Tolking av skjønnlitteratur på 8. trinn

Å lesa skjønnlitteratur handlar om å tolka. Desse tolkingane er utgangspunktet for ei stadig veksling mellom heilskapen og delane som teksten består av. Dei tolkingane ein gjer må difor botna i sjølve teksten og vera tett kopla til han.

Published Sist oppdatert

gutt leser
Målet må vera å finna eit spørsmål som både fangar essensen i teksten og som samstundes er opent nok til at det kan gi ulike tolkingar.

Det var nett det læraren på 8. trinn ønska at elevane skulle fokusera på i møte med kortteksten «Veslebror og Karlson» skriven av Erna Osland og henta frå samlinga Nær nok (2004).

Teksten handlar om Veslebror, hans mentalt utviklingshemma storebror Karl og mor deira. Teksten fortel om Karl som kan vera uroleg og som treng å passast på. Brørne søv på same rom, og mora har bede Veslebror om å passa på Karl. Men ein dag skjer det fatale,  Karl opnar vindauge på soverrommet, balanserer på hustaket og fell ned og slår seg i hjel.

Arbeid med teksten

Arbeidet med novella starta med at læraren presenterte målet for arbeidet: «Eg fortalte først litt om at målet var å lesa skjønnlitteratur og samtala om innhald og å analysera tekst» slik at elevane skulle forstå kva dei skulle læra.

Eit slikt mål for undervisninga er nært kopla til kompetansemålet i norsk på 10. trinn, «presentere egne tolkninger av personer, handling og tema i et variert utval av barne- og ungdomslitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse frå samisk».

Deretter las læraren teksten høgt for klassen samstundes som elevane sat saman to og to og hadde ein kopi av teksten framfor seg.

Først ville læraren sikra at alle elevane hadde fått med seg handlinga i teksten. Difor skreiv ho følgjande spørsmål på tavla: Kven er med?, Kva skjer?, Kvifor skjer det? Korleis endar det? Elevane diskuterte desse spørsmåla to og to før dei hadde ein samla diskusjon i plenum. På den måten sikra læraren at alle elevane kom til ordet og at samtalen ikkje vart styrt av dei mest ivrige elevane.

Dernest ville læraren at elevane skulle skjøna at Karl var utviklingshemma sidan det ikkje står eksplisitt uttrykt i teksten. Ho bad difor elevane finna stader i teksten kor Karl vart skildra, ein metode som også vert kalla skygging (Lillevangstu, Tønnessen, Dahll-Larssøn (red.), 2007, s. 76).

Elevane kom fram til at han lo mykje, at han lika å bli kalla røvar og at han lika månen og himmelen. Elevane merka seg at Karl var annleis på ein måte, og dei meinte at han måtte vera sjuk. Elevane såg også parallellen mellom rollefiguren Karlson på taket og Karl som likar å gå på taket, men dei greidde ikkje å seia at han var utviklingshemma .

Målet med litteraturlesinga var å analysera teksten, og læraren ville at elevane skulle trengja djupare inn i han. Ho stilte følgjande spørsmål: « Kven er ansvarlege for ulukka?» Først diskuterte elevane spørsmålet fritt, to og to. Sidan delte læraren ut eit kolonneskjema som skulle vera til hjelp for elevane. Skjemaet fokuserte på dei tre personane i teksten, mora, Veslebror og Karl og sette fokus på i kor stor grad dei var ansvarlege for ulukka og kor ein eventuelt kunne finna bevis for det i novella.  

Kolonneskjemaet tvinga elevane til å vera tett kopla til teksten og til å diskutera det overordna spørsmålet «Kven er ansvarleg for ulukka?» i lys av detaljar i teksten. Elevane måtte lesa teksten fleire gonger og markerte i teksten der dei meinte å finna bevis for påstandane sine. Mange elevar valte å bruka ulike fargekodar på dei tre personane, mora, Veslebror og Karl.

Nedanfor visest korleis mange av skjemaa såg ut.

MoraVeslebrorKarl
På kva måte er dei ansvarlege?- legg alt ansvaret på Veslebror
- ho er mor
- stoppa ikkje Karlson- han gjekk ut på taket
- har ein sjukdom
Bevis i teksten«vekk meg er du snill, om han blir uroleg»
 
«Og dessutan må jo du passe på Karl»
 
«reiser seg og seier at han må vere så snill å komme inn og varsku henne så snart Karl blir uroleg igjen»
«Eg skal passe på han, eg skal kome med ein gong, seier Veslebror…»

«Og derfor hører han ikkje dei farlege lydane og den lure latteren til Karl. Eller gjør han?»
«Karl er vakna, han vil opne vindauge, han vil ut på taket igjen!»

«Karl stige ut av vindauga…balansere bortover det spisse taket»

Dette arbeidet danna førebuinga til diskusjonen i samla klasse: « På kva måte er mora, Veslebror og Karlson ansvarleg for at ulukka skjer?».

