Hopp til hovedinnhold

To forskingsmiljø på Handelshøgskolen ved UiS søkjer om å bli Sentre for fremragende forskning (SFF)

Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger sendte nyleg inn to SFF-søknadar til Noregs Forskingsråd. SFF-ordninga er Forskingsrådet si mest prestisjetunge utlysing, og gir Noreg sine fremste vitskaplege miljø moglegheit til å organisere seg i sentre for å nå ambisiøse vitskaplege mål gjennom samarbeid og med langsiktig grunnfinansiering.

Publisert: Endret:

Desse er ENACT: Center for Experimental Field Research on Leadership Enactment og CIIP: Center for Innovation, Institutions and Policy.

ENACT vil bli leia av professor Mari Rege i samarbeid med professor Oddny Solheim og professor Sigrun Ertesvåg. CIIP vil bli leia av professor Andrés Rodríguez-Pose og førsteamanuensis Marte C.W. Solheim. Begge desse forskingsteama er tverrfaglege og sett saman av høgt kompetente internasjonale toppforskarar.

ENACT: Center for Experimental Field Research on Leadership Enactment

ENACT skal undersøkje tiltak for å fremje leiarpraksis som bidrar til motivasjon og læring. I ulike organisatoriske settingar som i familien, i klasserommet og på arbeidsplassen kan mange individ mangle tilstrekkelege moglegheiter for å trivast og utvikle seg. Ei årsak til dette er at leiarar, det vil seie dei som er ansvarlege for å støtta opp om individet sin trivsel og utvikling, ikkje lukkast i sine roller som foreldre, lærarar eller leiarar.

Det sentrale forskingsspørsmålet i ENACT er: Kva for nokre faktorar støtter og opprettheld effektiv leiarpraksis i familien, i klasserommet og på arbeidsplassen?

Med utgangspunkt i åtferdsøkonomi og psykologi vil ENACT utvikle eit nytt teoretisk rammeverk som adresserer såkalla kognitive mønster som kan stå i vegen for effektivt leiarskap, samt utvikle og teste «Enact-tiltak» for å adressere desse mønstra. Enact-tiltaka vil bli testa i store randomiserte kontrollerte felteksperiment i kombinasjon med tiltak som gir opplæring i effektiv leiarpraksis.

ENACT er eit samarbeid mellom forskarar på Handelshøgskolen ved UiS, Læringsmiljøsenteret og Lesesenteret, samt forskarar frå University of Chicago, Stanford University, University of Texas at Austin og University of Lausanne. Søknaden byggjer vidare på dei gode erfaringane i Synapselab med store randomiserte felteksperiment i tett samarbeid med organisasjonar.

Professor Mari Rege.

– Det har vore inspirerande å arbeide fram søknaden i tett samarbeid med Oddny Solheim og Sigrun Ertesvåg. Vi har fått omfattande innspel og overveldande støtte frå kollegar ved UiS og våre internasjonale partnarar, i tillegg til god hjelp av forskingsadministrasjonen ved UiS. Prosjektet er viktig fordi det vil gje oss kunnskap om tiltak for å fremje leiarpraksis som bidrar til motivasjon og læring. Vi skal kjøre store randomiserte kontrollerte forsøk for å undersøkje kva som faktisk verkar og kvifor det verkar, seier professor Mari Rege.

CIIP: Centre for Innovation, Institutions and Policy

I CIIP vil forskargruppa sjå nærmare på korleis teknologiske endringar og innovasjonar endrar aktivitetane, produksjonen og organiseringa i ei verksemd, og korleis dette forårsakar økonomiske (produktivitetsvekst, sysselsetting), sosiale og politiske utfordringar for enkeltpersonar, bedrifter og regionar i Europa og USA.

Førsteamanuensis Marte Solheim.

Eit anna formål er å identifisere kven som er drivarane for denne type endringar og korleis desse medverkar til politiske føringar og tiltak som: 1) har konsekvensar for enkeltgrupper og samfunn, 2) medfører ulikskap mellom sosiale lag, 3) påverkar institusjonar sine sjansar til å følge med i utviklinga og dei moglegheitene dette gir, og 4)gir utslag i økt misnøye og mistru til det politiske systemet som igjen medverkar til ein auka popularitet for anti-demokratiske parti.

CIIP er eit samarbeid mellom forskarar på Handelshøgskolen ved UiS, London School of Economics, University Utrecht og University of Exeter.

– Det har vore ein lang søknadsprosess og mykje arbeid fram mot fristen. Det positive engasjementet hjå alle involverte forskarar i søknaden har vore sterkt. Uansett utfall, så har det utan tvil vore ein meiningsfull, retningsgivande prosess mot å utvikle sentrale og viktige forskingsidear i senteret. No kryssar vi fingrane hardt! seier førsteamanuensis Marte C.W. Solheim.

Fakta om Sentre for fremragende forskning (SFF)

SFF står for Sentre for fremragende forskning:

«Sentrene for fremragende forskning (SFF) arbeider med ambisiøse ideer og komplekse problemstillinger. Målet er konsentrert, fokusert og langsiktig forskningsinnsats på høyt internasjonalt nivå, med forskerutdanning og internasjonalt samarbeid som viktige delmål. SFF-ene har mulighet for støtte i inntil ti år (5 + 5). Dette gir institusjonene rom for å omstrukturere sine forskningsmiljøer og utvikle nye samarbeid.»

Forskinga ved sentera skal vere nyskapande og ha eit stort potensial for grensesprengande resultat som flytter den internasjonale forskingsfronten.

Sentera arbeider med ambisiøse idear og komplekse problem der samordna og langsiktig forskingsinnsats innanfor eller på tvers av fagområde er viktig for å nå måla.

LES MEIR: Norges Forskningsråd informasjonsside om SFF

Seks SFF-søknader frå UiS

Frå Universitetet i Stavanger blei det sendt inn totalt seks SFF-søknadar. Avgjerda om kven som kjem vidare til runde to i søknadsprosessen blir offentleggjort først i mai 2021.

Tekst: Åse Lea