Slik kan vi skape eit leseløft

For nokre år sidan las norske tiåringar betre enn dei hadde gjort nokon gong før. Så snudde det. Dei fleste er samde om at vi treng eit nytt løft. Men korleis? Her er råda frå oss som jobber i den norske PIRLS-gruppa.

Published Sist oppdatert

gutt med bok, foto Elisabeth Tønnessen
Lesing må trenast på! Dei fleste barn er motiverte til å lære å lese, og gler seg til det. Laget rundt barnet må legge til rette for at dei får nok og god øving! (Foto: Elisabeth Tønnessen

Dette er eit utdrag frå kapittelet «Implikasjonar av funn frå PIRLS 2021» av Hildegunn Støle og Åse Kari H. Wagner i antologien «Tid for lesing! Norske tiåringers leseforståelse i PIRLS 2021» (Universitetsforlaget 2024).
Du finn kapittelet i sin heilheit her.

Vi håper du som jobbar i barnehage og skole tar med deg råda du finn nederst i denne teksten. Vi håper og at du som har born legg vekt på å lage eit godt lesemiljø heime. Du som jobbar med skule på eit overordna nivå – anten du er skoleleiar, kommunepolitikar eller skolesjef – har også ein viktig jobb. For dette er eit arbeid den einskilde lærar ikkje kan gjere aleine.

Lesing er anstrengande og må trenast på

Resultata både i PIRLS og PISA viser at norske barn og unge les dårlegare no enn for nokre år sidan. Det er særleg urovekkande at det er blitt så mange fleire elevar som presterer svakt i lesing.
Men kva vil det seie å prestere svakt? Dei fleste norske elevar lærer seg å avkode tekst og lese reint teknisk, men lesing handlar òg om å utvinne meining og forstå, slik at ein kan lære av tekst. Å prestere svakt i lesing betyr at ein har vanskar med å forstå aldersadekvate tekstar som ein skal lese for å lære av. Mange av desse elevane finn heller ikkje glede i å lese tekstar som burde interessere dei, for det er slitsamt for dei å lese.

Det vi strevar med, har vi ikkje lyst til å gjere meir av. For å bli gode i noko er det nødvendig å trene. Slik er det også med lesing. Det er kanskje det aller viktigaste skolen lærer ungane. Barna sine eigne forventningar når dei byrjar på skolen, er at dei skal lære å lese. Dei fleste barn er motiverte og gler seg faktisk til det.

Vi vil hevde at altfor mange barn les for lite til å få godt nok grep om lesinga si. Dei får rett og slett ikkje nok trening. For ein del elevar i femte klasse betyr det at lesing er anstrengande arbeid. Dei oppnår ikkje god nok flyt til at lesing er lett og engasjerande – dei får ikkje den gode meistrings¬følelsen.

Ferdigheit er ei viktig drivkraft bak motivasjonen for lesing (Torppa et al., 2020). Somme oppdagar tidleg at dei er mindre gode til å lese enn andre i klassen, og mangel på lesesjølvtillit kan føre til at barn vegrar seg for å lese, eller dei les berre dei lettaste og kortaste tekstane når dei må. Då har dei ikkje motivasjon til å lese på fritida heller.

Legg vekt på boklesinga og

Vi veit at boklesing er det som utviklar leseferdigheita best (Jerrim et al., 2020). Det er grunn til å bli uroa når stadig fleire les lite og ingenting for moro skuld på fritida. Bøker for barn må vere tilgjengelege og synlege, både i barnehagen og på skolen. Å lese saman, og å snakke om det ein les, er viktig.

Noreg er blant dei landa der det har vore satsa særleg mykje på digitale einingar for læring i skolen. Helst frå første klasse og helst ei eining per elev. Dette kan også ha sine problematiske sider.

Digitale einingar, digitale lærebøker og Internett gir nye moglegheiter for læring på mange område. Men vi veit no at skjerm ikkje er så godt eigna til lesing og lesetrening (Pfost et al., 2013; Torppa et al., 2020). Sjølv om digitale lærebøker er utvikla i tråd med læreplanen av forfattarar som kjenner norsk skole og veit korleis læring skjer, kan det vere vanskelegare for unge elevar å navigere i digitale lærebøker enn i fysiske skolebøker.

