Ann Michelle studerer energi, reservoar og geovitenskap: – Det som er så unikt med studiet, er at du faktisk får jobbe ute i felt

Då UiS kom på skulebesøk, oppdaga Ann Michelle at ho faktisk kunne finne ein jobb innanfor geologi. No håpar ho fleire ungdommar får auga opp for denne studieretninga.

Published Sist oppdatert
Jente med haustfargar i bakgunnen av bildet
Student Ann Michelle van Achterberg

Namn og alder: Ann Michelle van Achterberg, 24 år
Heimstad:
Randaberg
Her bur eg i Stavanger:
Tasta
Dette studerer eg no:
Mastergrad i energi, reservoar og geovitenskap


Eg studerer engeri, reservoar og geovitenskap fordi:

– Først og fremst fordi eg er veldig interessert i geologi. Eg tok ein bachelor i geovitenskap her på Universitetet i Stavanger (UiS), og så var det dette som fall meg mest naturleg inn. Og så ville eg få litt kompetanse innanfor reservoar.

Under bachelorgraden fekk ho dessutan ei belønning på 25.000 kroner frå selskapet Vår Energi, fordi ho var den bachelorstudenten på institutt for energiressursar med best karaktersnitt dei første fem semestera.

– Det gav motivasjon. Det var veldig kjekt, seier 24-åringen.

Mitt favorittemne på studiet er:

– På akkurat dette studiet hadde vi eit geologiretta kurs det første semesteret, heilt i starten. Det emnet heiter undergrunnsgeologi, eller «Subsurface Geology» på engelsk. Det er rein geologi som er min «passion», då. Å forstå landskapet, og korleis det har blitt til. Å kunne gå ut i naturen og sjå det sjølv.

Ho fortel at dei har vore på ekskursjonar, og fått prøve seg ute i felt.

– Vi har vore på to feltturar. Den eine var inkludert i eit kurs. Då reiste vi til Hellas. Vi fekk lage eit kart over heile området. Det er utruleg gjevande.

Ho held fram:

– Det som er så unikt med dette studiet, er at du faktisk får jobbe med det ute i felt. Du treng ikkje berre å lese om det i ei bok, og sjå eksempel. Ein blir så overraska kvar gang. Du ser gjerne i ei bok at noko er 30 km stort, men så kjem du ut i feltet og ser kor stor skala det faktisk er.

Derfor vil eg anbefale studiet:

– Det er eit veldig kjekt studieprogram, og eg synest det er litt trist at det er så få studentar som faktisk vel dette. Vi jobbar med det no på instituttet. Eg er ganske involvert i å prøve å nå ut til dei yngre, altså ned på ungdomskulenivå.

– Eg trur mykje av problemet handlar om at dei først og fremst koplar det opp mot olje, som den einaste løysinga. Men vi jobbar ikkje berre med olje, vi jobbar jo med ein energimiks. Ein kan ikkje berre ha olje og gass, men ein må komme opp med nye energitypar – for å drive samfunnet vidare.

24-åringen trur mange yngre stort sett berre høyrer om dei store, «vanlege» jobbane, som advokat eller lege.

– Dei veit ikkje at det er moglegheiter innanfor geologi. Eg veit at det er mange som eigentleg er interesserte i det. Det var sånn for meg. Eg skulle bli byplanleggar. Og så endte eg opp med å ta eit geofag som valfag på vidaregåande. Vi fekk besøk av laben på UiS, og eg fekk sjå i mikroskop. «Hæ, kan ein jobbe med geologi, liksom? Er det ein moglegheit?», tenkte eg.

Ho fortel at på arrangement som «Forskingsdagane» ved universitetet, er det mange som ikkje har noko forkunnskap om geologi som seier «Oi, eg har tatt feil studium. Det er dette eg skulle ha gjort.»

– Det er viktig å få fram for dei som er i valprosessen, at det finst moglegheiter innanfor dette fagområdet.

Dette er mitt beste studietips:

– Oi, beste studietips... Å jobbe kontinuerleg. Det må vere det aller viktigaste. Å stille spørsmål. Å jobbe saman med andre, men ikkje nødvendigvis skrive oppgåver saman. Men å diskutere alle problemstillingane heile vegen. Då får du andre sitt innblikk i forskjellige ting. Du lærer deg betre å formulere deg når du forklarar til andre.

Slik blei eg kjent med medstudentar på UiS:

– Eg er medlem i linjeforeininga Synergy. Tidlegare var eg president der. Vi likar å rulere litt på det, slik at alle får sjansen til å komme inn i styret og gjere ein innsats.

– Då eg starta på masteren, hadde eg akkurat blitt president i linjeforeininga, så det var lettast å «binde» klassen gjennom det. Det som er så fint med vårt institutt, er at vi er veldig få studentar. Vi har derfor veldig god kontakt med førelesarane. Vi har eit personleg forhold til dei, og det gir veldig mange fordelar.

Dette likar eg å gjere på fritida:

– Eg likar å trene og gå turar. Eg er veldig glad i musikk og kunst, og å vere med venner.

Dette er typisk Stavanger:

– Regn, hehe. Det var eit ganske godt spørsmål, eigentleg. Eg har ikkje tenkt så mykje på det. Eg har budd i området heile livet, så eg burde vel eigentleg ha eit godt svar på det.

– Det er veldig mange fine parkar, skogar og turområde. Det er bra sosialt og kulturelt liv, til å vere ein så liten plass, legg ho til.

Dette er min draumejobb:

– Kontrollingeniør i vegprosjektet Rogfast. Eg jobba der i sommar, og har tenkt mykje på at eg kan jobbe på kontor heile tida. Men eg føretrekker ein kombinasjon mellom kontorarbeid og å vere ute i felt. Ved å jobbe med tunnelkonstruksjon, får eg gjort begge deler. Miljøet er bra, og eg likte meg veldig godt der.