Hopp til hovedinnhold

Bli grønare ved å samarbeide med UiS

Universitetet i Stavanger skal bidra til grøn omstilling i regionen. Vi søker samarbeid med dei som har utfordringar knytt til berekraft og grøn omstilling gjennom bachelor- og masteroppgåver, forskingsprosjekt og andre initiativ.

Publisert: Endret:

Samarbeid, hender, joining forces. Foto: Shutterstock

UiS samarbeider med arbeidslivet om alt frå store forskingsprosjekt finansiert med midlar frå EU, til mindre bachelor- og masteroppgåver saman med studentane.

Jobbar du i ein bedrift, organisasjon eller offentleg verksemd som ønskjer å samarbeide med oss om å løyse eit case eller ei konkret utfordring? Ta kontakt gjennom vår samarbeidsportal og velg enten «InGenious» eller « University».

Samarbeidsportalen: UiS-studentar løyser arbeidslivets utfordringar

Jobbar du i ein bedrift, organisasjon eller offentlig verksemd og ønskjer å samarbeide om å løyse utfordringar knytt til berekraft og grøn omstilling? Ta kontakt gjennom vår samarbeidsportal.

En gruppe rettsvitenskapstudenter på kurs

UiS samarbeider med arbeidslivet innan grøn omstilling på mange måtar. Heilt frå store forskingsprosjekt finansiert med midlar frå EU, til mindre bachelor- og masteroppgåver saman med studentane våre.

Samarbeidsportalen kan arbeidslivet formidle mindre, reelle utfordringar dei har som kan løysast gjennom bachelor- og masteroppgåver. Når du kjem inn på sida kan du velge mellom «InGenious» eller «ECIU University».

I InGenious-programmet og i ECIU University set vi studentane våre i tverrfaglege team for å jobbe med konkrete utfordringar frå arbeidslivet over et heilt semester.

Hackaton: Helga brukast til å finne løysingar for ei berekraftig framtid

Studentar frå ulike fagfelt set av ei helg for å arbeide med reelle utfordringar som arbeidslivet har. Det gir gode løysingar for private og offentlege aktørar. Nokre gongar blir resultatet ei ny bedrift.

Studentene Ayushi Rai, Anders N Sundli, Lilian Lhommeau og Sharath Chandar Joghee holder fram diplom
Ayushi Rai, Anders N Sundli, Lilian Lhommeau og Sharath Chandar Joghee vart kåra til det beste laget.

Gjennom eit Hackathon kjem studentar og arbeidsliv saman for å løyse arbeidslivets utfordringar. Interdisiplinære team brukar ei helg på å løyse utfordrande caser. Resultatet skal skape verdi for innbyggarane, private og offentlege aktørar.

Les om Studentar “hacka” åtte løysingar for ei berekraftig framtid.

Les om Fra hackaton til gjenbruksbedrift

– Hackathon-helgane er dei kjekkaste og travlaste dagane eg har hatt på jobb. Det var utruleg gøy å sjå resultata som vart presentert av studentane etter to dagar med samarbeid på tvers av sektorar og fagfelt. Det er sjølvsagt ekstra gøy at Co-Creators no har teke steget vidare, starta eiga bedrift, og no testar ut ideen sin, seier Helleik Line Syse, tidlegare prosjektkoordinator for Future Energy Hub.

Eksempel på større samarbeidsprosjekt innan grøn omstilling og berekraft

Grønnere bygg og bydeler

Future Energy Hub

Klimavennlig havbruk

Redusere miljø- og klimaavtrykket i havbruket

Klimanøytrale byer

100 klimanøytrale og smarte byer i Europa

Eksempel på masteroppgåver innan grøn omstilling og berekraft