Hopp til hovedinnhold

Årsrapport 2020: Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora

Denne rapporten syner resultat frå 2020 for Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora på sentrale område.

Publisert: Endret:

2020 har vore eit særs spesielt år, ikkje berre for fakultetet, men for heile verda. Korona-pandemien har sett sitt klåre preg på verksemda for både studentar, lærarar og forskarar, og det er godt å sjå at fakultetet leverer gode resultat på tross av vanskelege tilhøve. Det står stor respekt av korleis tilsette,   studentar og samarbeidspartnarar har takla pandemien.

Denne rapporten syner resultat frå 2020 for Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora på sentrale område.

Områda vi har vald å rapportere på står i høve til sentrale område i Strategi for Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora 2018-2020 som vart vedteken av fakultetsstyret i oktober 2017. Vi rapporterer nå på resultat for det siste året av strategiperioden.

Resultata er stort sett attgjevne som tal og konkrete produkt, månge av dei lagt ved sjølve rapporten. Bak alle tala skjular det seg mykje kvalitet og hardt arbeid. Arbeidet er utførd av vitskapeleg tilsette, administrativt tilsette og ikkje minst studentar.  Vi vil nytte høvet til å takke kvar og ein for innsats og engasjement!

Data tek utgangspunkt i dei strategiske styringsparametera som er definerte av universitetet sin overordna strategi, og er primært henta frå UiS’ datavarehus UiS Innsikt. Dataene kjem i hovudsak fram i vedlegget til rapporten, men ein del enkeltresultat som skil seg ut er kommentert i teksta.

Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora er eitt av sju fakultet ved Universitetet i Stavanger. Fakultetet er organisert i tre institutt, to nasjonale kompetansesenter, to forskningssenter og ein fakultetsadministrasjon. Fakultetet, som har 359 tilsette, er leia av dekan Odd Magne Bakke.

Dekanen leier leiargruppa, som består av alle einingsleiarane. I 2020 var dette instituttleiarane Anne Kristine Solberg Runestad  (IBU, til august 2020 ), Anita Berge (IBU, frå august 2020), Lars Rune Waage (IGIS), Ingrid Nielsen (IKS, til august 2020)  og Kjetil Vikhamar Thengs (IKS, frå august 2020)senterleiarane Dag Jostein Nordaker (NSLA), Kjersti Lundetræ (LS) og Elaine Munthe (KSU) , samt prodekan for forsking Rudy Garred (til august) /Per Henning Uppstad (frå august), prodekan for utdanning Brita Strand Rangnes, leiar for samarbeid med utdanningssektoren Kåre Andreas Folkvord og fakultetsdirektør Karoline Holmboe Høibo.

Institutta og sentera

  • Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS)
  • Institutt for barnehagelærarutdanning (IBU)
  • Institutt for kultur- og språkvitskap (IKS)
  • Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret)
  • Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) med avdelingar i Stavanger og i Porsgrunn (separat årsrapport)
  • FILIORUM, Senter for barnehageforsking
  • Kunnskapssenter for utdanning (separat årsmelding)

Utdanning og læringsmiljø

2020 blei på grunn av smittevernsituasjonen eit år utanom det vanlege, også på utdanningsområdet. Dei plutselege endringane i undervisings- og eksamensformer som kom i mars, har utan tvil vore krevjande for studentar og tilsette. Fakultetet registrerer no likevel at endringane ikkje har hatt særleg påverknad på gjennomføring på normert tid og studiepoengproduksjon per student.

Illustrasjonsfoto digital undervisning

Fakultetet hadde 3225 studentar i 2020 (gjennomsnitt vår/haust), 75 færre enn året før. Det var mykje spenning rundt korleis smittevernsituasjonen ville påverke søkinga. Fakultetet hadde ein reduksjon i talet på primærsøkarar på 1,1 prosent for studieåret 2020/21 samanlikna med 2019/20 (samordna opptak). Nedgongen skuldast hovudsakleg at dei store studieprogramma ved fakultetet, som barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanninga, noko overraskande hadde færre søkarar enn det som har vore vanleg dei siste åra. Dette må vi igjen sjå i lys av nasjonale trendar, som tabellen under syner. Lektorprogrammet har derimot ei positiv utvikling i søkarar, og går mot den nasjonale trenden.

Type lærarutdanningNasjonal endring i primærsøkarar 2019 – 2020Endring i primærsøkarar til UiS 2019-2020
Barnehagelærar- 7,3 %-7,4 %
Grunnskolelærar 1-7- 5,2 %-9,8 %
Grunnskolelærar 5-10- 12,9 %-17,9 %
Lektorprogrammet- 9,3 % 
- humanistiske fagIkkje tilgjengelege data9,2 %
- realfag- 37,9 %

Til studiestart 2020/21 tok fakultetet opp 883 studentar (registrerte) til 678 plassar (samordna opptak). Det er ein oppfyllingsgrad på 130 %, mot 117 % i 2019. Grunnen til dette er nok at fleire studentar takka ja til tilbod om studieplass enn i eit normalår. Kva følgjer dette får for gjennomstrøyming er for tidleg å seie.     

