– No startar vi ei ny tid. Klima, miljø og berekraft skal inn i alle delar av organisasjonen, seier Rebecca Briedis, som er tilsett som koordinator for grøn omstilling på UiS.
– Vi må feie for eiga dør, seier Rebecca Briedis. Ho er koordinator for grøn omstilling ved Universitetet i Stavanger (UiS). Sidan ho var tilsett i februar 2022 har ho farta rundt på campus og møtt studentar, forskarar, faglege i administrasjonen, leiarar og eksterne aktørar.
Briedis denne våren arrangert ei rekke workshopar og ho koordinerer no ulike samarbeid som skal gje kraft til UiS som aktør i den grøne omstillinga.
Ho har blant anna samla Avdeling for bygg- og arealforvaltning, administrasjon og vitskapleg tilsette til ein workshop for å finne løysingar og ein god og rask veg fram til ein campus med null utslepp på energisida.
Workshopane har munna ut i ein handlingsplan for grøn omstilling ved UiS.
– Vi har no ei meir systematisk tilnærming til korleis UiS skal arbeide med å redusere si påverknad på miljøet, fortel Briedis.
Tverrfagleg arbeidsgruppe
Med på laget sitt har ho ei tverrfagleg og vitskapleg arbeidsgruppe. Saman skal dei leie arbeidet med å implementere UiS sin strategi knytt til grøn omstilling.
– Klima, miljø og berekraft skal inn i alle delar av organisasjonen og vere førande for all aktivitet som skjer fram mot 2030. Dette er i tråd med UiS Strategi 2030, seier Briedis.
Ei berekraftig utvikling er ei utvikling som held mål også for framtida og som ikkje øydelegg for komande generasjonar til å tilfredsstille sine behov.
Grøn omstilling er stort. Det er difor viktig å prioritere. Kva er det som hastar mest? Saman med arbeidsgruppa har Briedis vald å prioritere tre satsingsområde i første omgang.
- Campus
- Utdanning
- Samfunn
– Vår region har vore prega av olje- og gass-sektoren. No held vi på å flytte fokuset over på alle typar energikjelder: vind, sol og hydrogen – til dømes. Her har UiS ei viktig rolle. Vi skal vere drivkrafta i den teknologiske utviklinga mot eit nullutsleppssamfunn – og vi skal vere premissleverandørar når det gjelder politikkutforming og kulturendring. Vi har også eit stort ansvar når det kjem til å utdanne nye generasjonar som skal bli rusta til å ta tak i – og løysa – dei framtidige klimautfordringane, forklarar Briedis, som er tilknytt Innovasjonsavdelinga,
Sjølvforsynt med energi innan 2030
Briedis brenn for utviklinga av ein grønare og meir berekraftig campus. Ho har sjølv skrive ei masteroppgåve om utslepp frå transportsektoren i Norge då ho studerte ved Imperial College London, og ho har i fleire år jobba med å hjelpe andre organisasjonar med utvikling av strategiar knytt til berekraftig omstilling og sirkulær økonomi.
– UiS står ikkje på bar bakke. Det er mykje som har skjedd – og mykje skjer, seier Briedis og fortel at ho har møtt mange engasjerte og ivrige UiS-tilsette som brenn for endring.
UiS har til dømes jobba aktivt med mobilitet i samarbeid med Kolumbus og Stavanger kommune, vorte Miljøfyrtårn og har etablert eit system for miljøstatistikk. Vidare har UiS ambisjon om å gjere seg uavhengig av fossile energikjelder. Målet er å vere sjølvforsynte med energi innan 2030.
Endring på campus
Briedis forklarar kvifor det er naudsynt å drive fram endring av eigen verksemd.
– For det første: Når vi taler om grøn omstilling og berekraft i førelesingane og i utdanninga vår, så blir det underleg om studentane møter det motsette når dei kjem ut av undervisningslokala. Vi må vise at vi klarer å endre oss vi også.
– For det andre: Vi må vere bevisst vårt eige miljøavtrykk og gjere noko for å redusere det. Korleis kan vi vere ein pådrivar for å løyse utfordringane i regionen om vi ikkje sjølv prøver å ta tak i eigne utfordringar?
