Årsfest til ettertanke

Universiteta si rolle i ei verd prega av uro og globale utfordringar og at me må få økt respekt for meiningsmotstandarar sto sentralt på UiS sin årsfest i 2023. Dei frammøtte fekk òg vite kvifor falske nyheiter så lett vinn fram.

Published Sist oppdatert
Nye doktorer på årsfesten 2023
Dei nye doktorane med vitnemål og diplom. (Foto: Sondre Vestheim, UiS)

Kva er vårt samfunnsoppdrag i alt dette? spurte fungerande rektor Merete Vadla Madland.  

– Utvikling av kunnskap og open offentleg meiningsbryting er ein grunnpilar for demokratibygging både ute og heime. Gjennom høgare utdanning og danning øver me unge menneske i toleranse, nyfikne, kritisk refleksjon og søking etter sanning, sa ho.  

Madland viste til at ei viktig oppgåve for oss alle er å vise respekt for ulike meiningar og fremme gode dialogar framfor latterleggjering eller sverting av meiningsmotstandar.

– Vår rolle må vere å legge til rette for diskusjonar om vanskelege tema utan å nøre opp under eit fiendebilete.  Om me ikkje lykkast i sivilisert meiningsbryting her heime, kan me vanskeleg halda fana høgt og bidra positivt i demokratibygging internasjonalt, sa ho.  

Les hele rektors tale.

Økonomiske utfordringar

Med kunnskap skal med og møte klimautfordringa og rigge oss for eit lågutsleppsamfunn, sa Madland og trakk fram at UiS i år har etablert eit nytt emne i berekraft og grønt medborgarskap mynta på bachelorstudentar frå alle fakultet.  

Merete Vadla Madland trakk i talen òg fram den økonomiske situasjonen UiS er i. Ho viste til at UIS har auka studenttalet frå år til år og aldri før fått innvilga så mange søknader til Forskingsrådet og EU som i år. Men frametter kjem ikkje universitetet til å vekse på same måte. Me er i ei omstilling. 

– Forslaget til statsbudsjett som kom for vel ein månad sidan, rammar UiS særleg hardt. Me tek del i alle kutta, men regjeringa sine satsingar går andre stadar, sa ho. 

UiS set no sin lit til politikarane:  

– No forventar me at politikarane stiller opp, mellom anna når det gjeld satsinga vår på eit profesjonsstudium i psykologi og til eit nybygg til helsesatsinga vår, sa Merete Vadla Madland. 

Feiringa markerte at det var 19 år sidan Noreg fekk sitt femte universitet. Det skjedde 29. oktober 2004 då det blei vedteke i statsråd at det som då var Høgskulen i Stavanger, skulle få universitetsstatus og bli Universitetet i Stavanger frå første januar året etter.   

Korleis lykkast med fagfomidling

Gjennom dei mange og raske mediekanalane som har vakse fram dei siste åra, spreier usanning og direkte løgn seg i ei fart me ikkje har sett før, poengterte professor i medisinsk statistikk ved UiS, Jo Røislien, som var festtalar på årsfesten.

Røislien fortalte om eit forskingsprosjektet om effektiv formidling i krisetid som han og kolleger ved UiS har gjennomført.   

– Det viste seg at fagformidling som nådde fram til mottakaran, hadde fire kjennetekn: Tillit, emosjonar, narrativer og kreativitet. Til saman dannar dei akronymet TENK, sa Røislien som òg er kjend som forfattar og leiar av faktaprogram på tv.

Spelar på lag med hjernen

Tiår med hjerneforsking visar korleis dette er eit ganske naturleg resultat, forklarte Røislien. Mekanismar i hjernen reagerer raskt på det som verkar emosjonelt på oss. Hjernen er òg glad i system, og har gjennom titusenvis av år utvekla ein smart måte å hugse på. Ein metode som gjer at me lettare får med oss det som har ein begynnelse, ein midt og ein slutt. Det som blir fortalt som ei historie. Hjernen er òg rask til å plukke opp det som er nytt for oss.