Fakultetet hadde tre nye mastertilbod som starta hausten 2020. Søkinga til desse programma har vore spesielt interessant å følgje. Tabellen under syner at søkinga har vore tilfredsstillande, men fakultetet skulle gjerne sett at det var fleire førsteprioritetssøkarar, spesielt på barnehagevitskap.

 OpptaksplassarSøknad 1. prioritetStudentar møtt
Master i idrettsvitskap209529
Master i spesialpedagogikk4047243
Master i barnehagevitskap203629

Av andre nye program har fakultetet oppretta deltidsstudiet Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) frå hausten 2020. Dette studiet er finansiert av Utdanningsdirektoratet og målgruppa er assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar som har erfaring frå arbeid i barnehage, primært frå kommunar med låg pedagogdekning. Studiet er spesielt tilrettelagt for barnehagetilsette ved at arbeidsplassen til ABLU-studentane er ein sentral læringsarena. ABLU har 15 studieplassar, til desse var det 44 søkarar.  

Innføringa av revidert kvalitetssystem har vore eit omfattande arbeid på fakultetet i 2020. Formålet med eit kvalitetssystem er både å sikre at studentane får kvaliteten dei har krav på og at vi kan nytte informasjonen vi får til å betre tilbodet. Kvalitetssystemet er basert på dialogar med studentar, emneevaluering, ulike former for tilsyn og årleg rapportering på emne-, program- og porteføljenivå. Det er eit omfattande system som fører med seg mykje arbeid, særleg for studieprogramleiarane, som saman med tillitsvalde studentar er navet i kvalitetssystemet. Vi opplever stor forståing blant dei tilsette for at dette er viktig arbeid, sjølv om innføring av eit stort kvalitetssystem kan vere frustrerande. Arbeidet med implementering av kvalitetssystemet held fram i 2021, og vil gå over i ein ny fase når ein sakkunnig komité frå NOKUT vitjar UiS i september 2021.

Det blei gjennomført tre periodiske programevalueringar i 2020, på mastergradprogramma i Spesialpedagogikk, Literacy studiesog Nordisk og lesevitskap. Desse programma blei reakkrediterte i Utdanningsutvalet i februar 2021, medan bachelorprogrammet i engelsk blei reakkreditert i 2020, etter å ha gjennomført periodisk programevaluering  i 2019.

Studiebarometeret er ei særs viktig undersøking i regi av NOKUT. Undersøkinga fokuserer på trivsel og tilfredsheit med studietilbodet vårt, og alle gradsprogramma våre er med. I 2020 var tilhøva for gjennomføring dårlege, mest på grunn av Covid -19, og svarprosenten var dessverre låg. Den generelle studenttilfredsheita har ligge på 3.8 på ein skala frå 1 til 5, der 5 er best. Dette er ein stabilt resultat, det same som dei tre føregåande åra, men fakultetet ønsker betre resultat. I fakultetet sin handlingsplanen for 2021 er Studiebarometeret framheva som eit område vi ønskjer å gjere eit løft, både i deltaking og i resultat. Andre viktige aspekt det er eit godt læringsmiljø og yrkesrelevansen av studia våre.

Vi merkar oss at studentane sin eigenrapporterte tidsbruk på studia har gått markant ned: Frå 28-29 timar dei siste åra, til 25,6 timar i 2020. Denne utviklinga trur vi må skuldast endringane som blei gjort på grunn av smittesituasjonen, der campus blei stengt og så gradvis gjenopna i løpet av året. Det er likevel interessant og gledeleg å sjå at studentane ikkje opplever studiekvaliteten som noko dårlegare i 2020 enn i dei to føregåande åra. Når det er sagt, har fakultetet ambisjonar om å oppnå betre resultat i Studiebarometeret og andre evalueringar.

Etter- og vidareutdanning

Fakultetet driv eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod som er forankra i fakultetet sin strategi og handlingsplan. Ekstern finansiering av etter- og vidareutdanning dreg inn mykje midlar til fakultetet kvart år, og er ein sentral del av verksemda vår.

Gjennom nasjonale vidarereutdanningsordningar som Kompetanse for kvalitet, Kompetanse for framtidas barnehage og Lærarspesialistordninga har fakultetet 15 ulike tilbod i mellom anna språkopplæring i barnehagen, matematikk i grunnskolen og erfaringsbasert mastergradsutdanning som lærarspesialist i norsk (90 ECTS). I tillegg til desse kjem ulike andre tilbod som ikkje høyrer inn under ei særskilt ordning. Her kan vi nemne Skulemiljø og leiing, Klasseleing og Aktivitetsskolepedagogikk som døme på populære vidareutdanningstilbod.

