UiS og krigen i Gaza

Krigføringa i Gaza påverkar studentar og tilsette ved Universitetet i Stavanger og skaper sterkt engasjement. På denne sida finn du informasjon om korleis UiS forheld seg til krigen.

Publisert Sist oppdatert

Et barn i ruiner løfter et teppe
Eit born fotografert i Gaza. (Foto: Pixabay, Hosny Salah)

Kvar og ein av oss er sterkt prega av den brutale krigføringa i Gaza og vi lid med ofra. Øydeleggingane og dei menneskelege kostnadane er ufattelege. Rektor Klaus Mohn og UiS står i solidaritet med ofra. Våre tankar går til dei som har mista livet, deira etterlate, og dei som no lever i liding og frykt.

UiS har tilsette og studentar frå både Israel og Palestina. Det er færre enn fem tilsette. Hausten 2023 hadde vi 8 studentar med palestinsk statsborgarskap. Desse går på norskspråklege studieprogram.

Det kan vere studentar og tilsette ved UiS frå Israel og Palestina som er registrert med anna statsborgarskap.

Studentar og tilsette blir følgde opp

Våre tilsette blei umiddelbart kontakta etter terrorangrepet på Israel 7. oktober 2023 og den påfølgande krigføringa i Gaza. Tilsette blir følgt opp av sine leiarar.

I januar 2024 tok vi imot seks innreisande utvekslingsstudentar frå Nablus, Palestina. Desse studentane blir følgt opp av fakultetet sitt og Nablus-foreininga i Stavanger.

Vi har ingen innreisande studentar frå Israel, og vi har ingen utreisande studentar til dei berørte områda.

I forkant av styremøte 14. mars vart det sendt eit ope brev frå tilsette om akademisk boikott av Israel til rektor og universitetsstyret. Under kan du lese om UiS sine aktivitetar knytt til Palestina og Israel, som også var ei orienteringssak i Universitetsstyrets møte 14. mars 2024.

UiS sin innkjøpspolitikk knytt til Israel

Økonomi- og IT-avdelinga har fått henvendelsar frå tilsette som lurer på om Israels krigføring på Gazastripa får konsekvensar for vår innkjøpspolitikk.

Universitetsbiblioteket i Stavanger
UiS følgjer anbefalingar frå myndigheitene.

Som offentleg verksemd må UiS forhalde seg til nasjonale myndigheiter, og følgjer deira anbefalingar og retningsliner. Hittil er det ikkje innført statleg boikott mot Israel. 

UiS forheld seg til DFØs retningsliner for innkjøp, og anbefalingar frå Etisk Handel Norge. Vi følgjer opp våre leverandørar i tråd med anbefalingar frå DFØ og deira rettleiing for offentlige anskaffing.  

Nokre tilsette har spurt spesifikt om det er mogleg å kjøpe ny pc som erstatning for dagens HP-maskin. Årsaka er at HP blir kritisert for å levere teknologi som brukast av Israel i krigføringa i Gaza. UiS har per i dag ikkje alternativ innanfor universitetets innkjøpsavtalar som vil tilfredsstille dette ønskje.  

UiS sine samarbeid med Israel og Palestina

UiS har i mange år hatt samarbeidsavtalar med Israel og Palestina.

An-Najah National University i Nablus

UiS har i mange år utveksla studentar og tilsette med An-Najah National University i Nablus i Palestina. Nablus har vore venskapsby med Stavanger sidan 1996. Det er ingen utreisande studentar per no grunna UD sin reiseinformasjon. Ein student fekk tilbod om utveksling hausten 2023, men dette vart kansellert grunna UD frårådde alle reiser på det aktuelle tidspunktet.

Les artikkel i Forskerforum: Norske universiteter bryter Israel-samarbeid. Det blir internasjonal boikott-bevegelse oppmuntret av, med kommentar frå prorektor Marte Solheim.

Vi har lagt ned stor innsats i å framleis få dei innreisande studentar til å kome til UiS, og det kom seks innreisande studentar i januar 2024. Desse er utvekslingsstudentar på UH-fakultetet og skal vere her eitt semester.

Tidlegare innreisande studentar: vår 2023: Fire studentar, vår 2022: to studentar, vår 2021: tre studentar vår 2020: tre studentar og vår 2019: ein student. Ingen utreisande studentar i perioden 2020–2023.

Vi har i tillegg ein samarbeidsavtale med Palestine Ahliya University gjennom NORPART-prosjektet AIESI (Applied Informatics for Energy System Integration). Prosjektet starta i 2021 og har sluttdato i desember 2026.

Samarbeid med Universitetet i Haifa i Israel

UiS har også ein samarbeidsavtale med Universitetet i Haifa. Denne bilaterale avtalen går på utreisande studentar og gjeld bachelor i sjukepleie (praksisopphald). Ingen utreisande studentar per no grunna UD sin reiseinformasjon. Ein student fekk tilbod om praksisopphald våren 2024, men dette vart kansellert grunna dagens situasjon. Grunna dei urolege tidene og reiseforbod, er denne avtalen fjerna som anbefalt mogleg destinasjon for våre studentar per no.

Tidlegare tal syner totalt 28 utreisande studentar i perioden 2013–2019, og ein student våren 2023.

Forskingssamarbeid

På forskingssida, er det i våre økonomisystem, registrert eitt prosjekt med Israel Chemicals Ltd (ICL Group). Prosjektet Polysulfate feasibility study er tilknytt Institutt for energiressurser ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet.

Kva kan du som tilsett gjere?

UiS støttar ytringsfridom og meiningsmangfald og ønsker at tilsette og studentar engasjerer seg.

Stående debattleder og sittende deltakere foran publikum
«Kvinner, liv, fridom» var tema på Universitetsbiblioteket november 2022.

Universitet skal vere ein fellesarena for frie ytringar, meiningsmangfald og samfunnsdebatt. Det er ynskjeleg at flest mogeleg studentar og tilsette skal syne solidaritet, omsyn og respekt og ytra sine politiske verdiar og syn. Som eit ope universitet skal vi vere ein open debattarena for alle samfunnsspørsmål.

Her er nokre måtar tilsette kan engasjere seg på:

Skrive ein kronikk

Ønskjer du å skrive ein kronikk, men ikkje heilt veit korleis du skal gå fram, kan du få støtte frå kommunikasjonsrådgjevarar ved UiS. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar på ditt fakultet eller eventuelt med team for forskingskommunikasjon: Karen Anne Okstad eller Elin Nyberg.

Ekspertliste for krig og konflikt

UiS har ei ekspertliste for krig og konflikt slik at media kan ta kontakt for kommentarar frå våre forskarar. Ta kontakt med ein kommunikasjonsrådgjevar om du vil stå på lista. Sjå også samlesida for våre ekspertlister meint for media: Finn ein forskar på ekspertlistene våre.

Panelsamtale på Universitetsbiblioteket

Dersom du ønskjer å legge til rette for ein debatt eller arrangere noko som kan ha interesse for eit breiare publikum, kan du få hjelp og støtte frå arrangementsansvarlege ved Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved Camilla Larsen eller Børre Jakobsen eller Universitetsbiblioteket ved David Sviland.

Her er eksempel på arrangement som er realisert etter initiativ frå tilsette:
Korleis møte den raskt voksande internasjonaliseringa ved norske universitet?
Ansattes og studentenes fortellinger frå Iran gjorde inntrykk

Retningsliner for støtteerklæringar og flagging

UiS har rutinar for flagging, støtteerklæringar og andre markeringar ved store hendingar og konfliktar i verda.

Alle verdas land.

Det er mange saker ein kan ha ei meining om, støtte eller fordømme. Vi har kome fram til at det ikkje er vår rolle som institusjon å kome med støtteerklæringar og fordømmingar. Hovudregelen på UiS er at vi som universitet ikkje skal stå fram i institusjonen sitt namn for å ta avstand frå ulike krigar og undertrykkande regime. Vår rolle er å leggje til rette for ytringsfridom og meiningsmangfald. Vi ønskjer blant anna å legge til rette for ein open debattarena for alle samfunnsspørsmål. På den måten kan vi engasjere oss til dømes for kollegaer og studentar i land der utdanning og forsking har vanskelegare kår enn i Norge.

Dersom universitetet er direkte involvert i hendinga, vil vurderinga vere annleis.

Rutine for flagging ved UiS

UiS har fem flaggstenger på rad utanfor Arne Rettedals hus. Den midterste fungerer som hovudflaggstong.

Det samiske flagget.

Desse reglane gjeld:

  • Norsk flagg (statsflagget – med splitt og tunge) heisast på hovudflaggstonga på alle offisielle flaggdagar. Eit unntak, sjå neste punkt.
  • Samefolkets nasjonaldag, 6. februar: Det norske statsflagget heisast på stong nummer to, samtidig som det samiske flagget heisast på stong nummer fire.
  • Andre faste flaggdagar: Semesteropning, årsfest. Då brukast vanleg flagg (handelsflagg/festflagg) på hovudflaggstonga og UiS-flagg på dei andre.
  • Open dag: UiS-flagg på alle stengene.
  • Forskningsdagane – eigne flagg/banner, på bestilling frå Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt (AKS).
  • Skeivå Rogaland Pride: UiS-flagg på stong nummer to og regnbueflagg på stong nummer fire, i perioden festivalen pågår.
  • Handelsflagg/festflagg (nasjonalflagg) på halv stong ved gravferd av tilsette, studentar og andre personar med sterk UiS-tilknyting.
  • Andre lands flagg kan heisast ved sida av det norske flagget av omsyn til internasjonal høflegheit (formelle besøk av typen ambassadørar, statsleiing osv.). Flagga heisast på enkelte dagar. Avklarast med Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt (AKS).
  • Unntak frå flaggrutina må godkjennast av AKS. Rektor ønsker ein restriktiv praksis.

Trenger du nokon å snakke med?

Nokre kan vere emosjonelt påverka av krigen i Gaza og kjenne eit behov for å snakke med nokon.

To kvinner sitter med hendene foldet.

Tilsette som er berørt av krigen kan ta kontakt med sin nærmeste leiar. Dei kan også kontakte Bedriftshelsetenesta (se HMS-håndboka på intranett).

Studentar som er berørte av krigen, kan benytte seg av følgande tilbod:

Samtaletime

Dersom du har samtalebehov kan du booke samtaletime hos Studentsamskipnaden. Dersom det hastar med å få hjelp fins det fleire hjelpetilbod for studentar som kan vere til nytte.

Studenttelefon

Studenttelefonen er eit gratis og anonymt lavterskeltibod for alle studentar og elevar som treng nokon å snakke med. Vi har god kjennskap til studentlivet, og vi har tausheitsplikt. Telefonen er nattopen frå kl. 17:00–07:00 kvar dag. Den er open både på kvardagar, i helgane og på helligdagar. Ring 116 123, og trykk «3».

Studentprest

UiS har også ein eigen studentprest. Studentpresten kan vere til støtte for deg som er student når du opplever at noko er krevjande.

Regjeringa si handtering av konflikten

Oversikt over regjeringa si handtering av konflikten i Israel og dei palestinske områda.

Grå røyk stiger opp over utbombet by

På regjeringa sine nettsider finn du ei oversikt over saker som gjeld Israel/Gaza-krisen.