Tre nye meritterte undervisarar ved UH-fakultetet

Professor Finn Arne Jørgensen (IKS) har saman med førsteamanuensis Tuula Skarstein (IBU) og førsteamanuensis Janne Fauskanger (IGIS) blitt utnemnd som merittert undervisar denne veka. For Jørgensen er det andre gang dette skjer.

Published Sist oppdatert

Å oppnå status som merittert underviser krev innsats ut over det ordinære. Dekan Odd Magne Bakke ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora er stolt av dei tre medarbeidarane sine som no trer inn i rekka av meritterte undervisarar ved UiS.

- Krava som er sett for å oppnå denne statusen er omfattande. Difor er det ekstra kjekt å gratulere dei tre med ei utnemning som heng høgt, seier Bakke.

Utvikling av eit godt studie- og læringsmiljø har høg prioritet ved UH-fakultetet.

- Det dreier seg om å gi variert undervisning som er relevant for framtidig arbeids- og samfunnsliv, og som fungerer som fødselshjelpar for at studentane skal forløyse sitt potensiale. Men læringsmiljøet handlar også om trivsel, eit godt studentmiljø, personleg utvikling og danning.

Dei tre som no er blitt meritterte undervisarar kjem frå ulike faglege samanhengar.

- Det viser at det pågår eit breitt og stort arbeid med undervisningskvalitet på tvers av fakultetet. Det er stor kreativitet og høg forskingsmessig kvalitet over arbeidet deira, seier dekan Odd Magne Bakke. 

Undervisning er meir enn førelesningar

For Finn Arne Jørgensen sin del er dette ikkje noko nytt. Historieprofessoren vart merittert undervisar ved universitetet i Umeå allereie i 2016.

- Den norske modellen for merittering er inspirert av den svenske, men kriteria ved UiS er noko annleis enn dei var i Umeå, så eg måtte søke på nytt. Når det er sagt er det kjekt å få slik merksemd for erfaringa eg har bygd opp og måten eg jobbar med undervisning på.

Mann med briller står foran bokhylle.
Finn Arne Jørgensen er professor i miljøhistorie (Foto: Anja Kristin Bakken)

Professoren brukar no meir tid på forsking enn undervising, og prøver mellom anna å få studentane sine involvert i forsking. Han er også involvert i doktorgradsundervisning innan miljøhumaniora.

​​​​​​​​​​​​​​- Noko av det eg likar best er nå eg klarer å skape ein kultur i klasserommet der studentane tar eigarskap til undervisninga. Eg vil at studentane mine skal vere aktive, lære seg å vere uavhengige, tenke sjølv og ta ansvar. Det er stor læringseffekt i det. Eg har jobba mykje med å få dette til å fungere, også på nett.

I Umeå fekk Jørgensen god erfaring med nettundervisning.

- Det har jo vist seg å vere i overkant nyttig det siste året, humrar han.

Dette handlar mellom anna om å sette forventningar og forsøke å bli kjent med studentane.

- Eg må vite kva studentane er i stand til. Kven kan eg spele på, og korleis? Det er kjekt når eg kan legge til rette for kreative aktivitetar, ved t.d. å legge undervisning til DDV og ta 3D-printarar i bruk. Eit anna døme er å be studentane skrive blogginnlegg, og deretter lese og kommentere kvarandre sine innlegg. Det bidrar til å skape ei kjensle av å vere i same klasse, meiner han.  

Jørgensen er klar på at det er vanskeleg å bygge eit godt studiemiljø, og han jobbar kontinuerleg med å betre og utvikle undervisninga si.

- Det krev meir av meg som undervisar. Eg vil ikkje lene meg på førelesninga, men det er utfordrande når ein har store emne med mange studentar.

Han meiner det er viktig å ha ei forskande tilnærming til undervisning.

- Involvering av studentar i forsking er lurt. Det kan vere tematisk, men kan også like gjerne handle om pedagogisk utforsking av læringseffektar. Ved UiS har vi høve til å søke om pedagogiske utviklingsprosjekt. Det er bra, det skal ikkje alltid så mykje til for å justere fokus. 

Jørgensen likar å prøve nye ting:

- Gjer ein det same heile tida så blir det keisamt! Det er viktig å ha eit større pedagogisk repertoar som undervisar enn berre førelesninga. Bredde gir variasjon, og då kan eg tilpasse undervisninga best mogleg til studentane og emnet det er snakk om, avsluttar han.   