Når det gjeld etterutdanningsaktivitet, er dette i stor grad blitt flytta til tilskuddsordninga (DEKOMP, REKOMP og Kompetanseløftet (sjå s.14) ). Intensjonen med denne særleg samfunnsretta og partnarskapsfunderte forma for «etterutdanning» er at ho skal integrerast tettare med dei ordinære studieprogramma, og samarbeidet med samfunnet skal påverke og forbetre kvaliteten på heile studieportefølja.

Internasjonalisering

Internasjonaliseringsarbeidet innanfor utdanning, særleg det som inkluderer mobilitet, har naturleg nok vore utfordrande i koronaåret 2020, sjølv om arbeidet med å ruste oss for framtidige satsingar som aktiv avmelding og meir internasjonal praksis i utdanningane ikkje har stoppa har opp.

Mange planlagde reiser blitt utsett, og talet på mobile studentar har gått ned. Det var dessutan krevjande for fakultetet å sørge for at studentane som var i utlandet i mars 2020 kom seg trygt heim, og å gi bistand til internasjonale studentar her som skulle fullføre undervisninga digitalt og kome seg tilbake til sine heimland. 

Hausten 2020 blei det lagt til rette for opptak av utvekslingsstudentar som kom til Noreg i januar 2021 for å ta emner ved IGIS og IBU. Vi har hatt innkommande studentar både på Outdoor education og Comparative Education Studies.

Samstundes synte overgangen til digital undervisning at det finnst eit stort potensiale i å tenkje nytt omkring korleis studentar kan få ei praksisoppleving digitalt, noko som har resultert i eit spanande prosjekt på IBU, der simulering av praksis skal utviklast og testast ut saman med internasjonale -samarbeidspartnarar.

Generelt var det stor aktivitet på prosjektsida ved fakultetet i 2020, der totalt 4 av 7 søknader om eksternfinansiering av utdanningsprosjekt med internasjonale partnarar som fakultetet var delaktig i fekk tilslag (sjå vedlegg).

Idrettsvitenskap bachelor vart revidert til å inkludere fordjupning i trening eller friluftsliv

Arbeidsplassbasert barnehagelærerutdanning vart etablert

Skreiv bacheloroppgåve om barnehagepraksisar under korona

Forskarutdanning

Nytt ph.d.-program blei etablert i UiS’ styremøte den 11. juni 2020; ph.d.-programmet i utdanningsvitskap og humaniora. Det rommar fagleg sett to forskingsdisiplinar som dels er samanfallande, men som òg har kvar sin eigenart. I praksis er det ei samanslåing av dei to tidlegare programma og skal erstatte dei to, men òg utvide dei ved å opne for fleire faglege/tematiske forskingsområde. Etter etableringa i juni starta fakultetet arbeidet med å implementere det nye programmet og informere «alle» om endringane og overgangsprosessen.

Doktorgradskandidat ved pc

Korona-året

Nedstenging av samfunnet med stadig nye retningslinjer og krav om omstillingar har i seg sjølv vore ei belastning for mange arbeidstakarar og generelt påverka produktiviteten deira. Covid-19 sette sitt preg på ph.d.-utdanninga på fleire vis; ein del av ph.d.-prosjekta blei forsinka, ikkje minst for kandidatar som skulle gjere datainnsamling i t.d. skular og barnehagar eller andre stader i verda, og i løpet av 2020 fekk 12 av stipendiatane ved UH-fakultetet utvida stipendiattida si med 2 månader (i snitt). Mange konferansar og kurs blei avlyste eller utsett i tid. Mobilitetsopphald måtte kortast ned, utsetjast eller skrinleggjast. Heimekontor og stengt campus, isolasjon eller omsorg for barn med og utan heimeskule, einsemd, uro og utilstrekkelege fasilitetar, gjorde noko arbeid umogeleg eller meir tidkrevjande. Det er grunn til å anta at talet på dei som har blitt forsinka grunna korona er underestimert.

Ei rekkje tilpassingar blei gjort for å halde hjula i gang; 4 disputasar var heildigitale og 7 arrangert som hybride/halvdigitale, 9 av 13 ph.d.-kurs blei tilrettelagte som heilt/delvis digitale tilbod, møteverksemda blei i stor grad gjennomført digitalt og det same gjeld for midtvegsseminara. Som bidrag til å halde motivasjonen oppe og støtte framdrift i ph.d.-arbeidet, blei to nye faglege ressursbankar særleg meint for ph.d.-kandidatane etablert.

Arbeid i doktorgradsutvalet

Doktorgradsutvalet ved UH-fakultetet (DU-UH) heldt i 2020 7 ordinære møte, medan 5 saker blei behandla på sirkulasjon. Sentrale saker har vore oppnemningar av bedømmingskomité (14 + ei ny-oppnemning), tilråding for graden ph.d. (9), godkjenning av nye ph.d.-emne (2), emne- og programrevisjon (1), opptak av nye ph.d.-kandidatar (23), godkjenning av revidert ph.d.-plan (21), samt av ny revidert ph.d.-plan (4), godkjenning av fullført opplæringsdel (7), fastsetjing av frist for å levere omarbeidd avhandling (3), og elles sak om framdriftsrapporteringar for 2019, implementering av nytt ph.d.-program, overgangsordning frå gamle til nytt ph.d.-program, høyring om nytt mandat for doktorgradsutvala ved UiS, opphøyr av studierett, revisjon av mal for medforfattar-erklæring og av mal for revidert ph.d.-plan, forbetring av skjemaa for framdriftsrapportering, gjennomgang av Post PhD Survey, m.v.

