Korleis møte den raskt voksande internasjonaliseringa ved norske universitet?

Haustens internasjonaliseringsdebatt har gått heitt for seg på Twitter og i Khrono. Nyleg vart den flytta "live" til Stavanger. Den handla mykje om at akademia må ta grep for å ivareta betre dei internasjonale tilsette, norsk fagspråk og eigen kunnskapsbank.

Published Sist oppdatert

Paneldeltakarar på scena
Tom Hetland styrte debatten på Påfyll i Stavanger med Cecilie Hellestveit, Rune Todnem By, Ulrich Dettweiler, Ingrid Reymert og Klaus Mohn.

Dei seinare åra har talet på  internasjonale tilsette ved universiteta auka. Det er store forskjellar frå fag til fag, og det er blant stipendiatar og post-doktorar at aukinga har skjedd raskast.

Tala frå UiS viser ei auking av internasjonalt tilsette frå 18 til 27 prosent på fem år. På få år har altså universitetet dobla talet på internasjonale, frå 300 til nærmare 600.

I debatten Internasjonaliseringen av norsk akademia – hvor går veien videre? som vart leia av Tom Hetland, møtte UiS-rektor Klaus Mohn Cecile Hellestveit, forskar ved Folkerettsinstituttet, som tidleg i haust peika på at internasjonalisering ikkje berre har positive sider for eit lite land som Noreg.

I panelet satt også Ingvild Reymert frå Institutt for samfunnsforsking og UiS-forskarane Rune Todnem By og Ulrich Dettweiler, begge med erfaring frå andre land og universitet, kor sist nemde er frå Tyskland.

Her kan du sjå debatten som vart arrangert av UiS, Kåkå og Khrono og strømma frå Påfyll.

Eit varsko

– Eg vil rope eit varsko i tide, slik at vi kan justere kursen før det er for seint, forklara Hellestveit innleiingsvis.

Ho vart i desember 2021 kåra til årets namn i akademia av Khrono etter at ho hadde fremja sine kritiske spørsmål knytt til internasjonaliseringa. Det provoserte fleire internasjonale og norske forskarar.

Hennar hovudpoeng er at Noreg er eit lite land som har ein liten språkkultur.

– Vi forvaltar landet vårt annleis enn det andre, større land, gjer. Vi treng akademia også som ein kunnskapsbank for det norske samfunnet, spesielt innanfor fagmiljøa samfunnsvitskap og humaniora, framheldt ho. 

Norske og utanlandske formidlar like mykje

Eit av dei tidlegare utspela til Hellestveit handla om at internasjonale forskarar i mindre grad forskar på og har omsyn med norske tilhøve, og at dei ikkje formidlar forskinga si ut til det norske folk i same grad som norske forskarar.

Dette kunne samfunnsforskar Ingvild Reymert stadfeste ikkje er riktig. Hennar forsking viser at det er stor variasjon mellom fagområda, og at dei mest aktive formidlarane finst blant samfunnsvitarar og humanistar. Ho viste til ei undersøking frå 2013 som viser at det er liten forskjell mellom norske og internasjonale forskarar når det gjeld det å formidle.

Hellestveit takka for faktagrunnlaget, men måtte presisere kva hennar kritikk handla om. Ho meiner det er ein fare for at det skjer ei utarming av det norske systemet dersom internasjonale forskarar får for stor dominans innan spesielt samfunnsvitskaplege fag og humaniora-faga. Hennar hovudpoeng er at akademia i Noreg har ein annan funksjon enn i Tyskland, Frankrike og Storbritannia.

 – Norsk akademia utdannar statsmaktene våre og vi ser at vi på nokre område begynner å få mindre kompetanse. Det har noko med internasjonaliseringa å gjere at vi har fått eit svakare miljø innan folkerett til dømes. Noregs fagmiljø må forvalte den norske folkeretten.

Hellestveit peika på at når ein orienterer akademia inn mot ein global kunnskapsbank, så går det utover den lokale.

– Vi er eit veldig rikt land. Vi har råd til å drive mykje meir kunnskapsgenerering. Hente inn topp-forskarar. Skape internasjonale forskarmiljø. Men vi kan ikkje la den delen gå på bekostning av ein kunnskapsbank om det norske samfunnet.

Må justere kursen

Klaus Mohn på si side held fram at internasjonaliseringa ikkje er eit mål i seg sjølv, men noko vi gjer for å heve kvaliteten i alt vi gjer. Ifølge rektoren har dei internasjonale tilsette ved UiS bidratt til å løfte universitetet ganske vesentleg.

– Alt i alt ser eg internasjonalisering som eit gode. Men, om vi ser at internasjonalisering er motsett, ikkje gjer oss betre, då må vi stoppe opp og justere kursen.   

Mohn peika på at internasjonaliseringa ved UiS har gått veldig raskt, og at vi ikkje har klart å ta inn over oss kva dette inneberer, verken når det gjeld drifta av verksemda eller korleis vi skal ivareta rekrutteringa og sørge for at dei tilsette blir godt integrert i arbeidsmiljøet og i samfunnet.

– Det må vi ta tak i. Vi må gjere nokre justeringar. Vi må tenke over vegen vidare.

Må lære seg norsk

Mohn legg ikkje skjul på at eit springande punkt er om dei internasjonale lærer seg norsk.