Kontinuerleg vilje og evne til å utvikle

Tuula Skarstein har undervist ved UiS sidan 2013. Ho er glad for å ha blitt merittert undervisar.
- Det er ei stor ære! Ved eit universitet er det ofte stort fokus på forsking, men god kvalitet i undervisninga vår er minst like viktig. I så måte tykkjer eg det er fint at UiS anerkjenner god undervisning på denne måten.

Skarstein underviser i naturfag ved Institutt for barnehagelærarutdanning (IBU). Noko av det kjekkaste med å undervise er tilbakemeldingane frå studentane.

- ​​​​​​​Mykje av driven min ligg i at eg ser at studentane får noko igjen. Når dei gir positive tilbakemeldingar aukar det lysten min til å gjere det enda betre neste gong. Målet mitt er å gjere studentane mine interesserte i naturen, slik at dei kan ta med seg den fascinasjonen ut i jobben som barnehagelærarar. Eg kan aldri lære dei alt dei treng å vite om naturfag, men eg skal gi dei eit grunnlag og gjere dei interesserte nok til at dei vil jobbe vidare med dette ute i barnehagane. På det viset håpar eg at dei kan føre vidare tanken om berekraftig utvikling til barna dei skal jobbe med.

Ho meiner at statusen som merittert underviser syner at ein har kontinuerleg vilje og evne til å utvikle undervisninga si. 

- Samfunnet rundt oss endrar seg og studentmassen endrar seg. Då må vi også justere undervisninga vår og utvikle oss for å halde tritt.

Skarstein peikar også på kor viktig det er å vere del av eit større miljø. 

- Ved IBU jobbar vi mykje tverrfagleg, og eg lærer stadig vekk nytt frå kollegaer, heile tida. Det gir meg mykje som undervisar. Samspelet med kollegaer og studentar er ein viktig del av bakteppet for at eg har søkt og blitt vurdert som merittert undervisar, seier Tuula Skarstein.  

To kvinner sitter på en benk foran en bygning
Førsteamanuensis Janne Fauskanger underviser i matematikk/-didaktikk, medan førsteamanuensisTuula Skarstein underviser i naturfag. (Foto: Maria Gilje Strand)

Viktig med variasjon

Janne Fauskanger har undervist ved lærerutdanninga sidan 1992.

- Gjennom arbeidet med å sette saman mappa med dokumentasjon i søknadsprosessen innsåg eg at eg har jo gjort ganske mykje opp gjennom åra!

Ho tykkjer det er stas å bli satt pris på, og likar at undervisning blir satt i fokus.

-​​​​ Vi som jobbar med profesjonsutdanningane har ofte opp mot 80 prosent undervisning og 20 prosent forskingstid. Det seier seg sjølv at undervisningskomponenten er ein svært viktig del av arbeidskvardagen vår. For min eigen del prøver eg heile tida å utvikle meg sjølv, justere og lytte til tilbakemeldingar. Det siste året har utfordra oss kraftig, men det er kjekt å finne måtar å få studentane til å samarbeide og diskutere, også når undervisninga er digital.

Fauskanger underviser i matematikk/matematikkdidaktikk, og er oppteken av variasjon i undervisninga.

- ​​​​​​​Jobben min handlar like mykje om å lære studentane korleis dei skal drive matematikkundervisning, som å lære dei matematikk. For meg er det viktig at undervisninga blir variert, og at eg klarer å synleggjere elevane i undervisninga.

Den praktiske erfaringa med å undervise elevar får studentane gjennom praksis, men for at undervisninga skal bli levandegjort resten av tida tykkjer Fauskanger det er viktig å halde eleven tydeleg fram.

- Det kan vere at vi ser på planar for undervisning, transkripsjonar frå matematiske samtalar, døme på elevløysingar på oppgåver, videoar frå matematikkundervisning – vi kan ikkje berre ha matematikk-didaktisk teori, men må gjere den levande for studentane!

Fauskanger meiner det like gjerne kunne vore kollegaene hennar som fekk statusen som merittert undervisar, og håpar ho snart er ein av fleire.

- Kollega ved IGIS, Milica Savic, vart merittert undervisar i fjor, og eg trur eigentleg det er mange av kollegaene mine som hadde gjort seg fortent til statusen om dei søkte. Eg har allereie presentert mappa mi for kollegane mine i matematikkgruppa og håpar det kan inspirere fleire til å søke neste gang!

Desse er omtalt i saka

Professor i historie
51833687
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Førsteamanuensis i naturfag
51831127
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for barnehagelærerutdanning
Professor i matematikk
51833558
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk
Dekan
51832341
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora