
Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
ved Universitetet i Stavanger
Studietilbod
Fakultetet har ei stor, samansett studieportefølje med lærarutdanningar på alle nivå frå barnehage til vidaregåande skule, idrettsstudiar og utdanningar innan spesialpedagogikk, språk, religion, historie, drama og kunst og handverk, fleire gradsprogram i humanistiske fag, eit breitt tilbod av vidareutdanningaer og eiga forskarutdanning. Vi er opptekne av at studentane som går ut frå oss skal vere godt trente i kritisk og analytisk tenking, ha evne til etisk refleksjon og vere bevisste på behovet for kontinuerleg læring og profesjonsfagleg utvikling. Vi utdannar lærarar og vi vidareutdannar dei som allereie er i jobb i skule og barnehage.
Sentra ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
På fakultetet har vi fire forsknings- og kompetansesenter. Med Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning (Læringsmiljøsenteret), Lesesenteret, Filiorum – senter for barnehageforsking og Kunnskapssenter for utdanning er vi eit nasjonalt nav innan utdanningsforsking. Ved å trekke på forskingsmiljøa ved fakultetet styrkar vi utdanningane og gjennom det studentane.
Forsking
UiS er del i Senter for spesialpedagogisk forskning og inkludering (SpedAims), ei langsiktig satsing som skal styrke den spesialpedagogiske forskninga i Noreg. Det tette samarbeidet med praksisfeltet speglar seg i sterk relevans for utdanningsforsking frå UiS. Fakultetet driv omfattande forskarutdanning, og har eit ph.d.-program i utdanningsvitskap og humaniora. For tida har vi 78 kandidatar (57 kandidatar på ph.d.-programmet i utdanningsvitskap og 21 kandidatar i lesevitskap). Vi har også offentleg ph.d., i samarbeid med Stavanger kommune. Nasjonal forskarskule for miljøhumaniora (NoRS-EH) blir leia av Dolly Jørgensen ved Greenhouse, og vart etablert i 2019. Vidare er fakultetet partnar i følgjande forskarskular: NAFOL (Nasjonal forskarskule i lærarutdanning), PROFRES (PROFessional RESearch), WNGER II (Western Norway Graduate School Educational Research) og TLBR (tekst, lyd, bild og rom). Fakultetet er heim til eit omfattande forskingsmiljø innanfor utdanningsvitskaplege og humanistiske fag. Forskinga er samla innan ni programområde som jobbar på tvers av dei organisatoriske skillelinene ved fakultetet:
Forskargrupper og programområder
Kompetanseutvikling i samarbeid og partnarskap med skuler og barnehagar
Desentralisert kompetanseordning (DEKOMP) for utdanningssektor, regional kompetanseordning (REKOMP) for barnehagesektor, og kompetanseløftet for spesial pedagogikk og inkluderande opplæring beskriv og legg føringar for eit utvida og varig partnarskap mellom fakultetet vårt og samarbeidspartnarane våre. Fakultetet har samarbeidsavtalar med utdannings-/barnehageregionar i søre del av Rogaland, og alle vidaregåande skular i Rogaland er inkludert i samarbeidsavtale med Fylkeskommunen. Fakultetet vårt er aktive i styringsgrupper, arbeidsutval, samarbeidsforum leia av Statsforvaltaren, og i det praktiske arbeidet med skular og barnehagar. Ei viktig sak for fakultetet sitt samfunnsoppdrag er moglegheita som ligg i dette arbeidet knytt til gagn for våre utdanningar. Arbeidet med ordningane står som ein av fleire sentrale føresetnader for eit kontinuerleg arbeid med kvalitet i lærarutdanningane våre. Fakultetet for utdanningsvitskap og humaniora har etablert utvidet partnarskap med utvalgte Universitetsskoler og Universitetsbarnehager i regionen med et mål om å styrke praksisopplæring og FoU-basert profesjonsutvikling i lærerutdanningene. I dette samarbeidet settes teori og praksis i et samspill.
Fakultetsleiing
Fakultetet er med sine 3100 studentar og 410 ansatte det største ved UiS. Det blir leia av dekan Odd Magne Bakke og fakultetsdirektør Karoline Holmboe Høibo. Brita Strand Rangnes og Per Henning Uppstad er prodekan for utdanning og forsking. Kåre Andreas Folkvord er leiar for samarbeid med utdanningssektoren. Institutt- og senterleiarar inngår i leiargruppa.
Fakultetsstyre
Fakultetsstyret har ansvar for å bestemme overordna mål, prioriteringar og strategiar for fakultetet. Dette inneber mellom anna å fastsetje studietilbod, og fremme forslag til universitetsstyret og utdanningstutvalet basert på det, samt definere område for satsingar innan forsking og samfunnskontakt.
Leiar: Jørn Pedersen (Stavanger kommune)
Nestleiar: Hilde Inntjore (Universitetet i Agder)
Vitskapleg tilsette: Frode Skarstein, June Junge, Klaus Johan Myrvoll, Briten Russdal-Hamre
Teknisk/administrativt tilsette: Kjersti Gjedrem
Aktuelt frå fakultetet
Pilotprosjekt resulterte i formidlingsopplegg
I samarbeid med Kulturtanken og Den kulturelle skolesekken har DDV utviklet et formidlingsopplegg til dataspillene "Embr...
Digital sommerskole for fjerde gang
Didaktisk digitalt verksted (DDV) arrangerer for fjerde gang digital sommerskole. Dette er et åpent arrangement, og alle...
Årsmelding 2021: Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
Her får du oversikt over aktivitet og resultat innanfor sentrale satsingområder for Fakultet for utdanningsvitskap og hu...
Tre nye meritterte undervisarar ved UH-fakultetet
Professor Finn Arne Jørgensen (IKS) har saman med førsteamanuensis Tuula Skarstein (IBU) og førsteamanuensis Janne Fausk...
Informasjon om praksis ved lærerutdanningene i forbindelse med utbruddet av koronavirus
Undervisning og praksis blir påvirket av koronaviruset. Les mer her om hvordan det påvirker praksis for deg som er lærer...
Hvordan beholde engasjement?
Andrew Hargreaves, professor II ved UiS, og Dennis Shirley, professor ved Boston College, holdt seminar om sin nye bok f...
Skal utforske og lære å ta i bruk digital teknologi i læringssituasjoner
Flere studier påpeker at det er et stort gap mellom hva lærerstudenter tilegner seg av digital kompetanse og hva slags b...
Lærerstudenter får fri tilgang til framtidens klasserom
Lærerstudentene ved Universitetet i Stavanger får nå et fortrinn mange vil misunne dem for. De får fri tilgang til Didak...
Uteskole: lek og læring utendørs
Uteskole og pedagogisk arbeid utendørs er en viktig og reell mulighet for skoler og barnehager i en hverdag preget av ko...