Elevar i første klasse si skriveutvikling blir ikkje påverka om dei lærer å skriva tekstane for hand, eller om dei skriv på eit digitalt verktøy, viser ei ny doktorgradsavhandling frå Universitetet i Stavanger.
Fredag 5. mai, 2023 Kjølv Egelands hus, auditorium E-164 Prøveførelesing kl. 10.00 Disputas kl. 12.00 Tittel på avhandlinga: "Handwriting versus keyboarding in first grade: Which modality best supports written composition performance and learning" Leiar av disputasen: Professor Kjersti Lundetræ, senterleiar ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, UiS.
Nina Vandermeulen, Institutt for språkstudier, Umeå Universitet, Sverige Førsteamanuensis Ahmet Yamac, Fakultet for utdanningsvitenskap, Erciyes University, Tyrkia Professor Jenny Thomson, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, UiS/ University of Sheffield, UK Hovudrettleiar: Førsteamanuensis Vibeke Rønneberg, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, UiS Medrettleiarar: Professor Wenche Mork Rogne, Institutt for språk og litteratur, Høgskolen i Volda og førsteamanuensis Mark Torrance, School of Social Sciences, Nottingham Trent University. Om stipendiaten: Eivor Finset Spilling er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda og doktorgradsstipendiat. DigiHand: DigiHand er eit samarbeid mellom Lesesenteret, UiS og Høgskulen i Volda. Forskningsprosjektet har som mål å gje meir kunnskap om digitalisering i barneskulen.

Det er stipendiat Eivor Finset Spilling som har forska på skriveutviklinga til førsteklassingar. Prosjektet ser på om elevane si utvikling i å skriva forteljingar blir påverka om ein skriv digitalt eller skriv for hand.
- Per i dag finst det lite forsking som kan hjelpa oss å avgjera om born bør skriva for hand eller på tastatur når dei lærer å skriva, seier Eivor Finset Spilling.
Tal frå utdanningsdirektoratet viser at rundt 80 prosent av landets skular leverer ut eigne digitale verktøy til alle elevar på 1. og 2. trinn. Det gjer at mange nyttar nettbrett og Chromebookar i den tidlege skriveopplæringa i første klasse. Samtidig har me lite kunnskap om born i byrjaropplæringa lærer best av å skriva på papir eller digitalt.
Ikkje vesentlege forskjellar
Førsteklassingar frå 18 skular deltok i undersøkinga til Spilling, der nokon lærte tekstkomposisjon berre på papir, nokon berre på tastatur og ei siste gruppe som skreiv både på papir og digitalt.
Elevane som lærte å skrive for hand og elevane som lærte å skrive på nettbrett, viste i hovudsak lik utvikling av forteljekompetansen sin gjennom det første skuleåret. Dei elevane som skreiv på nettbrett, hadde betre nøyaktigheit på staving, mellomromsbruk og teiknsetting enn dei som skreiv for hand, men samtidig viste dei liten eller inga utvikling av desse teksttrekka gjennom skuleåret. Elevar som skreiv for hand, hadde ei større utvikling av desse trekka gjennom året. Spilling samanlikna også forteljingane som elevane som fekk kombinert handskrifts- og digital opplæring, produserte for hand og på tastatur, og ho fann ingen skilnader i kvalitet eller lengde. For elevar med svake lese- og skriveferdigheiter frå start, viste det seg ikkje å vere nokre fordelar å komponere teksten enten på papir eller digitalt.
Før ein gjer klare anbefalingar om skriving på papir eller skriving digitalt, bør framtidig forsking undersøka vidare korleis dei to skrivemåtane kan påverka kvarandre i byrjaropplæringa, i tillegg til å sjå vidare på om ein blir påverka når ein går frå å læra å skriva på nettbrett over til å seinare læra å skriva for hand, og motsett.