Talet på stipendiatar og ph.d.-kandidatar

Medrekna eksternt finansierte stipendiatar og eigne stipendiatar med rett til forlenging av tida, var det ved årsskiftet -20/-21 80 ph.d.-kandidatar med aktiv studierett ved UH-fakultetet. Fakultetet hadde i 2020 totalt 42 statlege rekrutteringsstillingar, 4 av dei er midlertidige.

Nye eksternt finansierte ph.d.-kandidatar

Av dei nye ph.d.-kandidatane ved UH-fakultetet i 2020, var 5 eksternt finansierte: to frå eit EU/ITN-prosjekt, ein frå NFR/KDS (offentleg ph.d.), ein frå Høgskulen i Volda og ein frå NLA Høgskolen i Bergen. Fire av desse starta ph.d.-utdanninga før 1.1.2021. Ekstern finansiering inneber meir arbeid i samband med bl.a. avtalane ved opptak til ph.d.-utdanninga. Særskilt gjeld dette for dei to EU-finansierte ITN-prosjekta der institusjonane skal inngå cotutelle-avtale.

Disputasar og midtvegsseminar

I 2020 disputerte 11 ph.d.-kandidatar på vårt fakultet, 2 av dei frå ph.d. i lesevitskap og 9 frå ph.d. i utdanningsvitskap. 9 av dei 11 fullførte ph.d.-løpet sitt innanfor ramma av 6 år (gjennomstrøymings-parameteren KD nyttar for ph.d.-studentar).

Om lag midt i utdanninga skal alle ph.d.-arbeid bli vurderte m.o.t. framdrift/tidsaspekt og fagleg nivå i eit midtvegseminar. Ph.d.-kandidaten presenterer då prosjektet sitt for ein komité som kommenterer og skriv rapport. Seminara er opne for andre interesserte. I 2020 blei det halde 11 slike seminar.

Ph.d.-kurs og mobilitet

Fakultetet oppretta to nye ph.d.-kurs i fjor; DSP240 Qualitative research in higher education og DUH100 Introduction to systematic review (SR) in Education.

Ny studieplan seier at dei 30 studiepoenga (sp) i opplæringsdelen skal bestå av ph.d.-kurs innan vitskapsteori og forskingsetikk (minst 10 sp) og forskingsmetode (minst 5 sp). Dei siste 15 sp kan kandidatane sjølv velje m.o.t. tematikk og kurskategori. Som før skal kandidatane òg formidle arbeidet sitt på ulike vis og er forventa å gjennomføre eit forskingsopphald i utlandet (3 månader mobilitet).

Berre ein stipendiat drog utanlands i 2020 (reisemål: University of Warwick, Storbritannia). Grunna koronasituasjonen måtte han avbryte opphaldet etter 10 veker og dra heim ein halv månad før tida. Ein annan stipendiat skulle ha reist til Stockholms universitet, Sverige, den veka Noreg stengde..

Etter NOKUT-tilsynet

Med bakgrunn i rapporten etter NOKUT-tilsynet hausten 2019, har institusjonen i 2020 arbeidd med å integrere ph.d.-utdanninga (3. syklus) betre i UiS’ overordna kvalitetssystem. Målet er å etablere gode strukturar for medverking frå og tilbakemelding til ph.d.-kandidatane om korleis kvalitetsarbeid i utdanninga blir følgt opp internt i organisasjonen. UH-fakultetet deltek sjølvsagt òg i dette arbeidet, på fleire vis, nivå og i ulike fora. I 2020 blei det blant anna for første gong laga ein eigen programrapport for ph.d.-utdanninga på fakultetet. Eit anna resultat av NOKUT-tilsynet er at ph.d.-kandidatane sin representant i doktorgradsutvalet no har stemmerett på lik linje med dei andre medlemmene.

Forskarskular

Fakultetet var i 2020 medlem av 5 forskarskuler (eit supplement til UH sin eigen ph.d.-utdanning): NAFOL (Nasjonal forskarskule i lærarutdanning), PROFRES (PROFessional RESearch, som koordinerast frå UiS), WNGER II (Western Norway Graduate School Educational Research), og den nye nasjonale NFR-finansierte forskarskulen i miljøhumaniora NoRS-EH (Norwegian Research School in Environmental Humanities, òg koordinert frå UiS), som blei starta i 2019. Av dei 29 ph.d.-kandidatane i NoRS-EH er 5 frå UH, UiS.

