Leik som traumeterapi

Studien som blir presentert her, ser nærmare på påverknaden barnesentrert leikterapi kan ha på barn som har opplevd potensielt traumatiske situasjonar.

Published Sist oppdatert
Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.

Studiane indikerer at barnesentrert leikterapi har signifikant og positiv påverknad på barnet sitt forhold til andre, spesielt på forholdet til føresette.

Traume blir beskrive som eit resultat av ein emosjonelt smertefull situasjon som overvelder ein person si evne til å overkomme eller handtere den. For barn kan kjensla av at dei ikkje har kontroll vere nok til å skape eit traume. Institutt for behandling av stoffmisbruk og psykiske sjukdommar (The Substance Abuse and Mental Health Services Administration) i USA rapporterte i 2017 at to tredjedelar av barn i USA opplevde minimum ein traumatisk situasjon før dei var fylt 16 år. På grunn av det store talet barn som har opplevd potensielt traumatiserande opplevingar, blir traume som stammar frå barndommen sett på som ein av dei viktigaste helsemessige utfordringane for amerikanske helsemyndigheiter å gripe fatt i.

To personer bygger med klosser
Når barn opplever potensielt traumatiske situasjonar, kan dette påverke deira sosiale, emosjonelle og kognitive utvikling i negativ retning. (Foto: Getty Images)

Bakgrunn

Traumatiske situasjonar kan ha stor øydeleggjande effekt på individet langt inn i vaksenlivet. Når barn opplever potensielt traumatiske situasjonar, kan dette påverke deira sosiale, emosjonelle og kognitive utvikling i negativ retning. Når dei blir vaksne, har desse barna auka risiko for å utvikle blant anna depresjon, alkoholmisbruk, risikofylt seksualåtferd og sjølvdrapssåtferd. Dei har òg ein større risiko for å få blant anna overvekt, diabetes, slag, hjartesjukdommar og kreft. Eit barn som vert påført traume, kan også utvikla grunnleggjande tillitsproblem og vil då ha mindre tillit til dei som skal hjelpa dei. På grunn av dei negative konsekvensane av å bli påført traume i barndommen er det viktig å identifisere effektive traumesensitive og utviklingsegna tiltak (intervensjonar) for barn som har opplevd potensielt traumatiserande situasjonar.

Barnesentrert leikterapi er ein kunnskapsbasert tilnærming for barn som har opplevd potensielt traumatiske situasjonar. Barn brukar leik som ein metode for å lære, for å prosessere kjensler og for å skape meining i verda som dei opplever den. Forskarane ser at ein ved bruk av barnesentrert leikterapi lettare kan identifisere og møte utviklingsbehova til barn som har opplevd traumatiske situasjonar. Likevel er barnesentrert leikterapi sjeldan inkludert i systematiske kunnskapsoversyn og forsking som utforskar effektive behandlingar for barn som har opplevd potensielt traumatiske situasjonar. Gjennom ein metaanalyse ynskjer forskarane bak dette bidra til ei auka forståing av effekten leikterapi har på barn som har opplevd potensielt traumatiske situasjonar.

Føremål

Fylgjande fire forskingsspørsmål styrte utvalet av studiar som var relevante for den systematiske kunnskapsoppsummeringa (vår omsetting): 

  1. Kva er den metodologiske kvaliteten på forsking som brukar barnesentrert leikterapi med barn som har opplevd potensielt traumatiske situasjonar? 
  1. Kva type traumatiske situasjonar er adressert innanfor forsking som brukar barnesentrert leikterapi? 
  1. Korleis vurderer forskarane av barnesentrert leikterapi forbetringar hos barn som har opplevd traumatiske situasjonar? 
  1. Kva effekt har barnesentrert leikterapi på barn og deira føresette etter ein potensielt traumatisk situasjon? 

Inkluderte studiar

Søket etter relevante studiar blei gjort i overeinskomst med seks kriterium. Studiane måtte: 

  1. omhandle barn som har opplevd ein eller fleire potensielt traumatiske situasjonar 
  1. inkludera minimum ei tiltaksgruppe som fekk ein klar barnesentrert leikterapiorientert intervensjon 
  1. samanlikne verknaden av barnesentrert leikterapi med verknaden av (a) å ikkje få nokon behandling, (b) terapi/behandling som vanleg, eller (c) ei alternativ behandling 
  1. bruke kvantitativ psykometrisk vurdering
  1. vere skriven på engelsk 
  1. vere publisert mellom 1999 og 2018 

Studien blei ekskludert viss han ikkje oppgav originale resultat, brukte enten ei venteliste-gruppe eller samanlikningsgruppe, og viss studien ikkje inkluderte detaljert informasjon om intervensjonen.

