Masterstudent Camilla vil jobbe for menneske, og siktar seg inn på ein karriere som arealplanleggar

Då Camilla tok ein bachelor i byggingeniør, visste ho ikkje heilt kva ho ville etterpå. Men så fann ho ut at byplanlegging passa henne veldig bra.

Published Sist oppdatert
Jente med haustfargar i bakgunnen av bildet
Student Camilla Huynh

Namn og alder: Camilla Huynh, 25
Heimstad: Larvik
Her bur eg i Stavanger: Våland
Dette studerer eg no: Byplanlegging, mastergrad

Eg studerer byplanlegging fordi:

– Eg gjekk først byggingeniør på Universitetet i Agder i Grimstad. Og så visste eg ikkje heilt kva for ei retning eg ville. Eg likar veldig å jobbe for menneske. Då var det ein veldig fin kombinasjon, med tanke på tilrettelegging for menneske i byrom, sikkerheit og litt forskjellig. Det traff meg veldig bra.

Mitt favorittemne på studiet er:

– Akkurat no er det plan- og analysemetoder (BYG500). Då lærte vi korleis ein organiserer eit område, og finn all den informasjonen ein treng. No har vi eit nytt fag der vi utviklar og lagar modellar sjølv, og faktisk får prøve korleis det er.

Derfor vil eg anbefale studiet:

– Eg vil anbefale studiet for andre som har lyst til å tilretteleggje for samfunnet. Vi vil gjere det meir berekraftig. Viss ein interesserer seg for bygg, uterom og menneske – og likar å følgje reglar, så er det ein fin kombinasjon.

– Det er veldig sosialt. Vi jobbar mykje i grupper, og lærer av kvarandre. Studiet er veldig internasjonalt. Alt går på engelsk. Vi framfører presentasjonar på engelsk. Det er lærerikt. Vi har internasjonale utvekslingsstudentar, og folk som tar masteren sin. Nokon er jo arkitektar eller arealplanleggarar allereie. Eg som kjem frå byggingeniør-utdanning, har ikkje hatt noko om byplanlegging i det heile tatt. Men nokre av dei har kanskje hatt liknande fag, så ein lærer veldig mykje av andre.

Dette er mitt beste studietips:

– Mitt beste studietips er å planlegge og å ha god struktur. Når ein går master, må ein lage sin eigen kvardag. Vi har mykje gruppearbeid, så det handlar om å ha god struktur med gruppa, og å ha gode retningslinjer og mål for å jobbe godt saman.

Slik blei eg kjent med medstudentar på UiS:

– Eg er med i BIF (Byggingeniørenes linjeforening). Dei arrangerer mange forskjellige bedriftspresentasjonar, for å bli kjent med bedrifter. Dei har pizza og quiz i lunsjen. Og så er det ein studietur i januar 2024, som eg har meldt meg på. Då skal vi til Roma. Det er veldig gøy. Det er veldig mykje sosialt som ein kan delta på.

Dette likar eg å gjere på fritida:

– Eg likar å vere sosial og gå turar. Det er jo mange fine turområde i Stavanger. Mosvatnet, Stokkavatnet og Stavanger aust. Og så likar eg å lage mat. Eg bur ganske nær byen, så det er lett å gå ut og ta ein drink, eller å gå til Fargegata.

Dette er typisk Stavanger:

– Menneska er veldig hyggelege og imøtekommande. Det er eit litt vanskeleg spørsmål, sidan eg berre har budd her i tre månader.

Dette er min draumejobb:

– Min draumejobb er å bli arealplanleggar. Det er som sagt for å kunne tilretteleggje for menneske. Ein har jo både privat og offentleg sektor, så det er det eg utforskar litt no. Asplan Viak og Norconsult er veldig aktuelle arbeidsplassar. Det er berre å sjå kva som passar for deg. Ein kan alltid finne sin eigen måte å jobbe på.

– Eg likar å jobbe med andre, men samstundes likar eg også å jobbe aleine. Det er ein veldig fin balanse mellom å faktisk samarbeide, men også ha moglegheita til å trekke deg litt tilbake og jobbe for deg sjølv. Ein god kombinasjon fungerer best for meg.