Hopp til hovedinnhold

Administrasjon - UiS

Fellestenestene ved UiS er organisert i fire divisjonar og leia av prorektor for forsking, prorektor for utdanning, prorektor for innovasjon og samfunn og direktør for organisasjon og infrastruktur.

Publisert: Endret:
DIVISJON FOR FORSKING

Forsking

Det er to administrative einingar under Divisjon for forsking, leia av Merete Vadla Madland, prorektor for forsking: Forskingsavdelinga og Universitetsbiblioteket.

Dei primære oppgåvene til forskingsavdelinga er å assistere fakulteta, universitetsdirektøren og rektoratet med utgreiingsarbeid, rådgiving og strategisk utviklingsarbeid knytt til forsking og ekstern finansiering.

EU/NFR-eininga gir bistand til søknadar om ekstern finansiering frå Forskingsrådet (NFR) og EU. Eininga ligg under forskingsavdelinga, men rapporterer også til EU-einiga si styringsgruppe, som består av medlemmar frå UiS, NORCE, HSH, SUS og Uni Research Polytec.

Avdelinga jobbar òg tett med Innovasjonsavdelinga (INA) og forskarane og informerar om NFR- og EU program, utlysninger og prosjekttypar. I tillegg arrangerer avdelinga kurs og seminar om søknadsskriving, prosjektutvikling og kommande utlysninger innan ulike tematiske felt. FA kan òg hjelpa til i sjølve søknadsprosessen, med e-søknadsskjema, budsjett eller prosjektskildringa.

Avdelinga har òg ansvar for å koordinera ph.d.-utdanninga og kurstilbod retta mot ph.d.-kandidatar og postdoktorar.

Forskingsavdelinga har sekretariatsfunksjon for Forskings- og innovasjonsutvalet og Forskingsetisk utval.



Forskingsdirektør: Kjersti Melberg

Finn alle tilsette ved Forskingsavdelinga.

Forskingsavdelinga held til i Hagbart Line-huset, 1. etasje. K-fløya. Campus Ullandhaug.

Universitetsbiblioteket er ein ressurs for universitetet sine tilsette og studentar. Biblioteket tilbyr også tenester til privatpersonar, andre bibliotek og næringslivet.

Biblioteksdirektør: Gitte Kolstrup

Finn tilsette ved Universitetsbiblioteket i Stavanger 

Universitetsbiblioteket tilbyr mellom anna:

  • Vitskapeleg litteratur i emne det blir undervist og forska i ved UiS
  • Databasar, tidsskrift, elektroniske bøker og andre media som dekker studie- og fagområde ved UiS
  • Lån ein bibliotekar
  • Kurs i litteratursøking og gode råd ved oppgåveskriving
  • Foreslå bøker eller anna materiale me bør ha i samlinga vår

Universitetsbiblioteket består av fire bibliotek:

Avdeling Ullandhaug

Biblioteket på Ullandhaug er døgnope for studentar og tilsette. På Ullandhaug finn du alle typar leseplassar, inkludert stillesone i underetasjen, gruppebord, sofagrupper og lesebåsar. I tillegg kan du ta i bruk Studieverkstedet, Dataverkstedet, 3D-lab og Kongsgårdsalongen.



Biblioteket sine samlingar dekker fagområda på Ullandhaug, og det blir arrangert mange nyttige kurs og kjekke arrangement i biblioteket på Ullandhaug.

Avdeling Bjergsted

Biblioteket for musikk og dans ligg i Bjergstedparken ved Kuppelhallen. Det dekker fagområda musikk og dans. Her kan du òg finna aviser, tidsskrift, lytte- og videorom og leseplassar. Biblioteket har ei stor musikksamling på LP og CD, med hovudvekt på klassisk, jazz og folkemusikk.

 

Arkeologisk museum

Biblioteket på Arkeologisk museum er ope for museets tilsette, studentar, besøkande og alle andre med interesse for arkeologi. Fagområda arkeologi, botanikk, geologi, historie, konservering og museologi er godt dekka med relevant litteratur. Biblioteket har lesesalplassar og gruppebord. Bibliotekarane kan hjelpe med å finne artiklar og litteratur, søke i databaser, rettleie i refererings- og publiseringsrelaterte spørsmål.       

 

Medisinsk bibliotek

Medisinsk bibliotek bidreg med spesialisert informasjonskompetanse slik at tilsette og studentar kan skaffe seg informasjonen dei treng til klinisk arbeid, forsking, fagleg oppdatering og utdanning. Bibliotekarane kan hjelpe med å finne fram, søke etter, og bestille litteratur. Biblioteket har utlåns- og innleveringsautomat, som gjer det mogleg å låne og levere bøker utanom bemanna opningstider.

DIVISJON FOR INNOVASJON OG SAMFUNN

Innovasjon og samfunn

Det er to administrative einingar under Divisjon for innovasjon og samfunn, som er leia av Rune Dahl Fitjar, prorektor for innovasjon og samfunn: Innovasjonsavdelinga og Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.

UiS sin stand på Nordic edge. Foto: Mari Løvås

Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt (AKS) sitt ansvarsområde omfattar strategiske og operasjonelle arbeidsoppgåver innan kommunikasjon, samfunnskontakt, formidling og merkevarebygging. Gjennom AKS si verksemd og tenesteyting skal AKS bidra til at UiS når sine mål.

AKS har eit breitt ansvarsområde:

- Myndigheits-, medie- og arbeidslivskontakt

- Utarbeiding av kommunikasjonsstrategiar

- Operasjonelt kommunikasjons- og informasjonsarbeid internt og eksternt

- Kommunikasjonsrådgjeving

- Nettutvikling

- Marknads- og studentrekrutteringsarbeid

- Arrangements- og besøkstenester

- Forskingsformidling

- Krisekommunikasjon

- Grafisk design

- Grafisk profil

- Fag- og leiarstøtte

-Sekretariat for Verdiskapingsforum, formidlingsprisen, språkutvalet, kulturutvalet og samhandlingsgruppe for kultur

- Utgreiingsarbeid

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt: Anne Selnes

Finn alle tilsette i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Avdelinga held til i Arne Rettedals hus, 3. etasje, Ø-fløyen – Campus Ullandhaug.

Innovasjonsavdelingen (INA) har ansvar for overordnet strategisk rådgivning og utredning for universitetets ledergruppe, med særlig vekt på forskningsbasert innovasjon og entreprenørskapsaktivitet.

INA tilbyr administrative tenester og verkemiddel for å fremme universitetet sine strategiske mål for forskingsbasert innovasjon, kommersialisering av forskingsresultater og utvikling av entreprenørskap for studentar med omgjevnaden. INA utvikler samarbeidsmoglegheiter mellom UiS og regionale og nasjonale aktører.

Avdelinga jobbar også tett med Forskingsavdelinga (FA) og forskarane om relevante utlysningar og prosjekttyper. INA kan også bistå i sjølve søknadsprosessen.

Innovasjonsdirektør: Troels Jacobsen

Finn alle tilsette ved Innovasjonsavdelinga.

Innovasjonsavdelinga held til i Hagbart Line hus, første etasje – Campus Ullandhaug.

DIVISJON for organisasjon og infrastruktur

Organisasjon og infrastruktur

Det er fem administrative einingar under Divisjon for organisasjon og infrastruktur, leia av Ole Ringdal, direktør for organisasjon og infrastruktur: Avdeling for bygg- og arealforvaltning, Avdeling for verksemdstyring og -utvikling, HR-avdelinga, IT-avdelinga og Økonomiavdelinga.

Foto av et nybygg i vinterettermiddagslys

Avdeling for bygg- og arealforvaltning (ABA) er ei avdeling under Direktør for organisasjon og infrastruktur, og består av ein stab og ei driftseining.

ABA er ansvarleg for blant anna prosjektering/planlegging av utviding og ombygging av bygningsmasse, innkjøp til byggeprosjekt og konferansar.

Direktør: Frode Alvheim

Finn tilsette ved Avdeling for bygg- og arealforvaltning

Driftseininga

Driftseininga er ein del av Avdeling for bygg- og arealforvaltning. Eininga er blant anna bindeledd mellom brukaren og huseigarane når det gjeld drift av bygningane. Omlag 40 personar er tilsett i eininga og har oppgåver knytt til blant anna vakthald, sikkerheit, reinhald og inventar.

Vaktsentralen

Vaktsentralen er lokalisert i Kjølv Egelands hus, inngang sør, og er bemanna utanom vanleg kontortid. Sentralen kan hjelpe til med å orientere besøkande og brukarar.

Vakttelefon: 976 96 442

Avdeling for verksemdstyring og -utvikling er ein del av universitetet sine fellestenester og har ansvar for verksemdstyring og overordna økonomistyring, samt for ei rekke oppgåver knytt til utvikling av organisasjonen. Avdelinga har også ansvar for å følge opp og koordinere universitetet sin plan for digitalisering, leverer leiingsinformasjon og førebur saker til universitetsstyret og gjev råd til leiinga på ulike nivå i institusjonen.

Eininga koordinerer og følger opp arbeidet med strategi, årsplan og årsrapport, inkludert risikostyring. Vi utarbeider PVO-rundskriv og støttar intern styringsdialog. Vi koordinerer arbeidet med langsiktig økonomisk planlegging, fastsetting og fordeling av økonomiske rammer. Andre oppgåver er analysar, utreiingar, prognosar og ressursoverslag, samt internt datavarehus og UiS Innsikt.

Direktør for verksemdstyring: John William Viflot

Tilsette i Avdeling for verksemdstyring og -utvikling

Avdelinga held til i Arne Rettedals hus, 3. etasje. Campus Ullandhaug.

HR-avdelinga er ei stabseining innanfor felta personaladministrasjon, lønns- og arbeidsvilkår, helse- miljø- og tryggleik, personal-, leiing- og organisasjonsutvikling.

HR-direktør: Halfdan Hagen

Tilsette i HR-avdelinga.

Avdelinga held til i Arne Rettedals hus 3. etasje. Campus Ullandhaug.

IT-avdelinga ved UiS består av 40 medarbeidarar som tilbyr service og tenester til alle tilsette og studentar ved Universitetet i Stavanger.

UiS-IT står sentralt i utviklinga av UiS sin IT-strategi, arkitektur og forvaltning. Avdelinga er ein partnar i organisasjonen og har som målsetting å arbeide på tvers av avdelingar, institutt og fakultet. UiS-IT er ei sentral tenesteleverandør av IT og finn kostnadseffektive løysingar som dei implementerer og driftar.

Når du som gjest er på UiS sine campusar kan du koble deg til trådløst nettverk eduroam eller uis-gjestenett.

UiS sine tilsette og studentar kan kontakte IT-servicedesk dersom dei har behov for IT-hjelp: IT-hjelp



IT-direktør: Sjur Martin Bjerke

Tilsette i IT-avdelinga

Avdelinga held til i Kitty Kiellands hus, underetasje.

Økonomiavdelinga er ein del av fellestenestene og har ansvar for økonomistyring, økonomiforvaltning samt innkjøpsfunksjonen ved Universitetet i Stavanger. Utarbeiding av leiingsinformasjon og saksførebuingar til universitetets styre innan området økonomirapportering inngår og i avdelinga sine oppgåver.

Faktura

Universitetet ønsker hovudsakeleg å få elektronisk faktura på EHF-format. Vår elektroniske adresse er den same som vårt organisasjonsnummer: 971564679 (skal leggast inn utan mellomrom).

I enkelte system må ein og oppgi landkoden. Adressa blir då: 9908:971564679

Komme i gang med elektronisk handelsformat (EHF)

Dersom det ikkje er mogleg å sende på EHF-format, kan faktura sendes som PDF på e-post til faktura@uis.no.

Økonomidirektør: Eli Løvaas Kolstø

Økonomiavdelinga er organisert i fire hovudområde:

Seksjon for budsjett og rekneskap

Leiar: Turid Adamsen Husvæg

Seksjon for prosjektøkonomi

Leiar: Åse Liseth Ormøy

Seksjon for løn og reiser

Leiar: Alf Strand

Seksjon for innkjøp

Leiar: Katrine Thorsen



Alle tilsette i Økonomiavdelinga.

Avdelinga held til i Arne Rettedals hus, 2. etasje. Campus Ullandhaug.

Postadresse: Universitetet i Stavanger, Økonomiavdelinga, PB 8600 Forus, 4036 Stavanger

Utdanning

Divisjon for utdanning

Det er tre administrative einingar under Divisjon for utdanning, som er leia av Astrid Birgitte Eggen, prorektor for utdanning: Utdanningsavdelinga, NettOp – avdeling for utvikling av digitale læremiddel og UiS etter- og videreutdanning.

Elektrolab

Avdelinga vert leia av utdanningsdirektør Veslemøy Hagen.

Utdanningsavdelinga er delt i fire seksjonar:

Utdanningsavdelinga tek hand om sekretariatsfunksjonen for sentrale råd og utval, under dette klagenemnda, utdanningsutvalet og læringsmiljøutvalet.

  • Seksjon for kvalitet og utvikling i utdanningane er lokalisert i Arne Rettedals hus, 3. etasje, Østfløyen.
  • Seksjon for rapportering og utdanningsstøtte er lokalisert i Arne Rettedals hus, 1. og 2. etasje.
  • Seksjon for opptak og veiledning er lokalisert i Arne Rettedals hus, 1.etg
  • Internasjonal seksjon er lokalisert i Kitty Kiellands hus, 3. etasje, samt på fakultetene

Ta gjerne kontakt med oss dersom det er noko vi kan hjelpe deg med.

Ansvarsområde i dei forskjellige seksjonane

Seksjon for utdanningsstøtte og rapportering:

  • FS
  • Tableau (statistikk- og rapportverktøy)
  • Rapportering
  • Vitnemål
  • Rom og timeplan
  • Eksamen
  • Bistand til og gjennomføring av emneevalueringar og andre undersøkelsar
  • Prosjektet "Arbeidslivsportalen"​​​​​​​

Seksjon for opptak og veiledning

  • Veiledning
  • Tilrettelegging
  • Opptak
  • Koordinering av semesterstart
  • Kurs

Internasjonal seksjon

  • Utviklingsstøtte og rådgiving til internasjonalisering av studieprogramma, under dette fellesgradar
  • Søknadsbehandling og veiledning for studentutveksling i studieprogramma
  • Prosjektstøtte og ekstern finansiering
  • Samarbeidsprogram
  • Inngå og forvalte avtaler
  • og ECIU University
  • Eksterne relasjonar, nettverk og delegasjonsbesøk

Seksjon for kvalitet og utvikling i utdanning

  • Kvalitetsarbeid inkludert saksbehandling knytt til akkreditering, periodisk evaluering av studieprogram m.m. og revidering av kvalitetssystemet
  • Bistå utdanningsdirektør med sekretariatet for Læringsmiljøutvalet (LU), Utdanningsutvalet (UU), Styrets klagenemd og skikkethetsnemda
  • Skrive saker til styret, LU, UU, klagenemd og skikkethetsnemd
  • Studieportefølje
  • Analyse og utredning
  • Administrativ støtte til Profres (forskerskole)
  • Juridisk veiledning og støtte til fakulteta
  • Studieadministrativ veiledning og støtte til fakulteta, UniPed, NettOp og UiS EVU
  • Oppfølging av innspill frå «Si i fra» (varslingsportal for studentar)
  • Studieadministrativt forum
  • Gjennomføring av emneevalueringar og andre undersøkelsar



Finn alle tilsette i Utdanningsavdelinga.

NettOp-UiS er ei avdeling for utvikling av digitale læringsresursar og løysingar for nettbasert utdanning ved UiS. Sidan 2000 har eininga produsert ulike nettbaserte løysingar innan ei rekke fag. Eininga jobbar både internt på UiS og for eksterne oppdragsgivarar.

NettOp-UiS kan bidra med:

  • rådgiving på format og didaktikk i kurs som er nettstøtta eller nettbasert
  • prosjektleiing for utvikling av løysingar for nettbasert læring og formidling
  • forfatte tekst og skrive manus for digitale læremiddel og video
  • utvikle visuelle element til digitale læremiddel og nettbasert formidling; fotobehandling, videoopptak, teikning, animasjon etc.
  • programmering i webbaserte verktøy
  • videoproduksjon
  • apputvikling



Avdelinga vert leia av avdelingsdirektør Atle Løkken.

Finn alle tilsette i NettOp-UiS.

NettOp-UiS held til i Kitty Kiellands hus, 2. etasje. Campus Ullandhaug.

UiS etter- og vidareutdanning (UiS EVU) koordinerer kurs og etter- og vidareutdanning ved UiS.

UiS EVU er ei sentral utviklings- og serviceavdeling for universitetet sine fakultet og institutt. Vi planlegg og organiserer fleksibel læring og kompetanseutvikling som blir arrangerte av Universitetet i Stavanger.

UiS EVU skal vere eit knutepunkt mellom universitetet og eksterne samarbeidspartnarar. Vi kan tilpasse undervisningsoppdrag etter ulike behov. UiS EVU kan hjelpe deg med å finne fram til dei rette undervisningskreftene ved UiS.

UiS etter- og videreutdanning tilbyr kurs på bachelor- og masternivå innanfor dei fleste fagområda. Undervisninga er tilpassa deg som er i arbeidslivet med ein kombinasjon av aktivitetar på nett og intensive samlingar.

UiS-EVU vert leia av Frode Leidland.

Finn alle tilsette i UiS-EVU.

UiS-EVU held til i Kitty Kiellands hus, andre etasje. Campus Ullandhaug.