Hopp til hovedinnhold

UiS er medlem i Etisk handel

UiS har ein handlingsplan for etisk handel og rapporterer årleg til Etisk handel Noreg om framdrifta i dette arbeidet.

Publisert: Endret:

Våre innkjøp skal innfri internasjonale standardar for arbeidstakarrettar og menneskerettar og bidra til sunn sosial og berekraftig utvikling.

Klaus Mohn , rektor ved UiS

Medlemsskapet vårt i Etisk handel Noreg betyr at vi skal arbeide for å unngå at vi kjøper inn varer som er framstilt gjennom tvangsarbeid, barnearbeid, helseøydeleggande arbeidsplasser, grov diskriminering og løn under fattigdomsgrensa.

UiS har som mål at innkjøpa universitetet gjer, skal bidra til ei sunn sosial og berekraftig utvikling i landa varene er produserte i. Målet er at dei som lagar produkta har grunnleggande rettar og at produksjonen ikkje er til skade for miljøet.

UiS stiller krav til etisk handel i dei tilfella vi meiner det er naudsynt. Dette betyr at vi følger opp våre leverandørar for å sjå til at dei rettar seg etter krava våre. UiS stiller krav når vi hentar inn anbud på kven som skal få levere produkt og tenester til oss.

  • Etisk handel som kvalifikasjonskrav

Eit kvalifikasjonskrav er eit vilkår knytt til om leverandøren er egna eller ikkje. Kvalifikasjonskravet må vere oppfylt for at leverandøren skal kunne delta i konkurransen, og kravet skal ligge til grunn for kva leverandør som skal vurderast for tildeling av kontrakten. 

  • Etisk handel som kontraktsvilkår

Dei etiske kontraktsvilkåra handlar om tilsette sine rettar slik dei går fram av ILOs kjernekonvensjonar i nasjonal lovgiving, oppfølging og konsekvensar ved brot på dei etiske krava. UiS har utarbeidd ein rutine for oppfølging av etiske krav i rammeavtalar. Når vi stiller etisk handel som kontraktsvilkår blir leverandørane informert i anbudsdokumenta og i oppstartsmøtet. Deretter sender UiS eit eigenrapporteringsskjema til leverandøren. Her skal leverandøren gje informasjon om korleis bedrifta jobbar for å etterleve dei etiske krava.

Kva er etisk handel?

Etisk handel er handel som tek vare på og fremjer menneskerettar og arbeidarrettar i leverandørkjeda.

Å stille etiske krav handlar ikkje om å eksportere norske arbeidsstandarder til andre land. Det handlar om å respektere grunnleggande rettar.

UiS ønskjer å vere med på å skape forbetringar for arbeidarar i lavkostland og fremje eit lands utvikling, og det skjer først når arbeidarane har anstendig arbeidsvilkår og når miljøskadar blir minimert i heile produksjonsprosessen.

Det er også viktig for UiS å gjere noko aktivt for at fellesskapets ressursar skal bli brukt på varer som er produsert på ein lovleg og etisk måte, og som tek omsyn til andre menneskers liv og helse og ei berekraftig utvikling.

UiS har vore medlem i Etisk handel sidan 2008.

Kontaktperson for Etisk handel ved UiS: Espen Haavardsholm

Strategi 2030 for Universitetet i Stavanger

Vi skal vere eit ope og innovativt universitet med høg kvalitet i utdanning, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid. D...

Berekraft, etikk og samfunnsansvar

Universitetet i Stavanger skal bidra til å løyse dei store samfunnsutfordringane i vår tid og opptre på ein etisk, berek...

ECIU University: utfordringsbasert utdanning og innovasjon

UiS er med i ECIU University, det første europeiske universitetet hvor studenter og forskere samarbeider med arbeidslive...

UiS med i fire Senter for forskningsdrevet innovasjon

UiS er partner i fire nye innovasjonssentre. Dermed blir det mer forskning og utvikling innenfor digital brønnkonstruksj...