I tillegg har vi digitale ressursar som kan vere nyttige, men som også kan distrahere. Det ser vidare ut til at mange elevar, kanskje særleg dei som ikkje har så gode leseferdigheiter og som ikkje klarer å overvake si eiga forståing når dei les, tyr til lite eigna lesestrategiar når dei les på skjerm (Liao et al., 2023).

Det er viktig at både lærarar og skoleleiarar veit når dei skal bruke digitale didaktiske verktøy i undervisninga, og når dei ikkje skal gjere det. Men det er ikkje så enkelt at vi skal hive digital teknologi ut av klasseromma. Årsakene til nedgangen i lesing er meir komplekse enn som så.

Jente pirls
Vi skal ikkje hive digital teknologi ut av klasseromma. Årsakene til nedgangen i lesing er meir komplekse enn som så. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

Sårbare elevar tapar mest

Eit av funna våre i den norske PIRLS-gruppa er at det særleg er elevar frå heimar med relativt få ressursar og/eller eit anna morsmål enn norsk som ser ut til å tape terreng i lesing. Både gutar og jenter presterer svakare i 2021 enn i 2011 og 2016, men kjønnsforskjellen i gutane sin disfavør er framleis stor, som han lenge har vore i Noreg.
Vi har funne at fleire føresette enn tidlegare ikkje liker sjølv å lese, og vi har funne at fleire elevar har få eller ingen barnebøker heime. Somme av desse barna har føresette med mindre utdanning, og som kanskje ikkje veit korleis dei skal hjelpe barna sine med lekser eller til å bli interesserte i lesing allereie før dei begynner på skolen. Vi har eit hjartesukk til politikarar: Barnefattigdom gagnar ingen. Skolen kan ikkje fikse alt.

Laget rundt lærarane må styrkast

I PIRLS-undersøkinga finn vi også at lærarar har opplevd ein auke i talet på elevar som av ulike grunnar gjer undervisninga meir krevjande. For at alle elevar skal få undervisning etter sine føresetnader, må laget rundt lærarane styr¬kast. På den andre sida bør vi kanskje dempe forventningane om at kvar einskild elev skal få individuell tilrettelegging. Slik var ikkje opplæringslova meint. Klassen bør vere eit fellesskap som er ei større eining enn ei gruppe individ som kvar og ein skal ha det på sin måte. Klassen er eit lag der det sosiale samspelet er viktig, og det inneber at barn av og til blir utfordra til å gjere ting dei ikkje har så lyst til der og då.

For å skape eit lag der elevane tar vare på kvarandre, er det nødvendig at kvart nye kull av elevar lærer kva mobbing er, og at det ikkje er lov. På same måten er det viktig at heile laget er med om ein vil utvikle ein kultur for lesing. Og ein må jobbe med lesesatsing i kvart nye kull av elevar – det er ikkje fiksa ein gong for alle.

Fortsett å sett søkelys på lesing - alltid

Etter at norske lærarar hadde implementert ein ny læreplan i 2006 (LK06) og jobba med satsinga «Gi rom for lesing!» på byrjinga av 2000-talet, såg vi positive resultat i leseprestasjon, både i PIRLS 2011 og i PIRLS 2016. I mellomtida har nok søkelyset på lesing blitt erstatta med andre satsingar, og kanskje har enkelte til og med fått det inntrykket at lesing ikkje er like viktig lenger.

PIRLS to gutter
Dei åra vi jobba med "Gi rom for lesing!" såg vi positive resultat i leseprestasjon. No er det igjen tid for lesing! (Foto: Elisabeth Tønnessen)

Det er fort gjort å tru at barn les mykje på nettet, og at dei får god trening der, men det er ikkje verbaltekst barna søker seg til når dei er på Internett. Norske lærarar har lukkast med å løfte leseprestasjonane til elevane tidlegare. Vi har tru på at dei kan klare det igjen, men dei kan ikkje gjere det aleine.