Om nokre år vil studentar som kjem til campus, møte fleire grøntområde med eit rikare naturmangfald og eit universitet som tek berekraftige val. Dette kjem fram av UiS sin campusutviklingsplan. Briedis skal følgje campusutviklinga tett vidare.
Grøn veke i oktober
For å skape engasjement og auka bevisstheita og gjere det mogleg for ei reell kulturendring planlegg Briedis og administrasjonen å utvide «grøn dag»-arrangementet til ei grøn veke for studentar og tilsette.
Første grøne veke er 3. til 7. oktober 2022. Tema for akkurat denne veka er «berekraftig mat». Her samarbeider UiS med blant anna Studentsamskipnaden i Stavanger for å gje eit betre tilbod på berekraftig mat, det vil seie mat som har låg miljøpåverknad.
– No startar vi ei ny tid kor alle skal bli kjend med kva UiS gjer innan berekraft, og alle skal involverast i berekraftsarbeidet. Dette er ikkje eit ansvar som ligg hos ein person. Det ligg hos oss alle. UiS har fram til no nøyd seg med å gjere det som samfunnet elles gjer. Men no må vi vise fram meir musklar for å drive fram grøn omstilling på campus og elles i samfunnet, påpeiker Briedis.
Færre og meir miljøvenlege reiser
I 2020 innførte UiS ein ny reisepolitikk kor målet er å redusere talet på reiser. Tilsette og deira leiarar skal no – før dei bestiller reisa – vurdere klima-avtrykket og vege det opp mot i kva grad reisa er naudsynt. Dei skal vurdere om det finst alternativ til å reise, i form av til dømes webinar eller digitale møte. Og dei skal søkje alternative reisemåtar – som til dømes nattog til Oslo.
UiS har nyleg også innført eit miljøstipend på reiser for Erasmus+ studentar.
Men det er også viktig å forstå korleis studentar og tilsette kjem seg til og frå campus i kvardagen.
– Vi jobbar med å fremme miljøvenlege reiser til og frå campus i tråd med handlingsplanen til Stavanger kommune. Vi ønskjer at gange, sykkel og kollektivtransport skal vere dei foretrekne transportmidlane og jobbar for at dette skal vere attraktive val for folk flest, seier Briedis.
Alle studentar skal lære om berekraft
Ei prosjektgruppe ved UiS jobbar for tida med å lage eit emne innan berekraft, innovasjon og entreprenørskap som skal integrerast i alle studieprogram på tvers av fakulteta.
– Vi tenkjer oss at alle studentane ved UiS skal få ei innføring i berekraft, som er relevant for absolutt alle studieretningar, seier Briedis.
– Berekraft er for eksempel viktig innafor helse og ernæring – kva type mat vi produserer og spis har mykje å seie for klimaavtrykket vi etterlet oss. Innafor til dømes juss-faget må framtidas juristar veie sosiale og økonomiske interesse opp mot miljø. Økonomifaget har viktige fagfelt som til dømes klimarisiko, klimatilpassing, miljøøkonomi og miljøverdsetting. Innan samfunnsvitskapen og humaniora har vi viktige studieretningar innan miljøpolitikk og miljøhistorie kor ein kan utforske kultur- og åtferdsendring knytt til ressursbruk og miljø gjennom tidene, påpeiker Briedis.
Møtast på tvers
Ei viktig oppgåve for Briedis og arbeidsgruppa for grøn omstilling er å få folk til å møtast på tvers.
– Samarbeid på tvers av kompetanseområde er essensielt for å få til den grøne omstillinga. Vi får ingenting til om vi ikkje får folk til å samarbeide på tvers. Eller det går i beste fall veldig sakte. Vi må bryte ned siloane dersom vi skal kunne arbeide raskt og godt med grøn omstilling, seier Briedis.
– Det overordna målet mitt er likevel å gjere meg sjølv overflødig. Det skal ikkje vere behov for meg i framtida. Grøn omstilling skal gå av seg sjølv, konstaterer Briedis.
Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Mari Løvås