Ja til master i rettsvitskap ved UiS!

Nokuts sakkyndige komite har godkjent søknaden om at Handelshøgskolen ved UiS kan opprette eit toårig masterprogram i rettsvitskap. Det nye studiet startar opp i august 2023.

Published Sist oppdatert
Ola Kvaløy foran EOJ
Dekan Ola Kvaløy ved Handelshøgskolen ved UiS er svært nøgd med at dei nå kan gå i gong med å opprette ein master i rettsvitskap. Foto: Marie von Krogh

– Dette er fantastiske nyheiter, ikkje berre for UiS og våre studentar, men også for regionen og landet. Interessa for rettsvitskap er stort, og vil neppe avta i åra som kjem. Me ser fram til å tilby eit spennande studium av høg kvalitet og relevans, seier dekan Ola Kvaløy ved Handelshøgskolen ved UiS etter at NOKUT gav klarsignal på at dei kunne starte opp med eit toårig masterprogram i rettsvitskap.

UiS søkte NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – om etablering av master i rettsvitskap hausten 2021. Dette skjedde etter at Stortinget endra gradforskrifta for blant anna jus. Sommaren 2022 fekk UiS avslag.

Har styrka fagmiljøet

Ein av grunnane var krava til fagmiljøets størrelse og kvalifikasjonar. Men i løpet av hausten har fagmiljøet blitt styrka med to nye professorar i rettsvitskap: Gert Johan Kjelby og Andrea Minto.

Avdelingsleiar ved avdeling for rekneskap og rettsvitskap, og studieprogramleiar for rettsvitskap, Lana Bubalo.

– Med desse nyrekrutteringane har me eit robust forskingsmiljø i strafferett og straffeprosess i Stavanger. Det gjer oss godt rusta for å tilby eit fullverdig masterstudium frå hausten 2023, seier Kvaløy.

Han vil også berømme studieprogramleiar Lana Bubalo og professor Benn Folkvord, som har jobba for mastergraden i mange år.

– Me er veldig fornøgd med positivt utfall etter lang prosess. Dette er ei viktig strategisk satsing for Handelshøgskolen ved UiS, og me ønsker å levere eit konkurransedyktig tilbod på utdanning i rettsvitskap på masternivå, seier Bubalo.

Både UiS og UiA har 8. februar 2023 fått godkjenning av NOKUT for å opprette master i rettsvitskap.

– Eg vil gratulere UiA og UiS. Begge to har vist at dei oppfyller alle nødvendige krav for å kunne opprette master i rettsvitskap, seier NOKUTs tilsynsdirektør Nina Waaler.

Fullverdig jusutdanning

Universitetet i Stavanger og Handelshøgskolen ved UiS tilbyr frå før bachelor i rettsvitskap og master i forretningsjus. Det gjer at universitetet nå kan tilby ei fullverdig jusutdanning.

– Me er glade for at NOKUT stadfestar at jus-utdanninga vår har høg kvalitet. Dette viser at UiS er i stand til å møte viktige samfunnsutfordringar på utdanningssida. UiS har ambisjonar og kapasitet til å styrke fleire viktige profesjonistutdanningar til beste for heile landet, seier rektor Klaus Mohn.

Les meir om studieprogrammet til master i rettsvitskap her.