Våre råd til god leseopplæring:

  • Førsteklassingar bør få med seg ei bok heim i ranselen allereie første dagen på skolen, og ikkje berre eit nettbrett.
  • Kvifor ikkje dele ut ei barnebok til kvar familie via helsestasjonen som i Sverige? Eller i barnehagen? Vi trur at vi har råd til det i Noreg.
  • Rask bokstavprogresjon i første klasse er bra av fleire grunnar: Det gir læra¬ren høve til å repetere bokstavane fleire gonger i løpet av året, elevane kjem fortare til den fasen der dei kan skrive og lese meiningsfulle tekstar og ikkje berre øve, og læraren oppdagar tidlegare dei ungane som verkeleg strevar med lesinga, og som treng tiltak.
  • Tidleg innsats i begynnaropplæringa er viktig for å fange opp og støtte ele¬var som strever med lesinga. På sporet er eit forskingsbasert opplegg som har vist god effekt, og som kan brukast i skolen.
  • Les barneregler, dikt og songtekstar! Snakk om tekstane, leik med lydane og rima, skriv dei ut, la barna dekorere tekstane og heng dei opp i klasserom¬met. Slikt bør ein gjere ikkje berre i småskolen, men også i barnehagen og vidare på mellomtrinnet.
  • Når læraren har lese ei bok høgt for dei yngste barna eller elevane, kan dei kanskje gå ut og leike personane eller handlinga i boka, eller dei kan leike inne i barnehagen og klasserommet, eller i skolebiblioteket.
  • Det går også an å lese ute. Fysiske bøker er lettare å ta med seg enn pc-ar eller nettbrett. Dei treng ikkje straum eller nett.
  • Sett av tid til lesing! Lesekvarten må vare lenger enn eit kvarter. Elevane treng å trene uthald i lesing. Det betyr ikkje at dei skal tvingast til å lese ferdig ei bok dei ikkje likar. La dei heller velje ei ny dersom dei har byrja på ei bok som er kjedeleg, for lett eller for vanskeleg.
  • Mange elevar kan ha utbytte av eksplisitt opplæring i leseforståing. Dette kan til dømes skje som rettleia lesing med samtale om tekst. Nasjonalt lesesenter har laga materiell som læraren kan ta i bruk i klasserommet (t.d. Veiledet lesing).
  • Snakk om litteratur og andre tekstar. Ha bøker synlege heime, i barnehagen og i klasserommet. Ha ein lesekrok eller eit klassebibliotek.
  • Lærarar i skole og barnehage må gjerne minne foreldre om at lesing er vik¬tig, og at høgtlesing på sengekanten ofte er noko ungar set pris på, også lenge etter at dei har lært å lese sjølve. Om føresette vil unngå at barna har skjermane med i senga om kvelden, er det lurt å erstatte dei med lesing.
  • Lærarar bør halde fram med å lese høgt for elevane også etter småtrinnet. Hugs at ein del elevar aldri opplever høgtlesing heime. Vi veit om lærarar som les høgt for elevar både på ungdomstrinnet og på vidaregåande skole. Forhåpentleg aukar det sjansen for at dei vil lese for ungane sine i framtida. Vi må tenke langsiktig.
  • Bruk fysiske lærebøker til lesing når det er mogleg. Bruk digitale einingar til det desse eignar seg til. Hugs at læreplanen presiserer at elevar skal lese både på papir og på skjerm og skrive for hand og på tastatur.
  • Føresette bør oppmuntre til lesing og helst vere lesande førebilete sjølve, og det same må norsklærarar vere. Når elevane les sjølvvalde tekstar i lesestunder, kan gjerne læraren gjere det same.
  • Les i ferien! Sjekk om det lokale biblioteket har ein «Sommarles-kampanje», og minn føresette om at lesing i sommarferien kan motvirke læringstapet vi veit skjer då.
  • Norsklærarar kan samarbeide om å lese seg opp på barnebøker for å kunne gi tips til elevane sine. Dersom elevane kjem i gang med lesing, deler dei ofte tips vidare til læraren og til medelevar av seg sjølve når dei har lese noko dei likar. Nasjonalt lesesenter administrerer ei gruppe på Facebook der lærarar deler tips om tekstar til bruk i klasserommet: «Engasjer: Tekst- og boktips for klasserommet».
  • Ikkje alle liker å snakke om det dei har lese, og dette ser særleg ut til å gjelde gutar, men dei kan likevel godt like å høyre om kva andre har lese. Leseopplevingar kan også vere private.

Dette er eit utdrag frå kapittelet «Implikasjonar av funn frå PIRLS 2021» av Hildegunn Støle og Åse Kari H. Wagner i antologien «Tid for lesing! Norske tiåringers leseforståelse i PIRLS 2021» (Universitetsforlaget 2024).
Du finn kapittelet i sin heilheit her.

