Sjå korleis Ullandhaug campus skal bli grønare!

Universitetet i Stavanger tenkjer grønt og har store planar for korleis morgondagens universitet skal sjå ut. Om nokre år vil studentar som kjem til campus, møte fleire grøntområde med eit rikare naturmangfald, opne og trivelege møtestadar og eit universitet som tek berekraftige val.

Published Sist oppdatert
Bli med på ei omvising og sjå korleis campus Ullandhaug kan bli!

Grøn omstilling er ei av berebjelkane i tiårsplanen til universitetet, Strategi 2030. Det betyr at all aktivitet ved universitetet skal vere med på å ta samfunnet i ei grønare retning. Det gjeld mellom anna studiar og studieinnhald, forsking og samarbeid, klimaavtrykka studentar og tilsette etterlet, men også det fysiske universitet, det vil seie bygg og uteområde. Difor har universitetet saman med LINK arkitektbyrå utvikla ein campusplan som skal trekkje naturen inn på campus og leggje til rette for gode, sosiale treffpunkt.

Enkelt sagt skal det bli enno trivelegare å vere student på Ullandhaug! Samstundes skal campus bli eit synleg prov på at UiS vil vere ei drivkraft i arbeidet med grøn omstilling.

Nokre ting er allereie på plass. Dei siste åra har universitetet fått si eiga blomstereng, ein frukthage, humlekassar og bikubar, og to av campusbygga er utstyrt med solcellepanel på taket. Universitetet har status som miljøfyrtårn, noko som betyr at heile UiS skal jobbe for å redusere avfall, energibruk, innkjøp og transport kvart einaste år.

Ope og inkluderande

UiS skal vere eit ope og inkluderande universitet med eit godt lærings- og arbeidsmiljø. I dei nye planane går desse ambisjonane som ein grøn tråd gjennom heile universitetsområdet. Campus Ullandhaug blir som ein landsby, der fem ulike soner med kvar sin eigenart er knytt saman og heng naturleg i hop. Det blir kulturlandskap, parkområde, tre og vatn, og til og med ein eigen lunsjhage.

Gode fellesområde skaper eit levande campusmiljø der studentar møter kvarandre på tvers av fakultet og studieprogram.

– Me skal opne opp førsteetasjane i bygga som ligg langs gangvegen frå kollektivsona til sportssenteret. Ideen er å skape eit bygolv der inne- og uteområda flyt inn i kvarandre med synlege og tilgjengelege fellesareal som legg til rette for utåtvende aktivitetar, seier direktør for bygg- og arealforvaltning Frode Alvheim, som leier prosjektet.

Studentvelferd og studentengasjement

I tillegg til å ruste opp uteområda, skal det helsevitskapelege fakultetet få eit nytt bygg, og dagens sportssenter skal utvidast betrakteleg og bli ein naturleg samlingsstad for alle Stavanger-studentar.

Det er Studentsamskipnaden i Stavanger, SiS som er primus motor for utbygginga av det som blir samskipnadens nye velferdsbygg, og direktør Elisabeth Faret, fortel at dei ser fram til å få bokhandel, kafear og velferdstenester inn i same bygg som sportssenteret og tilby meir studentvennlege opningstider.

Medlemmer av studentorganisasjonen
Arbeidsutvalet i StOr, med Eira Aas Eide i spissen, ser fram til meir liv på campus

Andre etasje av det nye velferdsbygget er satt av til studentorganisasjonen ved UiS (StOr), som gler seg til å fylle lokala med aktivitet.

– Eg har verkeleg trua på dette prosjektet, seier StOr-leiar Eira Aas Eide, og fortel at studentorganisasjonen har fått kome med innspel til korleis det nye SiS-bygget skal bli, og at dei og andre studentrepresentantar har deltatt i andre delar av arbeidet med campusplanane.

To år med pandemi har lagt ein dempar på studentlivet, men både Faret og Eira er overtydd om at den planlagde fornyinga av campus vil vere med på å skape meir liv og røre.

– Eit slikt gedigent løft av det fysiske miljøet vil gjere universitetet meir attraktivt. I dag er det ikkje nok at vi som universitet og studiestad hevdar oss på det faglege tilbodet. Studentar og tilsette må trivast, og da betyr miljøet rundt mykje. Det gjeld òg det fysiske miljøet, påpeiker Elisabet Faret.

Tekst: Camilla Larsen