Har du gjennomført kartleggingsprøvene i lesing på tredje trinn? Prøv ut materiellet vårt for å følgja opp elevane etter du har resultata frå prøven.
Om kartleggingsprøvene i lesing
Kartleggingsprøvene i lesing undersøker om elevane har forventa ferdigheiter i ordlesing, tekst- og setningslesing, staving og språkforståing. Prøvene skal hjelpe deg som lærar til å identifisere elevar som treng ekstra oppfølging.
Nasjonalt lesesenter har utvikla prøven på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Det er Udir som står bak den tekniske løysinga prøven ligg i. For teknisk støtte, ta kontakt med Udir.
Gjennomføring er obligatorisk på tredje trinn og frivillig for første trinn. Prøvene er digitale. Prøven for tredje trinn skal bli gjennomført i oktober kvart år.
Prøvene vil visa deg kven av elevane som hamnar i oppfølgingsområdet. Nasjonalt lesesenter har utvikla ressursar du kan nytta for å følgja elevane opp etter prøven. Dei finn du på denne sida, og du kan lasta ned materiellet på ynskja målform.
Oppfølgingsmateriell
Her finn du eit opplegg du kan nytta i ditt klasserom for å følgja opp elevane.

Sjå raskt gjennom og få oversikt over støttemateriellet og skriv ut Bruer inn i teksten-korta. Gå saman i grupper på minst to lærarar som har gjennomført Kartleggingsprøve i lesing for 3. trinn. Ha med prøveresultata frå klassen/klassane dine.
- Ta utgangspunkt i elevane som har skåra under grensa for oppfølging på leseforståing og sjå kor mange av desse som også skåra under oppfølgingsgrensa på ordlesing. Del tankar om korleis de kan tilpasse undervisinga og oppfølginga av desse elevane, som ein del av det heilskaplege Bruer inn i teksten-opplegget.
- Ta utgangspunkt i elevar som skåra under oppfølgingsgrensa på leseforståing og som også skåra under på staving eller språkforståing. Del tankar om korleis de kan tilpasse undervisinga og oppfølginga av desse elevane, som ein del av det heilskaplege Bruer inn i teksten-opplegget.
- Ta utgangspunkt i elevar som skåra under oppfølgingsgrensa på staving, språkforståing eller ordlesing, men som ikkje skåra under på leseforståing. Dersom de har elevar med dette resultatet, del tankar om korleis de kan tilpasse undervisinga og oppfølginga av desse elevane, som ein del av det heilskaplege Bruer inn i teksten-opplegget.
- Les dømet frå klasserommet til Signe i Bruer inn i teksten-opplegget. Diskuter korleis de som ein del av dette opplegget kan setje i gang fleire tiltak som handlar om å vekkje elevane si interesse for tekstane dei skal lese.
Ordlesing, språkforståing, staving og forståing av setningar og tekstar
Lær meir om dei fire områda som har innverknad på i kva grad elevane kan tolka og lesa tekstar med flyt.

Det er fire område som vert målte i kartleggingsprøva i lesing:
- ordlesing
- språkforståing
- staving
- forståing av setningar og tekstar
Områda er valde fordi dei fortel oss meir om seinare leseferdigheiter, enn andre område gjer. Med andre ord kan låge ferdigheiter på eitt eller fleire av områda gje signal om at vi må følgje ekstra godt med på leseutviklinga til eleven. Nyare tilnærmingar til lesing legg vekt på at ein må gje meiningsfull, god og intensiv opplæring til dei som strevar. Gjennom å ha tydelege arbeidsmåtar og strategiar for lesing, vil eleven få gode verktøy til å sjølv forstå ein tekst. Det er derfor ein fordel å kombinera arbeidet med leseflyt og arbeidet med å innføra ein lesestrategi.
Kva inneber ordlesing?
Ein føresetnad for å kunne lese med flyt er sikre og automatiserte avkodingsferdigheiter på ordnivå. For elevar som strevar med ordlesing, vil det vere nyttig at lærar jobbar systematisk med å modellere og forklare for elevane ulike aspekt ved korleis vi les ord. Å vere tydeleg og modellere lesing av vanskelege ord for eleven, for deretter å late eleven øve på det som er vanskeleg, gir ofte resultat. I oppfølgingsmateriellet til Kartleggingsprøva i lesing blir dette arbeidet skildra eksplisitt i korta Å lese vanskelege ord-brua og Leseflyt-brua. Kvar gong du arbeider med tekst, kan du bruke element frå desse. Dette er undervisingselement som passar like godt i ein heil klasse som for mindre grupper.
Kva inneber språkforståing?
Lesing er språk. Barn si leseforståing heng tett saman med ordforrådet. Orda i delprøva er valde etter grundig gjennomgang av læreverk og tekstar for elevar på 2. og 3. trinn, og representerer dermed ord som kan vere viktige for at elevane skal kunne hente ut meining frå tekstane dei les i ulike fag. Dersom eleven skårar lågt på språkforståing er det derfor sannsynleg at eleven også vil prestere lågt i leseforståing. Arbeid med språk og ord som hjelper eleven å forstå teksten de arbeider med, må vere ein sentral del av undervisinga for elevar som skårar lågt på denne delprøva. Oppfølgingsmateriellet Bruer inn i teksten viser ein heilskapleg måte å arbeide med lesing og språkforståing på. Sjå elles Språkløyper-pakken Å arbeide med språk og vokabular for andre konkrete arbeidsmåtar.
Kva inneber staving?
Elementa i kartleggingsprøva som fangar opp staving, måler om elevane kan finne fram til stavemåten som høyrer til dei aktuelle talelydane, slik at dei kan omkode talelydane til bokstavar og skrivne ord. Ein del ord vert skrivne lydrette og har ei meir direkte kopling mellom lyd og bokstav og mellom lydsekvensar og skrivne ord. Delprøva i staving ser etter om elevane har tileigna seg stavemåten til høgfrekvente ord som ikkje er alfabetisk regulære i norsk rettskriving. Fonologisk analyse, omkoding av talelyd til bokstav, er ein viktig grunnlag for å utvikle funksjonell skriftspråksferdigheit, og er også tett knytt til leseflyt. Å klare å stave ord, er ein grunnstein i det å lese. Delprøva i staving kan vise sider ved staving som er viktige i lesing, men som kan vere vanskeleg å få auge på når eleven les. Å følgje opp elevar som strevar med staving, handlar om å sikre at dei har god bokstavkjennskap, men også å gjere skrivemåtar og bokstavmønster tydelege i undervisinga. Oppfølgingsmateriellet Bruer inn i teksten viser ein heilskapleg måte å arbeide med lesing på, der staving er ein del av dette. Sjå elles økt 5 om staving i Språkløyper-pakken Lese- og skrivevanskar 3–7. trinn for andre konkrete arbeidsmåtar.
Kva inneber det å forstå setningar og tekstar?
I denne delen av leseprøva vert leseforståing, altså det eleven har forstått av teksten, målt gjennom setningsleseoppgåver og autentiske tekstar i ulike sjangrar og med ulik lengde og kompleksitet. Tekstane er henta frå skjønnlitterære bøker for aldersgruppa.
For å ha god leseflyt, må ein forstå det ein les, medan ein les. I leseprøva får vi eit signal om kva eleven har forstått, gitt rammene for prøva. Det er andre ting som fremjar leseflyt for ein elev med høg leseforståing enn for ein elev med låg leseforståing. Å lese og arbeide med interessante tekstar er den primære arbeidsmåten for å fremje leseforståing. Tre forskingsbaserte tilnærmingar til korleis vi kan arbeide med tekst, handlar om Aktivering av bakgrunnskunnskap, Stille spørsmål til teksten og Oppsummere teksten.
Oppfølgingsmateriellet Bruer inn i teksten handlar om å betre forståing og leseflyt samtidig.
Korleis kan prøveresultata nyttast til gode tiltak?
Dei områda vi måler i kartleggingsprøven, har innverknad på i kva grad eleven kan tolke og lese tekstar med flyt.

For å kunne lese med flyt må du ha forstått meininga i teksten. Same kva for eit område eleven kjem under oppfølgingsgrensa på, vil det derfor vere aktuelt å gå til Bruer inn i teksten-opplegget (sjå under), som legg vekt på denne heilskapen. Samtidig må du ha eit særskilt blikk for dei områda eleven presterte under oppfølgingsgrensa på.
Altså, viss eleven presterer lågt på staving eller ordlesing, må du gi dette området litt meir rom når de arbeider med lesing. Hugs at mens andre elevar i klassen gjerne berre treng eit par øvingar på å innarbeide ein ny arbeidsmåte, treng elevar som strevar med lesing, kanskje ti repetisjonar eller fleire – berre for å innarbeide ein bestemt arbeidsmåte. Eleven kan få meir motivasjon for lesing ved å arbeide med avgrensa tekstar og jobbe med dei mange gonger, med ulikt fokus. Interessante tekstar som vekkjer eleven sin motivasjon, er ein nødvendig inngangsport.
Hugs også at resultatvisinga gjer det mogleg å sjå kva oppgåver eleven fekk til og ikkje, noko som kan gi deg meir presis informasjon om kva eleven får til akkurat no. Sidan elevane følgjer ulike stiar gjennom prøva etter korleis dei presterer, gjer desse oppgåvene meir informasjon enn ei prøve som er lik for alle, fordi oppgåvene her er betre tilpassa det lesaren kan få til.
Nyare tilnærmingar til lesing legg vekt på at ein må gi meiningsfull, god og intensiv opplæring til dei som strevar, og ta utgangspunkt i gode og meiningsfulle tekstar i dette arbeidet. Ved å modellere ekstra tydeleg og gjere synleg arbeidsmåtar/strategiar for å lese vanskelege ord, gir vi eleven verktøy for å forstå teksten.
Sjekk om elevane har sikker bokstavkunnskap
For elevar som skårar under oppfølgingsgrensa i ordlesing og staving, bør ein først og fremst undersøke om eleven kan alle bokstavane. Her kan du bruka Nasjonalt lesesenter si bokstavprøve eller på annan måte sjekke om elevane kan kjenne igjen, hugse og skrive bokstavane og bruke denne kunnskapen når dei les ord. Området som lyser opp, fortel deg kva du skal legge særleg vekt på, eller gi litt større rom, i opplegget.
Grunnleggande prinsipp for god leseopplæring i klasserommet
For elevar som strevar med ordlesing og staving, bør skulen undersøkje om eleven kan alle bokstavane. Det vil seie om eleven kan kjenne att, hugse og skrive bokstavane og bruke den kunnskapen når dei les ord.
For at elevane skal få leselyst er det viktig at tekstane dei møter gir dei rom for å oppleve meistring. Å oppleve meistring handlar både om at eleven må oppleve å få det til samtidig som at teksten på ulike måtar må utfordre eleven
Finn tekstar som handlar om noko elevane interesserer seg for eller kan kjenne seg igjen i. Hjelp elevane med å finne relevans i tekstane dei skal lese.
Les i grupper eller i heil klasse. Når de repeterer tekst, er det viktig at elevane får nye oppdrag og tilnærmingar til teksten slik at det gir meining å repetere teksten. Læraren kan modellere lesing av teksten ved å lese på ulike måtar, ved å få det til å høyrast interessant ut, og ved å kople enkeltord til lengre frasar, setningar og tekstblokker. Sjå konkrete tips til dette i Leseflyt-brua under «Bruer inn i teksten».