Artikkelforfattarar:

Førsteamanuensis i lesevitenskap/spesialpedagogikk
51833274
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Professor i nordisk språk
51832301
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking

Les meir om PIRLS

Les fleire saker frå Nasjonalt lesesenter:

Leseprisen til Nordtvet skole i Groruddalen

Nordtvet skole i Groruddalen i Oslo har blitt tildelt Nasjonalt lesesenter sin lesepris for 2024, for skolens satsing på...

Startskudd for ny nasjonal lesesatsing

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun åpnet mandag 18. mars Nasjonal konferanse om lesing 2024. Konferansen samler 350 læ...

PP-rådgivere får økt kompetanse med videreutdanning fra Nasjonalt lesesenter

Høsten 2024 og våren 2025 startet vi opp nye videreutdanningstilbud for deg som jobber som PP-rådgiver. Studiet var lære...

Mikroemne: Veiledet lesing for 1.-10. trinn

Som en del av en nasjonal satsing på lesing og at vi sammen må jobbe for økte leseferdigheter i skolen, tilbyr nå Nasjon...

Lesesenteret blir Nasjonalt lesesenter

Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking skifter kortnavn 1. mars. Dette er for å forsterke senterets nasjonal...

Lærere og forskere hjelper nyutdannede lærere med overgangen til praksis

Overgangen fra student til lærer eller barnehagelærer kan være krevende. I nye TV-sendinger får studenter og nyutdannede...

Sats på gode veilederordninger for nyutdannede barnehagelærere

Det er ikke i alle yrker man går rett fra studier og over til å ha lederansvar. Slik er det for mange nyutdanna barnehag...

Kan du åpne opp for mer dialog i undervisningen?

«Hvis vi planlegger for mye, kan det gå ut over spontaniteten,» sa en lærer etter å ha gjennomført åpne samtaler i nor...

Konferanse: Leseferdigheter i endring. Hva forteller PIRLS om norske elevers lesing?

Norske tiåringer leser dårligere enn før, viser den internasjonale leseundersøkelsen PIRLS 2021. Hvordan kan vi forstå n...

Ny videreutdanning for lærerutdannere i begynneropplæringa

Flere lærerutdannere har meldt et behov for mer didaktisk kunnskap innen begynneropplæring i norskfaget. Nasjonalt sente...

Slik vekket læreren leseiveren hos elevene

Elevene i 7B på Grannes skole har like mye tilgang til telefoner, nettbrett og Tiktok som andre ungdommer. Allikevel har...

Nasjonale sentre i utdanningen

I Norge har vi 11 nasjonale sentre på ulike satsingsområder i utdanningen. Disse sentrene skal være med på å utvikle kva...

Dei gode skriveverktøya for elevane finns, men blir for lite brukt

Ny forsking viser at det finns mange gode lese- og skriveverktøy tilgjengeleg, men at dei blir for lite brukt i norsk sk...

Ta videreutdanning på Nasjonalt lesesenter

Her finner du en oversikt over videreutdanningsemner du kan ta på Nasjonalt lesesenter i studieåret 2024/2025. Alle emne...

Hvilke konsekvenser har digitaliseringen av klasserommet?

Skjermbruk i undervisningen kan gi tilpasset opplæring og være motiverende for elevene. Men vi må holde på papirlesinga ...

PISA 2022: Norske barn og unge trenger et leseløft!

Når PISA-resultatene viser at også tiendeklassingene leser langt dårligere enn før, er det på tide å slå alarm. Nå treng...

NYHET: Begynneropplæring i norsk for lærerutdannere

Begynneropplæring i norsk for lærerutdannere er et emne tilpasset deg som jobber med utdanning og undervisning av lærers...

– Hvis norske elever skal bli bedre lesere, må det en skikkelig innsats til

Årets elever på 5. og 8. trinn gjør det svakere i lesing sammenlignet med i 2022. Det viser resultatene fra årets nasjon...

Ljubljana-manifestet om viktigheten av å kunne lese lange tekster

Dybdelesing og evnen til å lese lange og komplekse tekster er våre viktigste verktøy for å utvikle analytisk og kritisk ...