Det var til saman 32 studiar som møtte kriteria satt for inkludering. Til saman inkluderte studiane 1 207 deltakarar, og kvar studie inkluderte frå 12 til 168 deltakarar. I tidlegare metaanalysar som omhandlar barnesentrert leikterapi, har også andre typar barnesentrert terapi blitt inkludert. Det gjer at det også i dette kunnskapsoversynet blir inkludert studiar med annan barnesentrert terapi. Dei inkluderte terapiformane på tvers av dei inkluderte studiane er barnesentrert leikterapi (n = 7), barn–føresette-forholdsterapi (n = 16), barn–lærar-forholdsterapi (n = 5), gruppebasert barnesentrert leikterapi (n = 3) og barnesentrert aktivitetsterapi (n = 1).

Voksen og barn leker og klapper hendene sammen
Studiane indikerer at barnesentrert leikterapi har signifikant og positiv påverknad på barnet sitt forhold til andre, spesielt på forholdet til føresette. (Foto: Getty Images)

Resultat

Dei 32 inkluderte studiane kategoriserte deltakarane som minoritet eller innvandrar (n = 9), levde i fattigdom (n = 8), utsett for eller vert vitne til mishandling (n = 6), adoptert, foreldrelaus eller med tilknytingsforstyrring (n = 5), opplevd kronisk sjukdom (n = 2), erfaring med å ha foreldre i fengsel (n = 1) og opplevd naturkatastrofar (n = 1). Dei inkluderte studiane var av varierande kvalitet, og artikkelforfattarane etterlyser blant anna bruk av statistisk styrkeanalyse .

Det er ein god mengde studiar som har undersøkt påverknaden barnesentrert leikterapi kan ha på barn som har opplevd potensielt traumatiske situasjonar. Forskarane ser at barn som har opplevd traumatiske opplevingar, har ein større sjanse for å utvikle åtferdsproblem som varar over lang tid, kan hende som ein meistringsstrategi for å beskytta seg sjølv. 60% av dei inkluderte studiane viste ein signifikant nedgang i barna sin eksternaliserende åtferd som fylgje av leikterapi, og 64% rapporterte signifikant nedgang i generell negativ åtferd hos barna. På den andre sida rapporterte berre 36% av studiane ein signifikant nedgang i internaliserende åtferd hos barn. Årsaka til dette kan vera vanskar med å isolere internaliserende åtferd som fylgje av traume frå andre samtidige tilstander, som ADHD.

Studiane indikerer at barnesentrert leikterapi har signifikant og positiv påverknad på barnet sitt forhold til andre, spesielt på forholdet til føresette. I studiane som omhandla føresette sin grad av empati ovanfor barnet, visar alle studiane ei signifikant auke i empati for barnet hos føresette. Dette indikerer at føresette som er i kontakt med barnet sitt når barnet leikterapi, føler mindre stress og meir empati ovanfor barnet, noko som hjelper dei å møte barnet på ein betre måte.

Implikasjonar

Gjennom dette har det blitt tydeleg at det trengs meir forsking på bruk av leik i behandling av barn som har opplevd potensielt traumatiske situasjonar. Når artikkelforfattarane undersøkte kva for studiar som rapporterte signifikante resultat og ikkje, kom det ikkje frem nokon tydelege mønster. Ved å sjå på studiane som er inkluderte, kjem det fram kunnskapshull som ny forsking kan vere med å tette. Studiane visar blant anna til små undersøkingsgrupper, og at fåtal av studiane (n = 8) inkluderte mengde- og styrkeberekningar . Forskarane bak dette kunnskapsoversynet har undersøkt påverknaden barnesentrert leikterapi kan ha på dei akademiske prestasjonane, men dei har ikkje sett på potensielt traumatiske situasjonar som kan stamme frå å ha låge akademiske prestasjonar. Dette er hol som bør tettast av ny forsking.

Referanse:

Parker, M. M., Hergenrather, K., Smelser, Q., & Kelly, C. T. (2021). Exploring child-centered play therapy and trauma: A systematic review of literature. International Journal of Play Therapy, 30(1), 2–13.  DOI: https://doi.org/10.1037/pla0000136

Les òg desse relaterte forskingsnotata: