Opplev Wonderful World – filosofi- og vitskapsfestival i Stavanger

Torsdag 30. mai kl. 12:00 - Søndag 2. juni kl. 15:00,
TOU.

Universitetet i Stavanger er ein støttespelar og studentar og tilsette er særleg velkomne og får rabattert festivalpass på Wonderful World-festivalen, som gjev rom for kunnskapsdeling, meiningsbryting og refleksjon.

Publisert Sist oppdatert
Utsnitt av gress-jordklode med visuell framstilling av teksten "Wonderful world"

Universitetet i Stavanger er medarrangør av festivalen Wonderful World som føregår på TOU Scene siste helga i mai.

Programmet består av rundt 80 ulike føredrag, debattar og samtalar. I tillegg eit par konsertar, stand-up og studentteater. Festivalen er også rusta med eit omfattande filmprogram. 

Studentar kan kjøpe billettar til sterkt rabattert pris.

Tilsette ved UiS får rabatt ved å gå inn på tilsettsida: UiS Intranett. Tilsette som kjøper festivalpass til rabattert pris, må vise gyldig tilsett-ID-kort når passet blir henta fysisk på festivalkontoret.  

Naturvitskapleg serie

Anders Tranberg, professor i teoretisk fysikk, er medlem av festivalen sitt programråd og har hovudansvar for dei naturvitskaplege seriane under festivalen.

– Vi har sett alle segl for å kunne tilby eit program med ekstra høg kvalitet med plass til dei litt utradisjonelle perspektiva. Vi har særleg lagt vekt på vitskapshistorie, kosmologi, kvantemekanikk og kunstig intelligens, fortel Tranberg. 

I programposten «Dark is the new black: dark matter, dark energy, and black holes» vil tre internasjonale ekspertar fordjupe seg i fenomena mørk energi, mørk materie og svarte hol – og spørje: Kva er desse? Korleis observerer vi dei? Og kvifor er desse fenomena viktige for vår forståing av verda?

– Dette er tema som har funne sin veg inn i “mainstreamen”. Dessutan er tema knytt til det vi faktisk forskar på her på UiS. Vi har med andre ord invitert nokre venar til fest, fortel Tranberg som har med seg ei gruppe forskarar frå fagmiljøet innan teoretisk matematikk og fysikk som bidreg med innhald til dei vitskaplege seriane under festivalen. 

Forskarar frå UiS som deltek frå det teknisk-naturvitskaplege miljøet er: Alex NielsenAlexander RothkopfEero Aleksi KurkelaVegard UndheimSigbjørn HervikRoald KommedalAlvaro Quilez i tillegg til Anders Tranberg

Abels Tårn live frå Universitetsbiblioteket

Torsdag 30. mai klokka 16:00-17:00 arrangerast Abels tårn i Maskinhallen på Tou. Arrangementet er gratis og ope for alle. Her kan du blant anna høyre Sigbjørn Hervikprofessor i anvendt matematikk ved Universitetet i Stavanger.

Fredag 31. mai klokka 12:15-13:15 kjem NRK P2s populærvitskapelege fyrtårn til Universitetsbiblioteket i Stavanger på campus Ullandhaug.

Torkild Jemterud tek med seg tre ekspertar frå ulike fagfelt som skal svare på lyttaranes undringar om korleis verda faktisk fungerer. Bli med som publikum og kom og høyr på molekylærbiolog Sigrid Bratlie, UiS-fysikar Vegard Undheim og medievitar Lars Nyre.

Andre UiS-forskarar som deltek på festivalen er: Mari RegeMorten Tønnessen, Ingunaya Amundsen

Det er verdt å merke seg at festivalen denne gongen har ein del føredrag/samtalar/debattar på engelsk, og at også mange av filmane på søndagen er på engelsk. I tillegg har omtrent alle filmane engelske undertekstar.