Det seier Kristoffer som er PPU-student ved Fakultet for utøvande kunstfag. I ei veke har han vore med på eit nytt innovativt prosjekt om bærekraft.
Ti PPU-studentar innan musikk, song, dans, kunst og handtverk, og samfunnsfag med drama har laga til ei spennande og annleis veke for barneskuleelevar i Suldal kommune.
Dei vanlege timeplanane vart løyst opp, og skuledagane fokuserte på praksisprosjektet Bærekraftig utvikling – å utforske læring med praktiske og estetiske læreprosessar ved den fådelte skulen, der temaet bærekraft vart belyst gjennom praktiske og estetiske læreprosessar.
Dette er eit innovativt samarbeidsprosjekt mellom UiS, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Desentralisert kompetanseutvikling (DeKomp) og Jelsa og Nesflaten skular.
Ein vinn-vinn-situasjon
– Me skal legge til rette for ei undervising som har si merksemd mot skaparglede, estetiske uttrykksformar og praktiske aktivitetar, som nå er sentrale perspektiv i opplæringas verdigrunnlag, seier rettleiar Kari Olene Oma Rønnes frå Fakultet frå utøvande kunstfag.
Prosjektet er laga ut frå den generelle læreplanen «Overordna del - verdiar og prinsipp for opplæringa» (Kunnskapsdepartementet, 2017). Her blir det gitt føringar om at elevane skal få oppleve «skaparglede, engasjement og utforskartrong» og at «elevane skal lære og utvikle seg gjennom sansing og tenking, estetiske uttrykksformar og praktiske aktivitetar».

– Studentane vil erfare og oppleve ei praksisopplæring med ei anna metodisk tilnærming i og med at elevane i klasserommet er aldersblanda ved dei fådelte skulane. Og elevane ved Jelsa og Nesflaten vil møte skulekvardagen på ein annan måte. Dette blir ein vinn-vinn-situasjon, seier Oma Rønnes.
Har vakse som pedagogar
Dei ti studentane kjem både frå UiS og HVL. Kristoffer Nordal er ein av studentane frå UiS som deltok i praksisen. Han tar PPU i song og har i tidlegare praksisperiodar hovudsakleg undervist songtimar individuelt. Nå fekk han utforske songfaget i ein større klasse saman med barn.
– Det var utruleg gøy, og eg opplevde at det også var spennande, utfordrande og lærerikt å få lov til å vere med på dette praksisprosjektet.
Studentane fekk lov til å ta over timeplanen til både små- og mellomtrinnet i ei heil veke. Medstudentane hans hadde bakgrunn innan dans, kunst og handtverk, samfunnsfag, og musikk.
– Eg har lært masse om desse faga nå, og føler at me alle har vakse enormt som pedagogar og klasseleiarar. Eg trur også barna har hatt det utruleg gøy, og mange uttrykte at dei ønska seg meir av dei estetiske faga i skulekvardagen, seier Nordal.
Aktuelt frå Fakultet for utøvande kunstfag
Kammermusikkonkurransen 2026
Helena Hansen, Martinius Kristensen og Mykhailo Makunts vant årets konkurranse
Professor Bjarte Engeset dirigerte Spellemann-vinner
Dirigent Bjarte Engeset medvirket på Krigsseilerrekviem
Tone Kittelsen er Dansens Dager-ambassadør 2026
Tidligere student er årets ambassadør for Dansens dager
Musikkforskere fra hele verden samles i Stavanger
Internasjonal konferanse i Bjergsted kulturpark i 2027
Bjergsted fløytetrio vant årets kammermusikkonkurranse
Talentfull fløytetrio vant Skjeies kammermusikkstipend
Stipend til Andreas Wetås Jara
Andreas Wetås Jara mottok årets stipend fra Inge Steenslands-stiftelse.
Heder, ære og 75 000 kroner
Årets mottaker av Steensland-stipendet er Maren Resell Sørheim ved avdeling for jazz ved Fakultet for utøvende kunstfag.
– Å gå PPU hjalp meg med å finne ut korleis det er å jobbe som danselærar
Praksisen gav Ingrid innspel til korleis ho kunne trekke trådar mellom ulike kunstnarlege uttrykk i undervisinga.
Hva betyr kulturpolitikk for samfunnsutviklingen?
En kronikk fra Harald Eikaas, dekan ved Fakultet for utøvende kunstfag.
Priscila fekk jobbe med musikarar og utøvarar på høgt nivå
Musikkproduksjon og opptaksteknikk blei ei moglegheit til å auke erfaringane på feltet
– Jeg ønsket å utvide mine kunnskaper, kompetanse og nettverk innenfor musikkproduksjonsfeltet
Frida har studert Musikkproduksjon og opptaksteknikk, og jobber i dag med å drive og administrere et lydstudio.
Tar digitale jazzstudier for å ha et mer lekent forhold til instrumentet sitt
Studiet er både kjekt, interessant og lærerikt, mener Karl Ole.
– Det har vært en glede, et privilegium – og travelt – å være dekan
Morten Wensberg har vært dekan ved Fakultet for utøvende kunstfag siden starten av 2018. Her kan du lese hans tanker og ...
Voices of Women setter fokus på kvinnelige komponister
Sikrer kvinners rettmessige plass på de historiske, samtids- og fremtidige arenaene for kunstnerisk produksjon gjennom m...

