Mental helse blant medisinstudentar

Medan stadig meir forsking blir gjort på mental helse hos barn og unge, er få studiar gjort på mental helse blant studentar på universitets- og høgskulenivå. Dette forskingsnotatet omhandlar medisinstudentar og tiltak for å forhindre sjølvdrapsåtferd i denne spesifikke gruppa studentar.

Published Sist oppdatert
Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.

Unge med høgare utdanning viser lågare sjølvdrapsrate enn unge utan høgare utdanning, men til gjengjeld er medisinstudentar overrepresenterte når det gjeld tankar om og forsøk på å ta livet sitt.

Legestudent tar av seg hette
Medisinstudentar blir utsette for særskilte stressfaktorar som kan gjere dei meir sårbare for å utvikle psykiske lidingar og sjøldrapstankar. (Foto: Getty Images)

På verdsbasis er sjølvdrap ei av dei leiande dødsårsakene blant unge mellom 15 og 29 år. Det er gjort forsking på korleis ein kan førebyggja sjølvdrap og tankar om sjølvdrap blant ungdom og unge vaksne, men det er få systematiske kunnskapsoversyn med fokus på studentar i høgare utdanning, og ingen på medisinstudentar. Medisinstudentar blir utsette for særskilte stressfaktorar som kan gjere dei meir sårbare for å utvikle psykiske lidingar og sjøldrapstankar. Vidare kan det sjå ut til at trass i kunnskapen medisinstudentar har om psykiske lidingar og tilgang til hjelp for det dei strever med, søker dei sjeldnare hjelp enn andre i same aldersgruppe. Det er derfor viktig å få innsikt i kva som skal til for å hjelpe denne spesifikke studentgruppa.

Bakgrunn

Unge med høgare utdanning viser lågare sjølvdrapsrate enn unge utan høgare utdanning, men til gjengjeld er medisinstudentar overrepresenterte når det gjeld tankar om og forsøk på å ta livet sitt. I eit tidlegare kunnskapsoversyn melde 27,2% av medisinstudentar om depresjon eller depresjonssymptom og 11,1% om sjølvdrapstankar.  

Tidlegare studiar peiker på ei rekkje faktorar som forklaring til dei forhøgja tala, mellom anna mange vurderingar, stort pensum, graderte karakterar i staden for bestått/ikkje bestått, lite samsvar mellom faktiske og føretrekte undervisingsmetoder og praksissjokk. Den store arbeidsmengda kan mellom anna òg stå i vegen for at medisinstudentar klarar å sette av nok tid til å ta vare på seg sjølv. Eksponeringa for daud, inkludert sjølvdrap, og alvorleg sjukdom hos pasientar og frykt for å gjere feil i tenesta er òg faktorar som aukar presset på den psykiske helsa til denne studentgruppa. Ytterlegare er det organisatoriske stressfaktorar, slik som eit særs konkurranseutsett miljø som har overarbeid som ein statusmarkør og som også tillét mobbing og trakassering. Slike faktorar kan både bidra til psykiske problem blant medisinstudentar og forhindra dei frå å søke hjelp for dei. I ei stor australsk undersøking av den psykiske helsa til medisinstudentar svarte studentane at skam, frykt for at teieplikta ikkje skulle bli overheldt og frykt for negative konsekvensar for den framtidige yrkesutøvinga deira hindra dei i å søke hjelp for mentale utfordringar. 

Føremål

Om ein ser på den høge frekvensen av rapporterte sjølvdrapstankar, depresjon og depresjonssymptom hos medisinstudentar kontra den same aldersgruppa i resten av befolkninga, er det naudsynt å sjå på førebyggjande tiltak for denne spesifikke studentgruppa. Tiltaka som allereie er på plass, har i hovudsak fokus på å styrka den enkelte student og gjere hen meir robust og oversett dei systemiske, kulturelle og strukturelle faktorane som verkar inn på medisinstudenten sin kvardag. Difor har artikkelforfattarane utført ei og metaanalyse av forsking på temaet. Målet med oppsummeringa er å få ei systematisk kunnskapsoversikt over universelle tiltak som retter seg mot mental helse, sjølvdrapstankar og sjølvdrapsåtferd blant medisinstudentar spesielt.

Inkluderte studiar

For å bli inkludert i kunnskapsoversynet måtte studiane: 

  1. vere ein randomisert-kontrollert studie, eit klynge-randomisert forsøk, ikkje-randomisert-kontrollert studie, historisk kontrollert eller ukontrollert longitudinell studie 
  1. evaluere effektiviteten til ein universell intervensjon som retter seg mot sjølvdrapstankar eller -åtferd, depresjon, angst, stress og/eller utbrentheit 
  1. ha deltakarar som var medisinstudentar 
  1. vere publisert på engelsk

39 studiar blei inkluderte i det . 24 var frå USA, og 13 av studiane var randomisert-kontrollerte studiar. Dei 39 studiane inkluderte til saman 7387 deltakarar mellom 18 og 32 år. Fleirtalet av deltakarene var kvinner.

