Mar (27) er stipendiat i matematikk: – Ta ansvar for eiga læring!

Mar Saiz Aparicio er hardtarbeidande, og har sett seg eit mål om å jobbe som professor på eit universitet.

Published Sist oppdatert
Jente med vegg med dekorasjon i bakgrunnen
Spanske Mar Saiz Aparicio er doktorgradsstipendiat ved UiS.

Namn og alder: Mar Saiz Aparicio, 27
Heimstad: Madrid i Spania
Her bur eg i Stavanger: Eiganes
Dette studerer eg no: Stipendiat i matematikk

27-åringen frå Spania starta det nye året med å bli tilsett som doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger (UiS). Før dette gjekk ho på det 5-årige studieprogrammet i matematikk og fysikk.

– Eg ville studere matematikk og fysikk fordi eg eigentleg hadde lyst til å bli fysikar. Det er mykje rart som skjer rundt oss. Eg har alltid vore veldig oppteken av å forstå alt grundig. Eg er ikkje fornøgd om eg ikkje forstår, fastslår ho.

Lærer kva matematikk og fysikk eigentleg er

Ho er tydeleg på at overgangen frå vidaregåande skule til universitet kan vere utfordrande:

– Ein veit ikkje kva matematikk og fysikk er når ein går på vidaregåande. Det tar litt tid før ein finn ut kva det eigentleg er.

Undervegs i studieløpet på UiS skjønte ho at det var matematikk ho ville gå vidare med. Ho trur fysikk passar best for dei som ynskjer ei meir intuitiv forståing av universet.

– Ein må bruke mykje matte i fysikk, men ein får ikkje tid til å forstå absolutt alt. Det var ikkje så enkelt for meg. Dei første åra forsøkte eg å forstå alt, men etter kvart var det ikkje så berekraftig lenger.

På bacheloroppgåva valde ho derfor matematikk. Ho presiserer at studiet no er integrert i eit 5-årig studieløp – derfor skriv ein ikkje bacheloroppgåve på dette studiet lenger.

– Eg skreiv om differensialgeometri i mi bacheloroppgåve. Det handlar om nokre matematiske objekt eller strukturar, som også er kjempeviktige i fysikk. Det skjer veldig ofte i matematikk at ein forskar på ting som ein også brukar i fysikk. Det går saman hand i hand, fortel ho.

I masteroppgåva skreiv ho om kompleks analyse, men bygde også vidare på differensialgeometrien. No jobbar ho med kompleks analyse og kompleks geometri.

LES MEIR: Institutt for matematikk og fysikk

Studietips: – Ikkje gå vidare før du forstår teorien!

Overgangen frå å vere masterstudent til å bli stipendiat synest ho ikkje er så stor.

– Det du gjer på masteroppgåva er allereie veldig sjølvstendig. Eg merkar ikkje så stor forandring, berre at eg no får betalt og har eige kontor. Det er kanskje litt meir press sidan eg får betalt. Både frå andre og meg sjølv.

Kva er ditt beste studietips?

Viss du studerer det same som meg: Ikkje gå vidare før du forstår teorien! Vi blir litt «pressa» til å lære mykje på kort tid. Det kan vere vanskeleg å roe ned. Ikkje prøv å løyse mange oppgåver utan at du har lest og forstått teorien godt. Det er så viktig. Det er grunnlaget for alt du skal gjere.

27-åringen er tydeleg på at ein må ta ansvar for eiga læring:

– Det er mange som er vande med at læraren fortel kva du skal gjere på skulen. Slik er det ikkje på universitetet. Du må ta ansvar. Du må ha eit personleg forhold til pensumet. Du skal opne boka og lese sjølv, fastslår ho.

LES OGSÅ: Hva er egentlig forskjellen på videregående skole og universitetet?

– Som ein veldig stor familie

Mar er aktiv i linjeforeininga Theta på studiet, men fortel at dei ikkje er så mange studentar.

– Det er eit krevjande studium. Du må like det, for du må bruke veldig mykje tid på studiet. Eg måtte fokusere på å lese. Eg krev mykje av meg sjølv, og lærte kanskje meir enn eg måtte for å få gode karakterar. Vi er veldig få jenter. Då eg begynte var vi fire i mitt kull; på slutten var det berre meg igjen.

Jenter i blå klær står på stands under Teknologiaften
Her står Mar (til høgre i biletet) på stand med institutt for matematikk og fysikk ved UiS under Teknologiaften 2023 – eit arrangement for å rekruttere fleire jenter til teknologifag.

Mar trekkjer likevel fram fleire fordelar med å vere få studentar på studiet:

– Det fører til at vi har eit meir personleg forhold til lærarane. Lærarane kan namnet på alle som studerer matematikk og fysikk. Og vi har nokre rom der dei har kontor, der vi kan sitte saman med dei, ete lunsj og prate. Vi er som ein veldig stor familie. Det er ikkje så lett på andre studier, der det er veldig mange studentar.

LES OGSÅ: 10 gode grunner til å velge UiS

– Fint med ein liten by

Spanjolen har budd i Stavanger sidan 2016.

– Det er mykje regn og vind her. Det er fint at det er ein liten by. Eg kjem frå Madrid, og det er veldig stor forskjell.

Ho held fram:

– Eg har aldri hatt ei norsk vennegruppe. Men det er fordi eg har vore veldig oppteken av studiet. Eg spelar tverrfløyte i Jernbanens musikkorps i Stavanger. Det er eit veldig norsk miljø. Alle kjem frå ulike stader. Eg har det veldig gøy saman med dei.

LES OGSÅ: Byliv i studentbyen Stavanger

Kva er din draumejobb?

– Eg har lyst til å bli professor. Forskar og fast tilsett på eit universitet. Eg håpar at eg kan bli her i Noreg, men det er mykje konkurranse, så eg må jobbe hardt.