber