Hopp til hovedinnhold

UiS har etablert ei tverrfagleg arbeidsgruppe for Grøn omstilling

Fram mot 2030 er grøn omstilling ei sentral satsing ved UiS. Ei arbeidsgruppe skal forme og verkeleggjere satsinga saman med ein koordinator for grøn omstilling.

Publisert: Endret:

Rune Dahl Fitjar, prorektor for innovasjon og samfunn

Satsinga på grøn omstilling står sentralt i UiS sin Strategi fram mot 2030. Det er både ei tverrgåande satsing som påverkar alle fag- og verksemdområde, og ei fagleg temasatsing som peiker på område kor Universitetet i Stavanger (UiS) ønsker å profilere seg innan forsking, utdanning, innovasjon og samfunnskontakt.

– Grøn omstilling inneberer endringar i alt frå teknologi via politikk og økonomi til den enkelte si åtferd. Det betyr at vi må jobbe godt på tvers og integrere både naturvitskapleg, samfunnsvitskapleg og humanistisk kunnskap i forskinga og utdanninga vår, og i arbeidet vårt med innovasjon og samfunnskontakt, forklarer Rune Dahl Fitjar, prorektor for innovasjon og samfunn.

Fitjar har ansvaret for å følgje opp satsinga. Vårsemesteret 2022 vart nytta til å tilsette ein koordinator og etablere ei tverrfagleg arbeidsgruppe. Ein strategi og handlingsplan er no på plass.

Styrke samarbeidet mellom fagmiljøa

Arbeidsgruppa skal bidra til at universitetet jobbar målretta mot å ta meir samfunnsansvar i det grøne skiftet. Gruppa skal også bidra til omstilling av eiga drift og campus i tillegg til å skape ei kulturendring og haldningsendring for studentane og dei tilsette.   

Den tverrvitskaplege arbeidsgruppa for grøn omstilling er: Anders Müller, Homam Somehsaraei, Jens Fisker, Jonas Gjersø og Ruth Pincinato.

– Eg er glad for at vi har fått på plass ei arbeidsgruppe med spisskompetanse på grøn omstilling frå fire fakultet. Desse aktørane skal blant anna bidra til å styrke samarbeidet mellom fagmiljøa innafor grøn omstilling, påpeiker Fitjar.

Arbeidsgruppa skal jobbe tett med koordinator for grøn omstilling, Rebecca Briedis, som blei tilsett våren 2022. Briedis har ein master i miljøteknologi frå Storbritannia og har i fleire år jobba med å utvikle strategiar knytt til berekraftig omstilling og sirkulær økonomi.

Satsingsområdet «Grøn omstilling» blir i det daglege drifta av arbeidsgruppa saman med koordinator, som igjen rapporterer til ei styringsgruppe.

Styringsgruppa:Rune Dahl Fitjar, Troels Jacobsen, Birgitte Bauer-Nilsen, Bjørgulf Eidesen, Cathrine Gjertsen, Finn Arne Jørgensen, Frode Alvheim, Mette Fossan, Oluf Langhelle, Øystein Arild, Ragnar Tveterås, Henriette Thune 

Tekst: Karen Anne Okstad