Denne oppskrifta har nokon fått med seg, peikte Røislien på: 

– Når det gjeld å nytte redskap forskinga har vist verkar, gjer falske nyheiter og andre usanningar ein strålende jobb. For dei er forma akkurat slik informasjon bør vere forma for å nå fram: Som små historiar, med nye og uventa vendingar og samanhengar. Som rører ved noko i oss som menneske og får oss til å føle noko, som glede eller sinne, sa han.

Å ha kunnskap og å formidle kunnskap

– Kva er så svaret på dette frå oss som er opptekne av sanning og forskingsbasert kunnskap og viten? spurte Røislien før han raskt ga svaret:  

– Jo, me leverer frå oss fakta. På nøytralt vis. Utan kjensler og engasjement. På same måte som i forskinga. For i forsking er det å vere objektiv og ha distanse til det me studerer eit krav for å lykkast. Men formidling handlar om noko anna. Formidling handlar om å klare å bygge ein relasjon med mottakaren. Derfor er det å ha kunnskap ein ting. Å formidle kunnskap er noko heilt anna, sa han. 

Prisar til pedagogisk forsking og undervising 

Tre prisar blei delt ut på årsfesten.  

Læringsmiljøsenteret ved UiS blei tildelt SR-Bank sin innovasjonspris for 2022. Senteret har gjennom mange år bygd opp eit solid forskingsmiljø innan læringsmiljø i skular og barnehagar. Senteret har og utvikla programvare som er i bruk i skuler over heile landet. 

Professor Natalia Ingebretsen Kucirkova fekk Lyses sin forskingspris for 2022. Ho er ei av Norges fremste tech-kvinner og ein internasjonalt etablert forskar innan pedagogisk teknologi, barn si lesing av digitale bøker og bruk av appar. Kucirkova er professor i barnehagepedagogikk og tidleg utvikling ved Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger. 

Universitetslektor og ambulansearbeidar Nina Vatland blei tildelt Utdannings- og læringsmiljøprisen. Aktiv bruk av ny teknologi og mange studentaktive undervisningsformer har ført til høg kvalitet og svært nøgde studentar ved studiet. 

Takk frå dei nye doktorane 

På årsfesten fekk dei 52 kandidatane som har disputert sidan forrige årsfest vitnemåla sine. Dei nye doktorane og deira forsking har blant anna sørga for ny kunnskap om havvind, demens, skriveopplæring og arbeidsinnvandrarar sitt møte med norsk arbeidsliv.

Kristoffer Berre Alberts, den fyrste kandidaten med ein doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid frå UiS, heldt takketale på vegne av dei nye doktorane.

Alberts starta med å spele musikkstykket «Ghost», skrive i 1960-åra av den amerikanske saksofonisten Albert Ayler.

– Ayler er ein av heltane mine. Ved å spele dette stykket vil eg heidre og takke alle kunstnerane og heltane som har gjort det mogleg for meg å stå her i dag. Likeeins vil eg på vegne av alle oss nye doktorar takka for at me får stå på skuldrane til dei mange heltane som har rydda veg for oss slik at me fant vår veg i forskinga, sa han.

Korsong og eigenkoreografert dans

Årsfesten bydde òg på kunstnarlege innslag frå dyktige studentar ved Fakultet for utøvande kunstfag og Stavanger studentsangforening. 

Sunniva Skeide, Anna Tvedt og Karin Holmquist som alle er i gong med tredje året på sin bachelor i dans, fremførte «YOU dance ME» i eigen koreografi til songen «Killer Queen» av rockebandet Queen.

Stavanger Studentsangforening fremførte «Masurka», òg kalt «Jentelokken», ein tradisjonell folketone med tekst av Geirr Lystrup i eit arrangement av Andrew Smith, og den klassiske studentsongen «Gaudeamus Igitur» - «La oss glede oss mens vi er unge» som har røter heilt tilbake til 1200-talet. 

Tekst: Elin Nyberg