– Å gå PPU hjalp meg med å finne ut korleis det er å jobbe som danselærar

Praksisen gav Ingrid innspel til korleis ho kunne trekke trådar mellom ulike kunstnarlege uttrykk i undervisinga.

Published Sist oppdatert
Svart hvitt portrett av Ingrid Lausund Tengesdal
Ingrid Lausund Tengesdal

Ingrid Lausund Tengesdal tok praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande og skapande kunstfag med fokus på dans. Dette tok ho som eit deltidsstudium mellom 2020-2022, og har tidlegare ein bachelor i samtidsdans frå UiS. Her fortel ho med eigne ord om korleis det var å ta PPU-utdanninga ved Fakultet for utøvande kunstfag.

Kjelde til refleksjon

Å gå PPU hjalp meg med å finne ut korleis det er å jobbe som danselærar, men også korleis eg skulle strukturere det pedagogiske både ved oppbygging og utføring av undervising. Det hjalp meg å sjå korleis eg kunne ta i bruk min kunnskap som dansekunstnar inn i danseundervisinga, og fekk meg til å reflektere over kven eg ønska å vere som lærar. Det gjorde at eg følte meg meir trygg til å gå ut i arbeidslivet som lærar!

Mykje erfaring frå praksisen

Eg vil trekke fram praksisen ein har gjennom PPU som eg sjølv fekk mykje erfaring frå. Eg fekk ta del i praksisprosjekt der me samarbeida tverrfagleg med musikk- og teaterstudentar. Dette ga meg mykje innspel til korleis eg kan trekke trådar mellom ulike kunstnarlege uttrykk i mi undervising. Her måtte eg sjølv også vere med å synge, noko eg ikkje er så veldig komfortabel med. Dette vart ganske lærerikt med tanke på korleis eg er med elevar og motiverer dei, sjølv om eg ikkje er den beste songaren.

Godt studentmiljø på Bjergsted

Eg har sjølv vakse opp i Stavanger og studerte her i fem år. Men sjølv om eg var godt kjend i byen frå før så blir han opplevd svært annleis som student. På campus Bjergsted blir ein del av eit godt og fint studentmiljø, samt eit kulturliv som har konsertar, framsyningar og danseklassar som er kjekke å få med seg.

Variert jobb

For tida jobbar eg fulltid på Stavanger kulturskule der eg underviser jazzdans og ballett. I tillegg er eg koordinator for framsyninga som kulturskulen set opp kvart år i Stavanger Konserthus. Eg gjer også utøvande oppdrag, men for tida går det mest i undervising, noko eg også trivst godt med.

Les også: Ti PPU-studentar innan musikk, song, dans, kunst og handtverk, og samfunnsfag med drama har laga til ei spennande og annleis veke for barneskuleelevar i Suldal kommune
Les også: Olaf jobbar som skodespelar, men har fått mykje ut av PPU-utdanninga i utøvande og skapande kunstfag

Interessert?