Bok i bruk: Hvis det ikke fantes biler av Hilde Hodnefjell

«Viss det ikkje fanst bilar, korleis ville verda sjå ut då? Kva kunne vi brukt alle fartsdumpane, tunnelane og parkeringsplassane til?» Hilde Hodnefjell si bok inviterer til refleksjon og tankespinn kring desse spørsmåla.

Published Sist oppdatert

Presentasjon av boka
Omslaget viser ei rekkje bilar på veg ein eller annan plass. Det er trongt om plassen, og lesaren får eit godt inntrykk av korleis det ser ut når bilane fyller vegen. Boka har eit liggjande smalt format der biletet strekkjer seg over både venstre og høgre del av oppslaget.

Når vi opnar boka, treffer vi på ein liten figur som kjem inn frå venstre. Han følgjer oss gjennom heile boka. Han kjem køyrande i ein liten bil full med ting han vil få bruk for utover i boka. På det neste oppslaget har han parkert bilen og kjem berande på alle tinga. Han går mot ein tom veg og teksten er enkel…… «Hvis det ikke fantes biler…»

For kvart nytt oppslag kan ein studere figuren for å få ein peikepinn på kva ein kan gjere om det ikkje fantes bilar; han kjem syklande, han tek ned skiltet som syner at det er motorveg, han gøymer seg inni ein gammal sko, han kjem med eit fat med kake..osb.

Boka byr på ei rekkje aktivitetar som ein kan ta i bruk om det ikkje fanst bilar, eksempelvis «syklet 8 i bredden, hoppet paradis på motorveiene og lekt mørkegjemsel i tunnelene…»

Bokforside: Illustrasjon med barnetegninger av seks forskjellige biler

Boka i bruk
Elevane sit i halvsirkel og vi ser saman på omslaget til boka. Vi snakkar om omgrepa forfattar, illustratør, illustrasjon, tittel og forlag. Vi fabulerer saman om kor bilane skal og kva type bilar det er. Ei av jentene seier at her står det «hvis det ikke fantes biler..», og det er billetten inn til samtale rundt det som er boka sitt innhald.

Og eg spør: «Viss det ikkje fanst bilar – kva kunne vi då ha brukt vegane til?» Til å begynne med skjønar dei ikkje heilt kor eg vil med spørsmålet, men så er det ein som seier; «Viss det ikkje va bilar, konne me jo ha sykla midt i veien..»

Då kjem det fleire forslag;

  • Me konne ha lekt i veien
  • Me konne ha gått midt i veien
  • Me konne hatt sparkesyklane i veien
  • Me konne selt is i veien
  • Me konne hatt skateboard i veien
  • Me konne gått på rulleskøyter midt i veien
  • Me konne ha dansa, hatt tivoli, rent på akebrett…

Forslaga var mange.

Eg hadde skanna bileta frå boka og lagt dei inn i ein powerpoint slik at det skulle vere lettare for elevane å sjå detaljane i teikningane. Vi snakka om den lille figuren og om kva det var han hadde med seg i bilen sin. Han dukka opp føre kvart bilete, og vi kunne snakka om kva det var han hadde med seg eller gjorde. Det vart spennande å sjå om dei gissa rett. Det gjorde dei ofte.

Då boka var ferdig lesen vart eg med ein gong spurd om eg kunne lesa den ein gong til. Så det gjorde eg. Elevane visste kva bilete som ville komme fordi den lille figuren alltid var den dei fekk møte først. Dette gjorde at dei vart svært merksame på figuren og det vart igjen spennande og sjå om dei hadde rett.

Etter gjennomgang nummer to fekk elevane i oppdrag å teikna og skrive  eit oppslag til den boka vi skulle lage. Vi skulle nemleg bruke denne boksa som ein inspirasjon og eksempeltekst til å skape vår eiga bok med tittelen «Viss det ikkje fantes biler». Elevane bestemte sjølv kva for situasjon dei ville teikne og skrive til. Alle sa høgt kva dei ville teikne og skrive, før dei gjekk til sin plass.

Elevane på 1.trinn er tidleg i prosessen med å lære seg å skrive, så det var ikkje alle som kunne lydera seg fram til dei rette orda på eiga hand. Det vart derfor slik at eg skreiv ned eleven si setning, og så kopierte ho/han over på teikninga si.

Dette var ei kjekk oppgåve og alle leverte kvar si flotte teikning med forklarande tekst.

Erfaringar
Mi erfaring med denne boka er at dette er ei bok som egnar seg svært godt til bruk på 1. og 2. trinn. Eg har brukt ho på begge. Boka engasjerer fordi alle elevane har kjennskap til bilar og kjenner til kva utfordringar det er når det er bilar overalt. Elevane mine bur i ein by, og har erfaring med trafikkerte vegar, kø- og parkeringsproblem.

For elevane blei det ein leik å kunne fantasere fritt om korleis verda hadde sett ut utan alle desse bilane i vegen. Teikningane deira viser engasjement og kreativitet.

Det å samtale rundt tittelen og omslaget på boka før ein les er viktig for å få elevane til å sjølv fabulere rundt korleis verda ville sett ut om det ikkje fanst bilar. Det har vist seg at elevane går inn for oppgåva med større engasjement når det er dei sjølve som har kome på ideen. For dei elevane som ikkje fann på ting på eiga hand kan bileta til illustratøren Hodnefjell vere inspirasjonskjelde. Der er lov å teikne det same!

Det eg óg legg merke til, er at når elevane sit to og to, vil det oftare vere ein som finn på og den andre som kopierer. Men det er også lov!

Uansett er det bra at eleven uttalar høgt det ho/han vil teikne – då er det lettare å kome i gang med arbeidet når dei kjem til plassen sin.

Boka har ein enkel tekst som går som eit mønster gjennom heile boka;
«Hvis det ikke fantes biler…  kunne vi ha……. i veien». Dette gjer at elevane kan bruka boka som ein modelltekst for eiga skriving.

Eg opplevde arbeidet med boka som differensierande. For nokre elevar skreiv eg ned eleven sin setning slik at dei kunne kopiere rett over på si teikning. Andre elevar skreiv sjølv, medan atter andre både kopierte og skreiv sjølv.

Vi laga ei framside til boka vår, der vi sette opp klassa som forfatterar. Boka blei innbunden med spiral slik at det blei ei «skikkelig» bok og eit flott produkt.

Denne boka kan brukast som mønster på fleire måtar….

  • Kva om det ikkje fanst TV?
  • Kva om det ikkje fanst skole?
  • Kva om det ikkje fanst snop?
  • Kva om det ikkje fanst…..?

Ja, kva då??


Skrevet av Inger Ramsfjell, Kvernevik skole