Kvinne sitter foran dataskjerm
Dei 39 studiane inkluderte til saman 7387 deltakarar mellom 18 og 32 år. Fleirtalet av deltakarene var kvinner. (Foto: Getty Images)

Resultat

Individbaserte tiltak 

Av dei 39 studiane var det ingen som målte sjølvdrapstankar eller -åtferd etter at tiltaket var avslutta. Ein longitudinell studie av effekten av psykoedukasjon på sjølvdrapstankar rapporterte om ein moderat nedgang i sjølvdrapstankar som fylgje av tiltaket, men denne studien undersøkte ikkje endringar i sjølvdrapsåtferd. Tiltak som brukte yoga viste ingen effekt på depresjon. Stressmeistringsprogram ser ikkje ut til å redusere verken depresjons- eller angstsymptom, medan to studiar fann at meditasjon med rettleiing og psykoedukasjon resulterte i auka angst blant deltakarane. Ein studie fann ein beskjeden effekt i behandling av angst med omega-3-tilskot, men ingen effekt av dette på depresjon.  

Ein studie undersøkte verknaden av mindfulnessprogram på utbrentheit, men fann inga signifikant effekt av tiltaka på utbrentheit.  

Analysane av studiane som undersøkte tiltak retta mot angst, depresjon eller stress, indikerer at relativt kortvarige og individfokuserte mindfulnessbaserte tiltak kan redusera symptomtrykket for nokre av desse lidingane hos nokre medisinstudentar. Ein må ha i mente at brorparten av intervensjonane blei sett i verk i løpet av dei førkliniske åra. Det er sannsynleg at stressmomenta som medisinstudentar møter i dei førkliniske åra og i dei kliniske åra, altså praksisåra, er forskjellige. Det er teikn til at presset på medisinstudenten sin mentale helse aukar i løpet av utdanningsløpet, og at det er i dei kliniske åra det er høgast førekomst av sjølvdrapstankar, depresjon og stress. Stressfaktorane vil derfor opplevast forskjellige mellom studentane i førkliniske år samanlikna med dei som er i dei kliniske åra. Det er i tillegg lite tungtvegande forsking som visar at mindfulnessbasert kognitiv terapi kan redusera tankar om sjølvdrap eller sjølvdrapsåtferd i den generelle befolkninga. 

Organisasjonsretta tiltak 

Ingen av dei 39 studiane undersøkte effekten av organisatoriske tiltak på sjølvmordsåtferd eller -tankar, stress eller utbrentheit. Det fåtalet studiar som undersøkte organisatoriske tiltak retta mot pensumomfang eller formidlinga av pensum på angst og depresjon, fann ingen effekt av tiltaka.  

Relativt kortvarige og individfokuserte mindfulnessbaserte tiltak kan redusera symptomtrykket for nokre av desse lidingane hos nokre medisinstudentar. 

Implikasjonar

Kunnskapsoppsummeringa avdekker eit behov for meir forsking på langtidseffekten av dei tiltaka som har ein effekt, då dei fleste av studiane som er inkluderte i dette kunnskapsoversynet hadde eit kortsiktig fokus. I tillegg var dei fleste studiane i denne kunnskapsoversynet individ-fokuserte og hadde som mål å gjere studentane meir motstandsdyktige mot stressande faktorar. Dei ignorerte altså i stor grad dimensjonen som omfattar strukturelle, systemiske og kulturelle faktorar. Den relativt svake effekten, samla sett, av dei individbaserte tiltaka på alle dei inkluderte lidingane peiker på at det er naudsynt å utvikle tiltak som retter seg mot organisatoriske problem i medisinutdanninga. Nokre av dei organisatoriske stressfaktorane er djupt integrert i utdanningsløpet og vanskelege å endre, medan andre er moglege å ta tak i på kort tid – slik som ein særs konkurransedominert kultur som er ettergjevande for trakassering og mobbing. Strategiar som hamlar opp med dei organisatoriske stressfaktorane er derfor blant dei viktigaste å implementera i framtidige tiltak for å forebygge sjølvdrapstankar og -åtferd blant medisinstudentar, inkludert lidingar som aukar sårbarheita deira for slike tankar og åtferd, som depresjon, angst, utbrentheit og stress.

Referanse:

Witt, K., Boland, A., Lamblin, M., McGorry, P.M., Veness, B., Cipriani, A., Hawton, K., Harvey, S., Christensen, H. & Robinson, J. (2019). Effectiveness of universal programmes for the prevention of suicidal ideation, behaviour and mental ill health in medical students: a systematic review and meta-analysis. Evidence Based Mental Health, 22(2), 84-90. DOI: https://dx.doi.org/10.1136/ebmental-2019-300082

Les òg desse relaterte forskingsnotata: