Hopp til hovedinnhold

Organisasjonskart

Her kan du sjå den overordna, administrative og vitskaplege organiseringa av Universitetet i Stavanger.

Publisert: Endret:

Overordna organisering (interaktiv pdf)

Vitskapleg organisering (interaktiv pdf)

Den administrative toppleiinga ved UiS held til i Arne Rettedals hus på Ullandhaug.

Universitetsstyret er det øvste styringsorganet ved UiS, medan rektor har det øvste vitskaplege og administrative ansvaret. Frå 1. august 2019 endra UiS leiingsmodell frå vald rektor til tilsett rektor med ekstern styreleiar utpeikt av Kunnskapsdepartementet. Rektor er no leiar for den samla verksemda ved universitetet og sekretær for styret. 

Rektoratet er tilsett på åremål og består i tillegg til rektor av tre prorektorar for høvesvis forsking, utdanning og innovasjon og samfunn. Leiagruppa ved Universitetet i Stavanger består av rektoratet, direktør for organisasjon og infrastruktur, dekanar, direktør for Arkeologisk museum samt leiaren for studentorganisasjonen StOr.

Den vitskaplege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet i tillegg til Arkeologisk museum. Kvar av desse einingane er delt inn i institutt og avdelingar. Det finst òg fleire forskingssenter og nasjonale forskings- og kompetansesenter knytte til UiS. I tillegg har Universitetet i Stavanger samarbeid med FoU-senter, kunnskapsklynger og nettverk. 

Dei fellesadministrative einingane og Universitetsbiblioteket er leia av prorektorane og av direktøren for organisasjon og infrastruktur.

Ei rekke nemnder og utval ved universitetet bidreg til å sikra kvalitet, læringsmiljø, tryggleik og utdanningstilbod.