Eit kriterium på kvalitet i ein litterær samtale er nettopp at ein kan grunngi argumenta sine med utgangspunkt i teksten. Her måtte elevane gjera nett det. Nokre elevar meinte at det var tydelege bevis i teksten for at Veslebror var ansvarleg, dei meinte at  sitatet «Og derfor hører han ikkje dei farlege lydane og den lure latteren til Karl. Eller gjør han?» vitna om at han eigentleg hadde høyrt at Karl klatra ut på taket, men at han ikkje hadde stoppa bror sin.

Svært mange meinte at mora måtte ta det største ansvaret, ho var trass alt mora til gutane. Elevane meinte at dei fann bevis i teksten for at ho la eit altfor stort ansvar over på Veslebror når ho sa: «Og dessutan må jo du passe på Karl». Elevane meinte vidare at Karl sjølv ikkje kunne ha så stort ansvar i og med at han var utviklingshemma.

Refleksjonar

Det å velja ut eit spørsmål til diskusjon på denne måten som læraren her har gjort krev refleksjonar og bevisste val. Spørsmålet ein vel kan både lukka og opna teksten, og styra samtalen. Målet må vera å finna eit spørsmål som både fangar essensen i teksten og som samstundes er opent nok til at det kan gi ulike tolkingar.

Læraren erfarte at elevane var engasjerte i diskusjonen. Med ein slik tilnærmingsmåte til teksten måtte dei halda seg nært til den og heile tida veksla mellom heilskapen uttrykt i spørsmålet «Kven er ansvarleg for ulukka?» og dei ulike delane av teksten representert gjennom personane og sitata. På denne måten måtte dei lesa teksten mange gonger og innta eit analytisk blikk på teksten.

Spørsmåla frå læraren og tokolonneskjemaet fungerte som eit stillas for å få fram elevane sine tankar og refleksjonar om teksten. Også det at elevane var saman i grupper meinte læraren var viktig for læringsutbyttet til elevane. Slik kunne dei få tilbakemeldingar og råd frå kvarandre som danna viktige innspel i diskusjonen.  Det å samtala om litteratur er enklare å få til når ein er to saman fordi det er vanskeleg å melda seg ut av diskusjonen.


Av Anne Håland, Bente Stausland Skartveit og Ingveig Ødegård

Flere ressurser fra Lesesenteret:

NYHET: Kreativ skriving i skolen

Ønsker du å bli en bedre skriver, og samtidig bli en bedre veileder i skriving? Da kan videreutdanningen Kreativ skrivin...

Kan du åpne opp for mer dialog i undervisningen?

«Hvis vi planlegger for mye, kan det gå ut over spontaniteten,» sa en lærer etter å ha gjennomført åpne samtaler i nor...

Slik vekket læreren leseiveren hos elevene

Elevene i 7B på Grannes skole har like mye tilgang til telefoner, nettbrett og Tiktok som andre ungdommer. Allikevel har...

Dei gode skriveverktøya for elevane finns, men blir for lite brukt

Ny forsking viser at det finns mange gode lese- og skriveverktøy tilgjengeleg, men at dei blir for lite brukt i norsk sk...

PISA 2022: Norske barn og unge trenger et leseløft!

Når PISA-resultatene viser at også tiendeklassingene leser langt dårligere enn før, er det på tide å slå alarm. Nå treng...

– Hvis norske elever skal bli bedre lesere, må det en skikkelig innsats til

Årets elever på 5. og 8. trinn gjør det svakere i lesing sammenlignet med i 2022. Det viser resultatene fra årets nasjon...

Lærere forteller om hvordan eksamen påvirker norskundervisningen

Hvor mye påvirker eksamen norskundervisningen på ungdomsskolen og i videregående? Og bør eksamensutviklere ta hensyn til...

Å pakke ut språk og innhold i sakprosatekster

Opplever du at elever ofte synes det er vanskelig å forstå tekster fordi språket er for avansert? Ønsker du kunnskap om ...

Ungdomsskoleelever liker å bli lest høyt for

Høytlesing er ikke bare for småtrinnet. Ungdomsskoleelever som ble lest høyt for i norskundervisningen likte det, viser ...

Tekstnær lesing: Lesing av komplekse tekstar

Close Reading, eller "Tekstnær lesing" på norsk, er ei grundig utforsking av ein kompleks tekst. Gjennom å arbeide med t...

Elever kan bli lurt av "fake" Wikipedia

Nettet flommer over av såkalte leksikon som til forveksling ser ut som Wikipedia. Noen av de største er basert på nazist...

Fagbøker fra Nasjonalt lesesenter

Er du på jakt etter forskningsbasert, relevant og oppdatert kunnskap om lesing og leseopplæring? Her er en oversikt over...

Høytlesing i norsktimen på ungdomsskolen? Så absolutt, mener forsker

Av og til må vi stole på at det å lese sammen, oppleve en tekst og snakke sammen om den, er mer enn nok, mener leseforsk...

Norsklærere får større faglig trygghet med videreutdanning fra Lesesenteret

Tekstarbeid i norskfaget (norsk 2) er en samlingsbasert videreutdanning for lærere på ungdomstrinnet og i videregående s...

