Leiter du etter inspirasjon til planleggingsdagane i august? Her finn du ressursar og forslag til to faglege opplegg de kan gjennomføre i kollegiet.
Arbeidspakkane er fleksible og innhaldsrike nok til å fylle ein heil dag. Som leiar kan du enkelt tilpasse og velje ut dei delane lærarane dine har best utbytte av.
Opplegga består av:
- Korte webinar: Kvar video varer i ca. 15 minutt.
- Refleksjonsoppgåver: Sett i gang gode diskusjonar i kollegiet.
- Praktiske oppgåver: Konkrete forslag til aktivitetar.
Tips: Er du ny til prosjektet? Start med «Introduksjon til Tid for lesing». Kjenner du oss frå før, kan du gå rett til arbeidspakkane.
Passar for: Alle lærarar
Trinn: Grunnskole (hovudsakleg)
Tidsbruk: 45 min - 7,5 timar (Enkeltwebinar - fulle arbeidspakkar)
Arbeidspakke 1: "Leseinteresse og lesekultur"
Arbeidspakke 2: "Lesing i fag"
Introduksjon til Tid for lesing
Kvifor er akkurat lesing viktig å setje på dagsorden? Og korleis kan de planleggje undervisninga for å jobbe med å betre leseferdigheitene til elevane?
I desse to webinara blir dykk introdusert med "Tid for lesing"-prosjektet: korleis og kvifor det er viktig å satse på lesing i skolen, sentrale begrep og inspirasjon til korleis de kan planlegge undervisninga for å jobbe betre med elevanes leseferdigheiter.
Sjå webinara og diskuter saman:
- Kva gjer vi for å skape tid til lesing?
- Kor mykje les elevane faktisk i løpet av ein dag?
- Kva gjer vi som kan støtte lesekondisen til elevane?
- Korleis ser engasjerande undervisning ut hos oss?
- Korleis kan leiinga støtte arbeid med leseundervisninga på skulen vår?
Leseinteresse og lesekultur
Å jobbe med elevane si leseinteresse på skolen vil også gje gode utslag for elevane sitt faglege utbytte i andre fag.
Start denne arbeidspakken med webinaret "Kva er ein god lesekultur" og dei tilhøyrande oppgåvene. Etter det første webinaret kan de sjølv velje om de vil sjå alle webinara eller om de velje ut enkelte.
Kva er ein god lesekultur?
I dette webinaret tek Monica dykk gjennom korleis de kan kartlegge og arbeide med lesekultur saman på skolen.
- Print ut kartleggingsskjemaet (eit eksemplar til kvar):
- Sjå webinaret i plenum
- Fyll ut skjemaet individuelt og diskuter resultatet med kollegaer
Korleis vi de karakterisere lesekulturen på skolen deira?
Korleis skape god lesekultur i klasserommet?
I dette korte webinaret møter du barneskolelærar Nils Glomsaker. Han har lang erfaring frå klasserommet og deler sine beste tips for å skape ein god lesekultur.
Sjå webinaret og diskuter i plenum:
- Korleis synleggjer du og skolen din lesinga si betydning for elevane, føresette og mellom lærarar som jobbar i klassen?
- Kva er bidraget ditt til ein god lesekultur i klassen?
Lesekvart: Kva betyr det å vere del av eit lesefellesskap?
Lesekvart - lesesiesta, kjært barn, mange navn. Kva er dine erfaringar med lesekvarten? Er elevane motivert til å lese? Kjenner dei på eit lesefellesskap?
Sjå webinaret for å få betre innsikt i lesekvarten, få tips til korleis du kan motivere elevane til å lese og korleis du kan skape eit lesefellesskap i klasserommet.
Refleksjonsspørsmål:
- Kva erfaringar har du med lesekvart?
- Korleis blir lesekvart organisert i klassen din/på skulen din?
- Korleis kan de endre litt på lesekvart, eller tilføre ein aktivitet/eit element, som kan bidra til å styrkje opplevinga til den enkelte av å tilhøyre ein lesefellesskap?
Høgtlesing – ein magisk praksis i klasserommet
Korleis kan høgtlesing skapa fellesskap, engasjera elevar og gi rom for djupare tekstforståing?
I dette webinaret får de konkrete råd om:
- Kva de skal lese høgt
- Korleis de skal gjennomføre høgtlesing
- Korleis de kan bruke høgtlesing til å møte læreplanmålet om tekstmøte og innsikt i andre menneskes liv
Kva for nokre erfaringar har de med høgtlesing fra før? Korleis kan de tilrettelegge for høgtlesing på skolen?
Leseinteresse - gruppearbeid
Etter at de har sett webinara og diskutert dei tilhørande refleksjonssprøsmåla - sett dykk saman i grupper for å planleggje arbeidet deira med leseinteresse og leselyst for hausten:
- Vel dykk eit tema de synest er formålstenleg å jobbe med for trinna/teama deira.
- Sett dykk realistiske mål
- Bli samde om korleis de ønskjer jobbe vidare på trinnet/i teamet med dette.
- Lag ein tiltaksplan for hausten om korleis dette målet skal nåast.
Etter å ha arbeidd med planlegging i grupper, kom saman i plenum igjen. No kan dei ulike gruppene presentere dei ulike måla og tiltaka, diskuter deretter om nokon av måla bør vere felles for heile skolen eller om nokon ting passar betre for dei ulike trinna.
Vidare arbeid
Viss de vil arbeide videre med lesekultur og leseinteresse i løpet av året kan de for eksempel sjå desse webinara:
Skulebiblioteket - ein arena for lesing, læring og fellesskap:
Lesing i fag
Alle lærarar er leselærarar, men kva inneber det eigentleg i praksis? I dette forslaget til planleggingsdagen kan det passe å byrje dagen i plenum og seinare dele lærarane inn i faggrupper.
Del 1 - i plenum: Sjå introduksjonswebinaret til Lesing i fag og diskuter:
Kva kan vi gjere dette halvåret for at elevane skal få høve til:
- Å lese for å lære noko nytt i faga
- At lesinga inngår i læringskontekstar med eit tydeleg formål
- Å velje formålstenlege lesestrategiar tilpassa formålet
- Å samtale med kvarandre for å forstå det dei les betre
Lesing i fag - faggrupper
Del 2: Sjå webinar for ditt fag og bruk refleksjonsspørsmåla i matematikk og norsk.
Planlegg høsten
Start planleggingen av det første av høstens emner i faget:
Hvordan kan dere planlegge for at elevene får øvelse i å lese på faglige måter i det aktuelle faget?
- Hjelp hverandre på tvers av trinn til å bedre forstå hvilke lesemåter og leseferdigheter deres fag har et særlig ansvar for å utvikle hos elevene.
- Les fagplanene i LK20 sammen og diskuter hvordan progresjonen kan se ut fra 1. til 10. trinn.
- Se i læreverkene og velg en tekst som dere leser høyt sammen. Ha en tekstsamtale med utgangspunkt i spørsmålene:
a) Hva er tekstens hovedmening? Hva er det viktigste at elevene forstår?
b) Hva tror dere kan by på utfordringer for elevene?
c) Hvordan kan dere legge til rette for at elevene selv får jobbe med å forstå teksten? - Planlegg en lesetime i ditt fag.
Vidare program
Hvis dere vil dykke videre ned i konkrete verktøy og fortsette dagen med faginndelte grupper, kan dere se følgende webinarer:




