UiS er medlem i Etisk handel

UiS har ein handlingsplan for etisk handel og rapporterer årleg til Etisk handel Noreg om framdrifta i dette arbeidet.

Published Sist oppdatert

Våre innkjøp skal innfri internasjonale standardar for arbeidstakarrettar og menneskerettar og bidra til sunn sosial og berekraftig utvikling.

Klaus Mohn , rektor ved UiS
Etisk handel logo

Medlemsskapet vårt i Etisk handel Noreg betyr at vi skal arbeide for å unngå at vi kjøper inn varer som er framstilt gjennom tvangsarbeid, barnearbeid, helseøydeleggande arbeidsplasser, grov diskriminering og løn under fattigdomsgrensa.

UiS har som mål at innkjøpa universitetet gjer, skal bidra til ei sunn sosial og berekraftig utvikling i landa varene er produserte i. Målet er at dei som lagar produkta har grunnleggande rettar og at produksjonen ikkje er til skade for miljøet.

UiS stiller krav til etisk handel i dei tilfella vi meiner det er naudsynt. Dette betyr at vi følger opp våre leverandørar for å sjå til at dei rettar seg etter krava våre. UiS stiller krav når vi hentar inn anbud på kven som skal få levere produkt og tenester til oss.

  • Etisk handel som kvalifikasjonskrav

Eit kvalifikasjonskrav er eit vilkår knytt til om leverandøren er egna eller ikkje. Kvalifikasjonskravet må vere oppfylt for at leverandøren skal kunne delta i konkurransen, og kravet skal ligge til grunn for kva leverandør som skal vurderast for tildeling av kontrakten. 

  • Etisk handel som kontraktsvilkår

Dei etiske kontraktsvilkåra handlar om tilsette sine rettar slik dei går fram av ILOs kjernekonvensjonar i nasjonal lovgiving, oppfølging og konsekvensar ved brot på dei etiske krava. UiS har utarbeidd ein rutine om aktsomheitsvurderingar når det gjeld UiS sine innkjøp. Når vi stiller etisk handel som kontraktsvilkår blir leverandørane informert i anbudsdokumenta og i oppstartsmøtet. Deretter sender UiS eit eigenrapporteringsskjema til leverandøren. Her skal leverandøren gje informasjon om korleis bedrifta jobbar for å etterleve dei etiske krava.

Kva er etisk handel?

Etisk handel er handel som tek vare på og fremjer menneskerettar og arbeidarrettar i leverandørkjeda.

Å stille etiske krav handlar ikkje om å eksportere norske arbeidsstandarder til andre land. Det handlar om å respektere grunnleggande rettar.

UiS ønskjer å vere med på å skape forbetringar for arbeidarar i lavkostland og fremje eit lands utvikling, og det skjer først når arbeidarane har anstendig arbeidsvilkår og når miljøskadar blir minimert i heile produksjonsprosessen.

Det er også viktig for UiS å gjere noko aktivt for at fellesskapets ressursar skal bli brukt på varer som er produsert på ein lovleg og etisk måte, og som tek omsyn til andre menneskers liv og helse og ei berekraftig utvikling.

UiS har vore medlem i Etisk handel sidan 2008.

Kontaktperson for Etisk handel ved UiS: Espen Haavardsholm

Strategi 2027 for Universitetsbiblioteket i Stavanger

Universitetsbiblioteket i Stavanger skal gjennom en åpen og innovativ profil, være pådriver for kunnskapsutvikling, verd...

Klima- og miljøplan for UiS

Universitetet i Stavanger sin Klima- og miljøplan 2024–2030 legger grunnlaget for hvordan vi på UiS systematisk og målre...

Hva har SiS kafé gjort for å minske matsvinn?

Når maten ender i søpla, kaster vi bort ressursene som trengs for å lage den: land, vann, energi og arbeidskraft. Å redd...

Overordna handlingsplanar

På denne sida finn du ei oversikt over institusjonelle handlingsplanar for UiS.

Lyse bidrar med 50 millioner kroner til UiS-samarbeid

En ny samarbeidsavtale mellom Lyse og UiS skal bidra til å sette fart på elektrifiseringen av samfunnet.

Sjå korleis Ullandhaug campus skal bli grønare!

Universitetet i Stavanger tenkjer grønt og har store planar for korleis morgondagens universitet skal sjå ut. Om nokre å...

UiS får senter for bærekraftig utnyttelse av energiressurser

Universitetet i Stavanger har fått tildelt Nasjonalt senter for bærekraftig utnyttelse av energiressurser på norsk sokke...

Strategi for Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet 2021-2030

Strategi 2021-2030 for Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet er forankret i Universitetet i Stavanger sin Strategi 20...

Strategi for Fakultet for utøvende kunstfag 2021-2030

Strategi 2021-2030 for Fakultet for utøvende kunstfag ble vedtatt på fakultetets styremøte 9. mars 2021.

Strategi 2030 for Universitetet i Stavanger

Vi skal vere eit ope og innovativt universitet med høg kvalitet i utdanning, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid....

Berekraft, etikk, varsling og samfunnsansvar

Universitetet i Stavanger skal bidra til å løyse dei store samfunnsutfordringane i vår tid og opptre på ein etisk, berek...

Karriere- og kompetanseutvikling

Et av universitetets strategiske målsettinger er å være en åpen, brukerorientert og lærende organisasjon, kjent for et g...

UiS med i fire Senter for forskningsdrevet innovasjon

UiS er partner i fire nye innovasjonssentre. Dermed blir det mer forskning og utvikling innenfor digital brønnkonstruksj...