Highlights

Gjennomstrøyming på 100%: Når det gjeld gjennomstrøymingstal, hadde fakultetet i 2020 full score med 100%. Det vil seie at alle dei 6 ph.d.-kandidatane som starta på utdanninga i 2014 har fullført med disputas før/innan 2020.

Agora (ope torg) og Innføring i tekst- og diskursanalyse blei nytilskot i ph.d.-utdanninga i 2020 som følgje av koronasituasjonen. Begge er meint som digitale ressursbankar; Agora er ein virtuell møtestad på plattforma Teams som blei initiert og oppretta av tre fagleg tilsette ved UH-fakultetet. Ideen har vore å tilby  ph.d.-kandidatar og andre interesserte ein seminarserie om ulike aspekt ved og gode råd for akademisk skriving. Seminara er streama og kan sjåast i ettertid. Innføring i tekst- og diskursanalyse er videobaserte førelesingar som òg er produserte av fagfolk ved UH. Dei presenterer grunnleggjande prinsipp for slik metodisk tilnærming.

Disputas: Marianne Undheim

Barnehagebarn stortrivst når dei får lage digitale fortellingar

Disputas: Ingrid Skage

Slik kan elevar få meir fysisk aktivitet i teoretiske fag

Stipendiatdrøs: Camilla Fitjar

Korleis lærer barn egentlig å skrive?

Ida Sjursø i Forsker Grand Prix

Stipendiaten var UiS sin representant i den nasjonale finalen

Forsking og utvikling

Forskingsaktiviteten ved fakultetet har vore stor i året som gjekk, noko mellom anna talet på søknadar om ekstern finansiering frå våre forskarar og forskargrupper viser.

Vekst i ekstern finansiering og søknadar om Senter for framifrå forsking

To fagmiljø har sendt inn første søknad om Senter for framifrå forsking; "Greenhouse Center for More-than-Human Studies," og "ENACT: Center for Experimental Field Research on Leadership Enactment", som er eit samarbeid mellom Handelshøgskolen UiS, Lesesenteret og Læringsmiljøsenteret. Båe initiativa kjem frå etablerte programområde.

Fakultetet har 10 programområde for forsking innan ulike faglege satsingsområde. To programområde vart vidareutvikla og vidareført frå 2021, og Transforming education – towards a sustainable future er eit nytt programområde som adresserer berekraftig utvikling i utdanningane i si forsking.

Eit år med korona-tiltak har og prega forskinga. Mange, både studentar og forskarar, har måtta tilpasse prosjekta sine og finne andre og digitale løysingar, til dømes på studium i felt. Det har og ført til kreativitet som eksempelvis digitale konferansar gjennomført med innspelte foredrag, og der foredragshaldarane har vore til stades for å kunne kommentere og svare på spørsmål undervegs.

Agora vart etablert som ny digital møteplass for ph.d.-kandidatar og forskarar (sjå omtale under forskarutdanninga). UH-fakultetet er med i Forum for forsking, og arrangerte eit møte med vitskapsombodet ved UiS, professor Geir Skeie. Vitskapsombodet er eit nyoppretta ombod frå 2020 med oppgåva å gje støtte til etiske spørsmål i forsking.

Forskingsprosjekt og søknadsaktivitet

Søknadsaktiviteten har vore imponerande i perioden. I 2020 vart det sendt inn 21 EU-søknadar, mellom anna 14 søknadar om MSCA Individual Fellowship, 4 forskarprosjekt (to som koordinator og 2 som partnar/arbeidspakkeleiar), 2 ERC, 1 ITN og 1 søknad til EØS-midla. Den sistnemnte fekk tildeling.

Vi har hatt stor vekst i NFR-finansiering i 2020; tildelinga har gått frå rundt 19 millionar i 2019 til over 63 millionar i 2020. Tilslagsprosenten (% av søkt beløp) har gått opp frå 15 % i 2019 til 20 % i 2020. 67 % av prosjektleiarane er kvinner (42% på UiS). Talet på søknadar har gått frå 17 i 2019 til 21 i 2020. (forskarprosjekt: 13 , kompetanse- og samarbeidsprosjekt: 6,  innovasjonsprosjekt: 1). Heile fem søknadar fekk tildeling frå Forskingsrådet, tre kompetanse- og samarbeidsprosjekt, eit innovasjonsprosjekt og eit forskarprosjekt for unge talent. Desse er:

Kompetanse- og samarbeidsprosjekt:

  • Shared Reading Practices in Early Childhood Education and families for Language Learning and Literature experiences (SPrELL). Prosjektleiar: Trude Hoel (15,1 mill.).
  • Social and Emotional Learning and Life Mastery in Early Childhood Education and Care (SELMA). Prosjektleiar: Ingunn Størksen (20 mill.).
  • INTERACT: Enhancing upper secondary students’ engagement and learning through video-based professional development on teaching interactions. Prosjektleiar: Sigrun Ertesvåg (20 mill.).

