Nye doktorgradsprosjekt i samarbeid med kommunal sektor

Forskingsrådet tildeler kvart år midlar til at tilsette i offentleg sektor skal kunna ta ei doktorgrad. No skal to nye helseprosjekt gjennomførast i samarbeid med UiS. Desse omhandlar medborgarskap i kommunale rus- og psykiske helsetenester og samspelrettleiing på helsestasjon.

Published Sist oppdatert
Portrett av Kari G. Ugland
Kari Glesne Ugland er utdanna helsesjukepleiar og skal no i gang med doktorgrad. (Foto: Cathrine Sneberg)

Linda Petersen Hetland i Sandnes kommune og Kari Glesne Ugland frå Lindesnes kommune fekk nyleg støtte til å gjennomføre doktorgradsprosjekt i samarbeid mellom kommunane og UiS.

Dette gjennom Forskingsrådet si ordning for offentleg sektor-ph.d som gjer det mogleg å ta ei doktorgrad ute i verksemda du jobbar i.

– Eg tenkjer at styrken med å ta ei doktorgrad på denne måten, er at ein har direkte kontakt med og gjennomfører eit prosjekt som heng saman med kompetansebehov i eiga teneste. Målet er at resultat og kunnskap skal delast og komma verksemda til gode, seier Kari Glesne Ugland, som er utdanna helsesjukepleiar ved UiS og arbeider på helsestasjon i Lindesnes kommune.

Ho får støtte av Linda Petersen Hetland som også legg til at offentleg sektor ph.d. har ein stor fordel når det gjeld å få forskinga ut i praksisfeltet, og at det er fint å så vera med ein fot både i akademia og i praksis.

Les ei kort beskriving av prosjekta nedst i denne saka.

Ønskjer meir forsking i kommunane

Kommunane får eit stadig større ansvar for fleire brukargrupper, og blir tilførte meir fagleg krevjande og spesialiserte oppgåver.

– For å kunna tilby gode og berekraftige tenester til den aukande pasientgruppa som skal takast hand om av kommunehelsetenesta, er det òg viktig med auka merksemd på helse- og omsorgsforsking i kommunane, seier Thor Ole Gulsrud, prodekan for forsking og innovasjon ved Det helsevitskaplege fakultet.

Portrett av Thor Ole Gulsrud
Thor Ole Gulsrud er prodekan for forsking og innovasjon ved Det helsevitskaplege fakultet. (Foto: Cathrine Sneberg)

Han meiner at ordninga offentleg sektor ph.d. vil styrka forskingskompetansen i kommunane.

– Kommunane har behov for meir forskingsbasert kunnskap basert på eigne forskingsbehov for å løyse utfordringar innan helse- og omsorg. Offentleg sektor ph.d. vil bidra til at kommunane bruker forsking som grunnlag for avgjerder, og i planlegging og utvikling av sine helse- og omsorgstenester, legg han til.

Ordninga vil òg bidra til å styrka samarbeidet mellom offentlege aktørar og akademia.

– UiS ønskjer meir forsking i kommunane velkommen og kan bidra som ein akademisk partnar med relevante og sterke fagmiljø, og med rettleiarar for kandidatar. Ordninga vil også bidra til at forskinga blir meir relevant med tanke på samfunnsutfordringane. Det er ein vinn-vinn situasjon for både kommunane og akademia, seier prodekanen.

Tilrår å bli del av eit større forskingsmiljø

Cille Sevild disputerte for ph.d.-grada i helse og medisin ved Universitetet i Stavanger i 2021 med eit prosjekt som var finansiert av Stavanger kommune. Ho vil anbefale å ta en ph.d. tett på offentlig sektor.

Cille Secvild
Cille Sevild er prosjektleiar, forskar og rådgivar i Stavanger kommune.

– Det var ein svært givande og lærerik prosess for meg, men òg krevjande. Det er fordelar med å vera nær praksis som forskar, men det kan vera ekstra krevjande at resten av forskarmiljøet er litt på avstand når du ikkje er ein del av eit større prosjekt. Den største gevinsten tenkjer eg er kort veg frå resultat til teneste, overføringsverdien blir stor, og både tenestene og forskar kan læra mykje av kvarandre. I tillegg opplevast det meiningsfullt å arbeida metodisk (med musesteg) for å forbetra våre felles tenester, seier ho.

Hu fortel at den vesle eller store knekken får dei fleste stipendiatar, uavhengig av kva ordning dei er del av, og dersom det skulle skje så finst det mange gode råd.

– Derfor er eit råd eg vil gi å bli ein del av nettverk eller forskingsfellesskap der du får akademisk støtte - dette er vanskeleg å finna på arbeidsplassen og er svært viktig. Eg veit nokon har delteke i forskarskular, det trur eg er lurt, legg ho til.

Offentleg sektor-ph.d. får mellom anna prioritet i opptak til forskarskulen PROFRES – Den tverrfaglege og tverrprofesjonelle forskarskulen for praksisnær forsking ved UiS.

Tekst: Cathrine Sneberg

Les meir om prosjekta: