Hopp til hovedinnhold

Morer vi oss til døde?

Sjølv om det mogleg at det er at noko anna enn litteraturen har blitt viktig, er det lite som tyder på at litteraturen er død. Men nettbrettet sine vilkår ser ut til å ha fått bli det rådande paradigmet i samfunnet – og nå til sist i skolen, skriv professor Per Henning Uppstad.

Publisert: Endret:

fire elever med ipad. foto: getty
Elevane vil ikkje vere prøvekaniner for ein aktør med ein eksperimentell intensjon, men heller siste skanse i ei nesten gjennomført digitalisering, skriv kronikkforfattaren.

Per Henning Uppstad er professor ved Lesesenteret. Teksten har tidligere vært publisert i Stavanger Aftenblad.

Med den nye læreplanen for skolen kom eit fokus på djupnelæring: «å gradvis utvikle kunnskap og varig forståelse av begreper, metoder og sammenhenger i fag og mellom fagområder». Mange tykte det var rart – sidan djupare forståing alltid har vore eit ideal, sjølv om metodane har skifta. Spørsmålet er kanskje kvifor vi fekk eit fokus på djupnelæring akkurat nå?

Kronikktittelen Morer vi oss til døde? er ei omskriving av den amerikanske medievitaren Neil Postmans boktittel og påstand frå 1972: "Vi morer oss til døde". Postman peika på at TV-kulturen førte med seg djuptgripande endringar, ved at bileta sine premiss erstatta skrifta sine. I forordet spekulerer han i at det vil vere forfattaren Aldous Huxley sine framtidsspådomar frå 1932 som vil slå til, heller enn dei forfattaren George Orwell sette fram i 1949. Orwell skildra i boka "1984" eit framtidig skrekksamfunn prega av overvaking, medan Huxley, i boka "Brave new world" (1932), peika på mennesket si trong til underhaldning som den store faren:

«Det Orwell fryktet, var dem som ville forby bøker. Det Huxley fryktet, var at det ikke lenger ville være noen grunn til å forby en bok, ettersom det ikke lenger ville finnes noen som ønsker å lese. Orwell fryktet dem som ville frata oss opplysningene. Huxley fryktet dem som ville gi oss så mange at vi henfalt til passivitet og selvopptatthet»

Sjølv om Postman fokuserte på TV, er analysen hans likevel ikkje mindre aktuell i 2022: Postman hevdar at det til ei kvar til vil vere ein teknologi som dominerer samfunnet. Denne teknologien fungerer som eit grunnsyn – eit paradigme – som tvingar fram nye måtar å forstå verda på, og som følgeleg nedgraderer dei gamle teknologiane, slik som boka og TV. Det vil såleis vere nettbrettet som formar grunnsynet og vilkåra for samhandling, debatt og læring i 2022.

Følger ein Postmans resonnement, er det ikkje overraskande at djupnelæring dukkar opp i nye læreplanar nå, fordi det identifiserer eit erfart problem, men utan å løyse det. Forelderen Gaute Brochman fortel i boka "De digitale prøvekaninene" (2020) historia om korleis det kunne ha seg at førsteklassingen kom heim med ein Ipad i veska. Postman ville seie at forklaringa ligg i paradigmet, i samfunnet rundt. For livsverda til dei spørjande vaksne er allereie fullt ut gjennomdigitalisert, der arbeidsstadane deira har strategiar som: «alt som kan digitaliseres, skal digitaliseres». Elevane vil såleis ikkje vere prøvekaniner for ein aktør med ein eksperimentell intensjon, men heller siste skanse i ei nesten gjennomført digitalisering. Vi må kanskje heller spørre oss korleis ein kunne unngått at førsteklassingen kom heim med eit nettbrett i veska – eit nettbrett som skulle romme alt.

Dagens gjennomdigitaliserte skolar - utan analoge skolebøker - er difor langt på veg ei oppfylling av Postmans tese om teknologien som paradigme. At endringa er paradigmatisk kjem også fram i eit intervju med Karianne Sørtveit, representant frå utdanningsforbundet, som til NRK seier at skolane kopierer og skannar skolebøkene i stort omfang. Bortsett frå at dette er eit vitnemål om systematiske brot på opphavsretten (les: tjuveri), viser det at lærestoffet blir tilpassa det nye paradigmet, ved at bøker ikkje blir finansiert, men innpassa i den rådande teknologien, anten direkte ved pdf-ar, eller indirekte gjennom at papirpiratkopiar blir naudsynte fordi IT-innkjøp tek opp budsjettet for bokkjøpet.

Vi må kanskje heller spørre oss korleis ein kunne unngått at førsteklassingen kom heim med eit nettbrett i veska – eit nettbrett som skulle romme alt.

Men kunne det vere annleis? Ja, men då må vi stille filosofiske spørsmål om kva me eigentleg vil når det gjeld elevane si lesing. Sidan elevane les lite heime, kan ein nytte høvet til å gjere dette på skolen. Vi kan lære dei å lese og gå i djupna på interessante tekstar, og lære dei å yte motstand mot teknologiar som den trenger seg fram på område der dei ikkje er særleg eigna. Men vi kan truleg ikkje gjere dette på nettbrettet sine premiss åleine, i følge Postman. Dagens forsøk på løysing er ofte moralistiske og desperat misjonerande som at «å lese bøker er bra for deg». Det er ikkje utan vidare sant, for også bøker er av svært varierande kvalitet. Men lesing av bøker kan også vere topp givande, og eit godt grunnleggjande for arbeid med erkjenning og forståing, og viktig for kva og kven me vil vere.

I den svenske forfattaren Torgny Lindgrens bok «Erindringer» er det ein dialog mellom han sjølv og ein tjekkisk forfattar: «Og i neste århundre, sa han, kommer litteraturen til å være død. Da må noe annet komme i stedet, sa jeg. Noe som er like nødvendig som litteraturen.» Sjølv om det mogleg at det er at noko anna enn litteraturen har blitt viktig, er det lite som tyder på at litteraturen er død. Men nettbrettet sine vilkår ser ut til å ha fått bli det rådande paradigmet i samfunnet – og nå til sist i skolen.

Dersom vi ønsker det annleis - som eit filosofisk standpunkt - må vi handle annleis. Eit regulerande trekk vil vere å syte for at skolane har økonomi til både å utforske teknologiar, men også til å samle seg – både fysisk og i tanken – kring gode tekstar. Viss så, ville ei enkel og forankra løysing vere å sikre at det også er fysiske, analoge lærebøker av høg kvalitet i kvart klasserom – og å hugse å betale for dei.

Professor
51831268
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora

Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Lesesenterets blogg

Lesesenterets blogg skriver våre ansatte om aktuelle tema innen leseopplæring og leseforskning. Vi håper bloggen vil gjøre deg litt klokere, mer informert og inspirert! God lesing!