– Det er språk dette handlar om, det handlar ikkje om kor folk kjem frå.

Ulrich Dettweiler peika også på at det norske språket er ein viktig nøkkel, og at det ikkje er lett for tilsette å lære seg norsk når kursa er på kveldstid og ein elles er fullbooka med krav om undervisning, forsking, rettleiing og administrasjon. Han meiner ein må sette inn fleire tiltak for å betre norskopplæringa av internasjonale forskarar.

Dettweiler fortalde at han har opplevd at språk blir brukt som maktmiddel. Når det blir snakka på dialekt og det går fort, så er det vanskeleg å forstå.

– Referat som skrivast på nynorsk i ei gruppe der berre ein snakkar norsk. Kva er det? Nynorsk-fetisjisme, meinte Dettweiler.

Ivareta dei internasjonale på ein god måte

Paneldeltakar Rune Todnem By er ein av dei som har kritisert Hellestveit i sine utspel i Khrono, og då spesielt fordi hennar uttalelsar har såra mange internasjonale kollegaer som har vorte provosert og følt seg direkte ramma av kritikken. Han tok til orde for at nokon burde seie unnskyld – inkludert rektor Klaus Mohn, som gjekk ut og ga si støtte til at Hellestveit vart kåra til årets namn i akademia.

Todnem Bys største bekymring er at norsk akademia ikkje møter dei internasjonale på ein god måte. Trass i at dei er mange – 30 prosent er internasjonale tilsette på UiS til dømes – er dei ikkje i særleg grad representert høgare opp i systemet som professorar og i leiing.

Mohn, som har erkjent at UiS har vekstvanskar og som skal sjå til at internasjonaliseringa skal bli betre ivaretatt framover, vil ikkje inn i ein debatt der ein hamnar i grøfta.

– Om eg skal vise empati, er det eit slags blindspor. Dette kjennes ikkje bra. Eg er for ein debattkultur der vi er rause mot kvarandre og konsentrerer oss om dei store spørsmåla, sa Mohn som også meinte at betre representasjon av internasjonale i professorat og leiing nok kjem til å endre seg om 10, 20 år.

Ikkje engelsk på bachelor

Mohn har ved fleire anledningar slått fast at internasjonalisering gjer UiS til eit betre universitet, men han peiker på at vi ikkje kan gå mot eit akademia som berre er engelskspråkleg.

– Vi må ha to tankar i hovudet på ein gong. Vi har til dømes eit ansvar som sektor å ta vare på det akademiske fagspråket. Vi som universitet må sørge for å balansere dei ulike interessa vi skal skjøtte, sa Mohn

Reymert la vekt på noko av det same då ho tok til orde for at undervisningsspråket ikkje berre måtte vere engelsk. Det vil gå ut over lik rett til utdanning, meinte ho.

– Vi må sørge for at vi opnar det høgare utdanningssystemet for dei norske studentane som ikkje er så flinke i engelsk. Vi må tenke på dei svake studentane og sørge for at høgare utdanning ikkje blir ei barriere for mange på grunn av språk. Difor meiner eg vi må vere forsiktig med å ha undervisning på engelsk på bachelor til dømes.

Noreg har ikkje ein elitekultur

Todnem By stilte spørsmålet om kvifor ikkje Noreg klarer å rekruttere nordmenn inn i det akademiske løpet. Kvifor vinn dei ikkje stillingane?

Hellestveit hadde noko av svaret. Det handlar om ein særleg hard konkurranse frå utlandet som det norske utdanningssystemet ikkje klarer å bygge opp under. Ho kom difor med eit varsko om noko ho meiner er ei bekymringsfull utvikling, og noko som dels handlar om internasjonalisering. Ho peika på at det i Europa er dårlegare betingelsar for stipendiatar og post-doktorar, og så, når ein blir professor, får ein særs gode rammevilkår.

– Noreg har ikkje ein elitekultur slik vi ser det i Tyskland, Frankrike og Storbritannia. Det er ein del av den norske kvaliteten, sa ho og la til at dei som sit med kunnskap i Noreg er tett på folket. Folk flest kan snakke med kunnskapsgeneratorane. Dersom vi importerer ekspertise går vi moglegvis mot ein elitekultur med auka internasjonalisering.

– Vi kan seie at ja, vi vil ha elite. Men kva er det då vi mister? Det norske samfunnet skårar høgt på demokrati og ytringsfriheit. Det er verdt å beskytte og bevare. Her har akademia ei sentral rolle, meinte Hellestveit og trakk fram at matten dei har i Tyskland i femte klasse, er den vi har i niande klasse i Noreg.

– Det er ingen her som ikkje meiner at vi ikkje skal ha verdas leiande forskarar. Spørsmålet er: Kva skal vere rammene og korleis skal det norske kunnskapssystemet møte dette? I Noreg lagar vi ikkje CV-er på barn frå dei er fire år gamle. Vil vi ha eit slikt samfunn, så må vi tenke over konsekvensane, seier Hellestveit.

Les også omtalen som Khrono har publisert: Hellestveit møtte Mohn og sine argeste kritikere og Mennesker som får betalt for å være innenfor kunnskapsbransjen, har et ansvar for å tåle en støyt

Tekst: Karen Anne Okstad