Å oppdage at barnehagebarn strever med språket, er ikke nok for å sikre dem god hjelp

Mange barn som strever med språket, blir oppdaget i barnehagen. Men for at disse barna skal få riktig hjelp, må kartlegg...

Elevane lot seg engasjera av Jon Fosse sin vanskelege roman

Jon Fosse er kjend for å vera ein av vår tids største nolevande forfattarar. Men han er òg kjend for å skriva komplekse ...

Spørsmål og svar om bokstavlæring på første trinn

Mange har spørsmål om hvorfor Lesesenteret anbefaler at førsteklassinger lærer to bokstaver i uka, og hvordan man kan ko...

StøDig: God bruk av læringsteknologi i barneskolen

Hvordan kan læringsteknologi brukes på en god måte i lese-, skrive- og språkopplæringen på 1. til 4. trinn? Det skal for...

Ja til kartleggingsprøver i lesing på første trinn

Som leseforskere med begynneropplæring som felt ser vi ingen grunn til å la være å starte leseopplæringen i første klass...

– En merkedag for SFO-ene over hele landet

Denne uka startet de aller første studentene som skal ta en bachelorgrad i skolefritidspedagogikk i Norge på UiS. – Dett...

Ny kunnskap om skolefritidsordningen gjennom internasjonalt samarbeid: – Målet er å heve kvaliteten på SFO.

SFO-tilbudet er varierende, og det er lite kunnskap om hva som egentlig skjer i skolefritidsordningen. Nå skal UiS-forsk...

Økt lærertetthet alene er ikke nok for at elevene skal lære mer

Forskningen er tydelig: For at økt lærertetthet skal ha betydning for læring og trivsel blant elever og lærere, må skole...

Leik og lesing som satsing i barnehagen

Gjesdal kommune sette seg som mål å ha meir fokus på lesing og språkopplæring i kommunen sine barnehagar. Dette starta s...

Har forska på skriveutviklinga hos førsteklassingar – handskrift eller tastatur?

Elevar i første klasse si skriveutvikling blir ikkje påverka om dei lærer å skriva tekstane for hand, eller om dei skriv...

Kreftpasienter fikk økt livskvalitet av å delta i litteraturgrupper

Åpne samtaler knyttet til litteratur, følelsen av fellesskap og å bestemme over eget liv, kan være grunner til at å delt...

Lærere forteller om hvordan eksamen påvirker norskundervisningen

Hvor mye påvirker eksamen norskundervisningen på ungdomsskolen og i videregående? Og bør eksamensutviklere ta hensyn til...

Fremmer elevenes engasjement for skriving gjennom internasjonalt samarbeid

En spillplattform drevet av kunstig intelligens vil gi barn muligheten til å skrive på tvers av landegrenser. Dette kan ...

Én bok ga tre undervisningsopplegg i norsk

Slik ble biografien "Min Skyld" av Abid Raja brukt som utgangspunkt til tre ulike undervisningsopplegg i en førsteklasse...

Å pakke ut språk og innhold i sakprosatekster

Opplever du at elever ofte synes det er vanskelig å forstå tekster fordi språket er for avansert? Ønsker du kunnskap om ...

Ungdomsskoleelever liker å bli lest høyt for

Høytlesing er ikke bare for småtrinnet. Ungdomsskoleelever som ble lest høyt for i norskundervisningen likte det, viser ...

Tekstnær lesing: Lesing av komplekse tekstar

Close Reading, eller "Tekstnær lesing" på norsk, er ei grundig utforsking av ein kompleks tekst. Gjennom å arbeide med t...

Kva vil det seie å vere eit «normalt barn» i barnehagen?

Ein forskar fortel at ho høyrer barnehagetilsette ofte seier det slik: Eit normalt barn er eit rasjonelt barn som tenkje...

En av tre foreldre oppgir at de leser ingen eller få bøker for barna sine

Høytlesing ser ikke ut til å være en så stor del av barndommen for alle norske barn som både forskere og mange foreldre ...

Lese- og skrivevansker i sakkyndighetsarbeid - videreutdanning for PPT

Emnet «Lese- og skrivevansker i sakkyndighetsarbeid» knytter sammen problemstillinger og erfaringer fra sakkyndighetsarb...

Program - Nasjonal konferanse om lesing 2023

Her finner du powerpointpresentasjonene som ble vist på årets konferanse om lesing.