Innovasjonsprosjekt i offentleg sektor

  • Gameplay prediction of reading difficulties (GAMEPLAY). A machine learning approach based on school starters serious gameplay. Prosjekteigar: Oslo kommune (5,5 mill.). Prosjektleiar: Njål Foldnes.

Forskarprosjekt for unge talent

  • Coming back to our senses to transform children’s digital reading. Prosjektleiar: Natalia Kucirkova (8 mill.).

Fleire av prosjekta var retta mot utlysinga samarbeidsprosjekt, som er kjenneteikna av samarbeid med praksisfeltet, og har som mål å utvikle ressursar og verktøy til bruk i barnehage og skole. I SPrELL er det digitale bøker og støtte og ressursar til fleirspråklege barn og deira familiar og barnehagetilsette som står i fokus. I SELMA vil forskarar og tilsette i barnehagar samarbeide om å konkretisere arbeidsmåtar for å fremme barns sosiale og emosjonelle læring og utvikling. I INTERACT vil ein undersøke korleis digital video-basert dialog kan støtte lærarar i arbeidet med å styrke interaksjonar i klasserommet for å auke elevane sitt engasjement og læring. Hovudmålet med innovasjonsprosjektet Gameplay er å utvikle ein metode for å oppdage kva for førsteklassingar som står i fare for å utvikle lese- og skrivevanskar så tidleg som muleg, samtidig som elevane får ei positiv oppleving. Gameplay er sannsynlegvis det første prosjektet i verda kor ein brukar maskinlæring til tidleg avdekking av lese- og skrivevanskar.

Fleire prosjekt starta opp i 2020. Forskarprosjektet Back to Blood: Pursuing a Future from the Norse Past (11,4 mill. frå Forskingsrådet/FRIPRO) ved prosjektleiar Anne Kalvig, har som mål å finna ut korfor vikingar er meir populære enn nokon gong før. Hypotesen er at framstillinga av kulturelle og spirituelle produkt relatert til vikingar og norrøn fortid, handlar om berekraft, identitet og medborgarskap.

Teaching to Be: Supporting Teachers’ Professional Growth and Well-being in the field of Social and Emotional Learning ved prosjektleiar UiS Maria T. Jensen er et EU-samarbeidsprosjekt med støtte frå Erasmus+ (2,7 mill. til UiS). Prosjektet er leia frå Latvia, og er eit samarbeid mellom åtte europeiske universitet: «The aim of this research is to evaluate the effectiveness of an online intervention, where teachers are involved in the development of the course, to increase teacher-well-being”.

Prosjektet Vocational education and workplace training enhancing social inclusion of at-risk young people (EmpowerVET) fekk støtte frå EØS-midla og starta i januar 2021 (2,9 mill. til UiS). Koordinator for prosjektet er Vytautas Magnus University, Litauen. Prosjektleiar UiS er Tarja Tikkanen.

Eit internasjonalt nettverk med partnarar frå asiatiske land fekk støtte frå INTPART i Forskningsrådet/DIKU (4,1 mill.): Asia-Norway Environmental Storytelling Network (ANEST) ved prosjektleiar Finn Arne Jørgensen. INTPART er ei ordning som støttar internasjonalt samarbeid om framifrå utdanning, forsking og innovasjon.

Fakultetet har mål om auka forskarmobilitet for å styrke internasjonalt samarbeid og nettverk. På grunn av koronatiltaka i 2020 har mobiliteten i stor grad blitt sett «på vent».

Organisering og forskingsstøtte

Fakultetet samarbeider med Forskingsavdelinga, Innovasjonsavdelinga og prosjektøkonomane om å tilby forskingsstøtte til søknader om ekstern finansiering. I andre halvdel av 2020 vart støtta trappa opp gjennom tilbod om kurs for søkjarar (særleg førstegongssøkjarar) opp mot fristane i Forskningsrådet i februar 2021. Det var god deltaking på dei tre kursdelane, og erfaringa herifrå er vidareført i utvikling av ph.d.-kurs i prosjektutvikling. Mot slutten av 2020 starta ein og med møter med Forskingsutvala på einingane og ph.d.-/forskingsadministrasjonen på fakultetet for å styrke det fagstrategiske arbeidet rundt forskinga, samt samarbeid og utvikling i doktorgradsutdanninga. Det er etablert eit nettverk for forskingsadministratorar på fakultetet for samarbeid og utvikling av forskingsstøtte.

Publisering og forskingsformidling

Tal for vitskapeleg publisering ved fakultetet i form av publiseringspoeng er relativt stabilt frå 2019 til 2020. Publiseringspoeng pr. UFF stilling er 0,92 for 2020 (2019: 0,98). Publisering på nivå 2 ligg over målet for 2020.

Den populærvitskaplege forskingsformidlinga skjer i ei rekke kanalar. Fakultetet bidreg jamleg med populærvitskaplege artiklar til Forskning.no og Science Norway, der UiS er partnar. Fakultetet vårt står for ein svært stor del av desse bidraga frå UiS (32 av 37 saker) i 2020. Lesartala er jamt over gode og sakene har lang levetid.

Dei dannar også eit grunnlag for godt innhald på dei nye nettsidene til UiS, som var eit viktig innsatsområde for kommunikasjonsarbeidet ved fakultetet i 2020. Vidare ser vi aukande bruk av podkast i arbeidet med å nå ut til publikum, til dømes religionsvitarane med Mennesker, meninger og makter og Læringsmiljøsenteret med Læringsmiljø i skole og barnehage. Programområdet Greenhouse starta våren 2020 opp med digitale bokpresentasjonar, og har gjennom heile pandemien hald det gåande med presentasjonar av nye bøker frå forskarar frå heile verda, gjennom det internasjonale forskarnettverket Greenhouse er del i.

Fakultetet arrangerte våren 2020 eit kronikk-kurs i samarbeid med forskning.no. Grunna pandemien måtte kurset gjennomførast digitalt, men tilbakemeldingane var gode og vi ser at vitskapleg tilsette i  stadig større grad nyttar kronikkar som formidlingsverktøy, hjå forskning.no men også i andre redaksjonelle medium, både nasjonalt og regionalt.

Unntaksår eller ikkje; hausten 2020 var ein stipendiatane våre, Ida R. Sjursø frå Læringsmiljøsenteret med i den nasjonale finalen i Forskar Grand Prix.

Den same hausten lanserte fakultetet ei ny TV-satsing, Læring for livet. Deltakarar frå fleire fagfelt innan barnehage og skule diskuterer aktuelle tema i møte med lærarar, barnehagelærar og andre frå praksis. Sendingane kan sjåast på som eit kinderegg: UiS-deltakarane får reell medietrening, vi set sjølv agenda og formidlar relevant forsking frå fakultetet sett i ein tidsaktuell kontekst og vi får testa ein ny flate og måte å jobbe på for kommunikasjonsmedarbeidarane ved fakultetet. Sendingane vert teknisk produsert av studentar frå fjernsyns- og medieproduksjonsutdannninga ved SV-fakultetet, og fungerer som eit reellt prosjekt for desse.

Vitskapleg publisering – publiseringspoeng*

Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora**20162017201820192020Mål 2021
Tal publiseringpoeng149,7177,4230276,78265,89-
Poeng pr. UFF0,570,680,890,980,921,0
Årsverk UFF-266,9276,7283,09289,54-

* Tal frå DBH.

**Frå 2017. (2016: Det humanistiske fakultet).





Samfunnskontakt regionalt, nasjonalt og internasjonalt

Samfunnskontakten ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora har i 2020 festa sin posisjon som ei av kjerneoppgåvene til fakultetet. Med utgangspunkt i universitetet sin strategi og sentrale styringsdokument som omtaler behov for eit utvida samarbeid mellom utdannings-/barnehagesektor, har arbeidet vorte vidareutvikla i 2020

Lunde universitetsskole på Hundvåg.
.

Desentralisert kompetanseordning (DEKOMP) for utdanningssektor, Regional kompetanseordning (REKOMP) for barnehagesektor, og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk beskriv og legg føringar for eit utvida og varig partnarskap mellom fakultetet vårt og samarbeidspartnarane våre.

I 2020 starta arbeidet med fylkeskommunen og dei vidaregåande skulane i fylket for fullt. I 2020 vart også ordninga kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis (kompetanseløftet) lansert med bakgrunn i Meld. St. 6 (2019–2020). Fakultetet er sterkt involvert som partnar i eit pilotprosjekt saman med Sandnes kommune.

Til saman utgjer desse ordningane tre ulike tiltak for lokal kompetanseutvikling som blir forvalta av Statsforvaltaren i samarbeid med UH-sektoren og skule/barnehageeigar. I 2020 vart det nedfelt ei eiga forskrift for dei tre ordningane som beskriv korleis dei skal utførast.

Ordningane inneber at Statsforvaltaren får ansvar for å fordela middel til barnehage- og skolebasert kompetanseutvikling, men at midla skal brukast strategisk og i tråd med lokale behov og planar som fylkeskommune/ kommune / eigarar utviklar i samarbeid med UH-sektor.

Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora har no etablert samarbeidsavtalar med fem utdannings-/barnehageregionar i søre del av Rogaland. Dette inkluderer alle grunnskular/vidaregåande skular og alle barnehagar (private og kommunale) som høyrer til dei kommunane som ligg sør for Boknafjorden. Fakultetet er aktive i styringsgrupper, arbeidsutval, samarbeidsforum via Statsforvaltaren og i det praktiske arbeidet med skular og barnehagar. Frå 1. august 2020 har meir enn 70 vitskapleg tilsette ved fakultetet vore engasjert i dette arbeidet. Dette er eit arbeid vi ser blir utvikla i både omfang og kvalitet frå år til år.

På grunn av pandemien vart det i 2020 ikkje arrangert fysiske samlingar  i samband med ordningane. Til gjengjeld har det vore fleire digitale samlingar som fakultetet har hatt ansvar for. Seinast i desember vart 350 skuleleiarar samla på Zoom for ei digital arbeidsøkt med felles førelesningar frå internasjonale fødredragshaldarar  og gruppearbeid i digitale grupperom.