Materiell: Veiledet lesing

Det kan være utfordrende å gi hver enkelt elev tilpasset leseopplæring samtidig som du skal ta hensyn til en hel gruppe ...

Blogg: Slik kan du bruke dataspill i skolen

Hvorfor trenger vi dataspill i skolen - og hvordan kan spill brukes på en didaktisk god måte? I tre blogginnlegg gir lær...

Undervisningsopplegg: Psykisk helse inn i undervisningen

Et undervisningsopplegg som viser hvordan man kan jobbe med multiple tekster i norskfaget på ungdomstrinnet, knyttet til...

Faglitteratur om lesing for lærere på 8.-10. trinn

Sulten på kunnskap? Her finner du en rekke gode fagartikler og bøker om lesing som passer særlig godt for deg som jobber...

Undervisningsopplegg: Å lese en novelle, og å skrive med respons

Dette undervisningsopplegget tar utgangspunkt i at elevene leser novella "Å drepe et barn" av Stig Dagerman (ikke vedlag...

Undervisningsopplegg: Å lese en roman – for elever som leser lite

"Grønn sommer" av Linda Mari Oprann er en tynn og lettlest ungdomsroman som fenger elever som leser lite. Dette opplegge...

Lydbok som redskap for læring

Lydbøker kan være et nødvendig og verdifullt supplement til den tradisjonelle læreboka for elever som strever med lesing...

Å utdype øyeblikket: Slik kan du bruke dramatisering i leseundervisningen

Å utvide øyeblikket vil si å stoppe opp i lesing eller skriving og gjøre noe: Dramatisere en person i en tekst for å utd...

Praksisfortelling: Leseprosjekt med elever med dysleksidiagnose

For elever som strever med lesing kan det være vanskelig å komme i gang med å lese bøker på egenhånd. En måte å gjøre de...

Liste over relevant faglitteratur - internasjonale forfattere

Annotert liste over leseressurser på andre språk som er relevante for lærere på 8.-10. trinn.

Vekk leselysten til guttene!

Unge gutter har ofte lavere leselyst og dårlige leseferdigheter enn jenter. Hvis guttene leser mer, blir de også flinker...

Hvordan påvirkes ungdom av media- og nettbruk?

Vi tror at ungdommer er eksperter på bruk av media, men gjelder det alle? Og hvordan påvirkes ungdom av nettbruken. Arti...

Kan høgtlesing gi motivasjon til nynorsk?

Kven har vel ikkje minne frå eigne skuledagar då læraren las spennande forteljingar høgt i klasserommet? Artikkelen refl...

Hvordan kan du klassifisere litteratur i skolebiblioteket?

Det er vanlig å klassifisere litteratur for barn og unge etter alder og plassering i skoleløpet, Men er det egentlig den...

Læringsstrategier på ungdomstrinnet

Hvordan kan en arbeide med læringsstrategier på ungdomstrinnet slik at det fungerer som nyttige og viktige redskap i all...

Boktips for ungdomstrinnet: En lettlest bok med litterære kvaliteter

"En gang" av Morris Gleizman engasjerte elever på ungdomstrinnet som hadde lite erfaring med å lese litteratur. Den gir ...

Å lese novella "En nesten pinlig affære" med bruk av lesestrategier

Kristine Skjæveland viser steg for steg hvordan en kan legge til rette for at elever som strever med å lese skal få utby...

Video: Lesing er å skape engasjement

Lesing er ein samansett og kompleks prosess som i hovudsak handlar om å vera aktiv i høve til lesinga. I filmen ser me n...

Video: Lesing er å utvikle språket

Lesing er ein samansett og kompleks prosess som i hovudsak handlar om å vera aktiv i høve til lesinga. I denne filmen se...

Å arbeide med noveller: Lese, analysere og skrive leserbrev

Dette undervisningsopplegget tar utgangspunkt i novella "Å drepe et barn" av Stig Dagerman. Det setter fokus på bruk av ...

Undervisningsopplegg i samfunnsfag: Internasjonalisering og verdensøkonomi

Denne praksisfortellingen er et eksempel på felles, organisert øving i et vanskelig tema i samfunnsfag: Verdensøkonomi, ...

Undervisningsopplegg: Medbestemmelse og skoledemokrati

Et undervisningsopplegg hvor elevene får mulighet til å si sin mening om pensumlitteraturen og påvirke beslutningstakern...

Video: Lesing er å kunne avkode ukjente ord og forstå illustrasjonar

Lesing er ein samansett og kompleks prosess som i hovudsak handlar om å vera aktiv i høve til lesinga. I denne filmen se...

Undervisningsopplegg: Demokrati, tale og argumentasjon

Et undervisningsopplegget hvor elevene lærer om argumentasjonsteknikk og viktigheten av debatt i et demokrati.

Undervisningsopplegg: Popmusikk og demokratisk holdning

Her får elevene bruke populærmusikken som inngang til å forstå seg selv og egen identitet, og den betydningen for demokr...

Korleis avkode ukjente ord og forstå illustrasjonar

Lesing er ein samansett og kompleks prosess som i hovudsak handlar om å vera aktiv i høve til lesinga. I denne filmen se...