UiS deltar i tre nye innovasjonsprosjekt

UiS skal delta i tre nye innovasjonsprosjekt – to prosjekt knytt til næringslivet og eit knytt til offentleg sektor. Alle tre handlar om nyskapande teknologiar.

Published Sist oppdatert
Nyskapande bruk av dataspel skal identifisere lese- og skrivevanskar hos førsteklassingar

Tre innovasjonsprosjekt med UiS som partnar kan no sette i gang innovasjonsarbeidet. Forskarar ved Lesesenteret ved UiS skal samarbeide med Utdanningsetaten i Oslo kommune om å avdekke lesevanskar gjennom eit dataspel. I tillegg skal UiS-forskarar frå Institutt for maskin, bygg og materialteknologi samarbeide med nyskapande selskap om å utvikle ein energieffektiv fjernstyrt undervatn-farkost og forskarar frå Institutt for energi- og petroleumsteknologi arbeidet med ein ny type kunstig sement for bruk i konstruksjonar. Dette takka vere dei seinaste tilslaga hos Forskingsrådet.

Regjeringa gjennom Forskingsrådet deler ut til saman 193 millionar til 29 prosjekt der forskarar og offentlege verksemder går saman om å løyse offentleg sektor sine eigne utfordringar. Medan 1.5 milliarder vart fordelt på 173 bedrifter der forskarar skal samarbeide med bedriftene med tanke på å gje eit betydeleg bidrag til fornying og aka verdiskaping til dei bedrifta som deltek i prosjektet. Det er bedriftene og offentleg sektor som er eigarar av innovasjonsprosjekta.

Gjev kraft til UiS sitt samfunnsoppdrag

– Eg er godt nøgd med at UiS deltek i tre innovasjonsprosjekt. Dette er ei viktig ordning for å styrke næringslivets og offentleg sektors innovasjonsevne, seier Rune Dahl Fitjar, prorektor for innovasjon og samfunnskontakt ved UiS.
 – Det å delta i slike type prosjekt er eit godt verktøy for å løyse samfunnsoppdraget og sørge for at kunnskapen og forskinga vår kjem til nytte, påpeiker prorektoren som også er opptatt av at slike prosjekt bidrar til å gje kraft til UiS sitt overordna samfunnsmandat. 
– Dei konkrete prosjekta vi deltek i her, vil bidra til grøn omstilling og til å gjere utdannings-Norge betre, heilt i tråd med prioriteringane i vår nye strategi, konstaterer ein nøgd prorektor, som sjølv er professor i innovasjonsforsking.

Skal oppdage lesevanskar gjennom dataspel

Prosjektleiar ved UiS, Njål Foldnes frå Lesesenteret

Forskingsprosjektet Gameplay ved Lesesenteret, UiS fekk innvilga over 5 millionar kronar frå Forskingsrådet til prosjektet, som eiges av Utdanningsetaten i Oslo kommune.
Det er velkjend at tidlegare tiltak er heilt avgjerande for å hjelpe elevar som står i faresona for å utvikle lese- og skrivevanskar. Men i dag fins det ikkje noko forskingsbaserte, presise verktøy som lærarane kan ta i bruk ved skolestart. Hovedmålet med Gameplay er å utvikle ein metode for å oppdage kven av førsteklassingane som står i fare for å utvikle lese- og skrivevanskar så tidleg som mogleg, samstundes som elevane får ei positiv oppleving.
Gameplay blir leia av matematikar og professor i statistikk ved Lesesenteret Njål Foldnes. Foldnes har lang erfaring med statistisk metode for samfunnsvitskap, og har forska på innovative undervisningsmetodar i høgare utdanning.
Foldnes fortel at Gameplay faktisk er det første prosjektet i verda kor ein brukar maskinlæring til tidleg avdekking av lese- og skrivevanskar.
– Vi vil ta i bruk ulike maskinlæringsmetoder for å se om noen av dem klarer å plukke opp skjulte mønstre i elevenes spill-adferd som kan tyde på at de har vanskeligheter, forklarer han.

Les mer om prosjektet: Nyskapende bruk av lesespill skal identifisere lese- og skrivevansker hos førsteklassinger

Ny, energieffektiv undervatn-farkost

Prosjektleiar ved UiS, Muk Chen Ong

Eit innovasjonsprosjekt i næringslivet – i sektoren kalla IPN – er eit prosjekt som er leia ev ein bedrift og som har omfattande innhald av forskings- og utviklingsaktivitetar. Desse prosjekta er meint å skulle gje eit betydeleg bidrag til fornying og auka verdiskaping for dei bedrifta som deltek.
IKM Technology fekk tilslag på eit av desse IPN-ane. Professor Muk Chen Ong er prosjektleiar ved UiS. No skal han og selskapet utvikle vidare den energieffektive ROV-løysinga. Ein ROV er ein fjernstyrt undervatn-farkost, ein robot som blir manøvrert frå eit kontrollrom på skip eller plattform. Ei viktig oppgåve for desse farkostane er blant anna inspeksjon, vedlikehald og reparasjon av installasjonar på havbotnen.
No skal teknologien utviklast vidare med ein heilt ny farkost med moderne teknologi som gjer det mogleg å drive aktivitetar under vatn med både reduserte utslepp og redusert driftskostnad. Denne nye farkosten vil også kunne flytte seg autonomt mellom forskjellege lokasjonar for å på den måten betene fleire oljefelt utan å trenge støtte frå eit skip. Denne funksjonaliteten vil både redusere utsleppa av operasjonar under vatn kraftig og auke fleksibilitet, tilgjengelegheita og utnyttinga av den nye ROV.

SafeRock gjorde storeslem

Prosjektleiar ved UiS, Mahmoud Khalifeh

Førsteamanuensis Mahmoud Khalifeh ved Institutt for energi- og petroleumsteknologi i samarbeid med selskapet SafeRock AS, fekk tilslag på sin søknad på prosjektstøtte til innovasjon i næringslivet (som heiter IPN i sektoren) som går ut på å vidareutvikle ein alternativ form for sement til bruk i konstruksjonar. I tillegg fekk Khalifeh støtte til eit av dei utlyste kompetansebyggande prosjekta for næringslivet, kor partnarane (Total, AkerBP og UiS) vil undersøke og analysere bruken av den alternative sementen med tanke på plugging av oljebrønar.
Innovasjonsprosjektet dreier seg om utvikling av eit alternativt produkt til sement. Produktet er eit såkalla geopolymer som er ein form for kunstig stein. Ved produksjon av denne nyskapande kunstige sementen kan ein oppnå 80 prosent reduksjon i CO2-utslepp samanlikna med dagens situasjon med sement.
Tidlegare i år fekk Mahmoud Khalifeh SR-Banks innovasjonspris for å vise ei usedvanleg evne til å konkretisere forskingsresultat i patent og teknologiske løysingar.

Les også saken: 79 millioner til UiS for å løse store samfunnsutfordringer på uis.no

Les også pressemeldingene fra Forskingsrådet:
Forskningsrådet investerer 602 millioner kroner i mer innovasjon i næringslivet
193 millioner til 29 prosjekter for innovasjon i offentlig sektor

Tekst: Karen Anne Okstad ved UiS