Eit viktig moment i høve til Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora sitt samfunnsoppdrag er moglegheita som ligg i dette arbeidet knytt til gagn for utdanningane våre/grunnutdanningar. Denne ambisjonen kjem òg til uttrykk gjennom dei interne planane våre og gjennom sentrale styringsdokument. Arbeidet med ordningane står som ein av fleire sentrale føresetnader for eit kontinuerleg arbeid med kvalitet i lærarutdanningane våre, og er nemnt både i strategi for 2020-2030  og handlingsplanen for 2021.

Universitetsskulesatsinga

Sidan oppstart i 2018 har alle lærarutdanningane på UH-fakultetet fordelt på tre institutt deltatt i partnarskapsarbeidet. I regionen er tre universitetsskolar og ein universitetsbarnehage etablerte; Storevarden barneskole, Lunde ungdomsskole, St. Svithun vidaregåande skole og Jåttå barnehage. Perioden fram til sommaren 2022 er ein pilotfase for satsinga med hovudvekt på relasjonsbygging og utforsking av nye samhandlingsarenaer. Handlingsplanen følger strategidokumentet Lærerutdanning 2025 og målbiletet for tiltaket. Satsinga har følgjande fire innsatsområde:

2018-2022InnsatsområdeMålsetting
1Skule-/barnehagebasert praksislærarutdanningFelles språk, fagmiljø for praksislærarar
2Felles fagdidaktiske opplegg"Klinisk praksis" praksisnær undervisning
3Felles FoU-prosjektRelevante tema for praksisfeltet, praksisnær forsking
4Administrasjon og formidlingStruktur for samarbeidet, arena for erfaringsdeling

I 2020 har arbeidet med etablering av gode strukturelle rammer og arenaer for samhandling mellom universitetet og praksisfeltet stått sentralt. Ei fagleg og administrativ leiing har ansvar for framdrift og god kommunikasjon med alle partar. Vitskaplege tilsette på institutta leier planlegging og relasjonsbygging med praksisfeltet i stillingsprosentar.

Som innsatsområde er den skole- og barnehagebaserte praksislærarutdanninga eit fundament for profesjonsfagleg samhandling og kunnskapsutvikling. I 2020 har 34 praksislærarar fullført utdanninga og nye kull har starta opp. Erfaring viser at utdanninga styrker og støtter samhandling om andre prosjekt. Fleire fagdidaktiske samarbeidsprosjekt er i gang om praksisnær undervisning på campus og mikroundervisning for studentar i praksisfeltet. Eit av hovudmåla for satsinga er etablering av delte stillingar og som ein oppstart til dette blir lærarar frå praksisfeltet knytt til satsinga i stillingsprosentar. I tillegg har årleg overføring av såkornmidlar sett gang i FoU-prosjekt med relevans for praksisfeltet. Dette arbeidet held fram og blir utvikla i åra som kjem, og i 2021 blir erfaringsdeling og formidling eit sentralt tema for satsinga.

Nasjonal samfunnskontakt

Lesesenteret og Læringsmiljøsenteret er no innlemma som einingar i fakultetet, men har framleis stor del av verksemda si knytt til nasjonale oppdrag. Nokre døme på dette er:

Lesesenteret har eit omfattande samarbeid og partnerskap med skoleeigarar nasjonalt gjennom DEKOMP-ordninga (mellom anna i Oslo, Bergen, Nordre-Follo, Nordreisa, Sunnmøre og Agder).

Lesesenteret utvikler Utdanningsdirektoratet sine kartleggjingsprøver i lesing for 1. – 3. trinn som blir brukte av alle norske skolar.

Lesesenteret har 24 426 følgere på Facebook. I tillegg er det 12 000 som følgjer Språkløyper.

Til tross for at ein del utviklingsarbeid i praksisfeltet naturleg nok blei sett på vent i 2020, så hadde Læringsmiljøsenteret framleis samarbeidsavtalar med mange av målgruppene. Senteret fekk i 2020 105 nye førespurnader om samarbeid i tillegg til framhald av tidlegare inngåtte avtalar. Opp mot 60% av desse responderte senteret positivt på. Dreiinga frå kortsiktige oppdrag mot langsiktig samarbeid heldt fram i 2020, og større oppdrag utgjorde ca. 97% av finansieringa av det totale utadretta arbeidet.

Med teksten i fokus

Tekstforståelse er eitt av temaa i DEKOM-arbeidet i Midt-Rogaland

- Eit samspel

Anna Lunde er rektor på ein av universitetsskulane

Eit samarbeid som bygger på partnarskap

Læringsmiljøsenteret om korleis dei jobbar med DEKOM og REKOM

Storevarden skole vart ny universitetsskule i 2020

Sola-skulen har lang erfaring som praksisskule

2020 var også mykje meir: