– Me vil rekruttere skarpe sinn frå heile Noreg

Gjennom «Business Week» har studentar frå Handelshøgskolen ved UiS fått knytt verdifull kontaktar med arbeidslivet.

Published Sist oppdatert
Foajeen i Elise Ottesen-Jensens Hus med bedriftar på stands og studentar rundt
Samtalene gjekk blant bedriftene og studentane.

I to dagar har foajeen i Elise Ottesen-Jensens Hus myldra av både studentar og bedrifter. Gjennom «Business Week» har studentane ved Handelshøgskolen ved UiS fått eit djupdykk i næringslivet. Store konsulent- og revisjonsbedrifter og advokatfirma har stått på stand, hatt bedriftspresentasjonar og kveldsarrangement i sine lokale, for å treffe eit bredt utval av økonomi- og juss-studentar frå Handelshøgskolen ved UiS.

– Hovudmålet er at studentane skal bli kjent med kva slags karrieremoglegheiter som finst og korleis kvardagen til dei tilsette i bedrifta ser ut, seier Christopher Sagedal Underthun som er med i linjeforeininga ØSF.

For det er linjeforeinga til bachelor i økonomi og administrasjon (ØSF), som arrangerer Business Week. Linjeforeininga til master i økonomi og administrasjon (Mastøk) og Juristforeningen i Stavanger (Jufo) er medarrangørar.

Sindre Tendeland Horne og Astrid Fiksdal på stand for RSM
Sindre Tendeland Horne og Astrid Fiksdal frå RSM på utkikk etter nye potensielle kollegaer.

Underthun seier at det på desse to dagane har blitt knytt verdifulle kontaktar.

– Studentane har ikkje berre blitt kjent med kvardagen, men også dei tilsette personleg. Dei har også blitt kjent med kva slags moglegheiter som finst dersom ein ønsker internship. Business Week 2022 har gått over all forventning!

Har studentane dei ser etter

– Her på Handelshøgskolen har de masterprogramma me ser etter, siviløkonom og reknskap og revisjon. Me treng nyutdanna folk, seier Astrid Fiksdal.

Iselin Nybø og Mats Hole frå advokatfirmaet Schjødt
Iselin Nybø og Mats Hole frå Schjødt ville nå ut til jus-studentane.

Ho jobbar i revisjonsselskapet RSM, og var på stand saman med kollega Sindre Tendeland Horne.

– Me vil rekruttere skarpe sinn frå heile Noreg, seier Horne.

Også advokatfirma var til stades, blant anna Schjødt som hadde med seg Mats Hole og Iselin Nybø. Dei seier dei kom for å treffe studentar frå UiS og for å skape kontaktar.

– Me er her for dei gode jus-studentane, og det er viktig å høyre kva dei er opptatt av og å fortelje om oss sjølv. Dei står foran store val framover, seier Nybø.

– Det er mange interessante og potensielle studentar her. Det er stor diversitet, og det er gøy, seier Hole.

– Viktig å knyte næringslivet til studentane

Robin Kydland Eriksen og Markus Haugland Lerøy
Robin Kydland Eriksen og Markus Haugland Lerøy går første året rettsvitskap. Dei synest det var fint å få innsikt i miljøet, og at det var eit bra opplegg for dei som ikkje er sikre på kva dei skal i framtida.

Ingrid Hovden og Berit Asheim er begge studentar på master i økonomi og administrasjon, og med i styret i lineforeininga Mastøk. I tillegg til å ha eigen stand er dei også innom ulike bedrifter for å snuse på kor dei kan få jobb etter studiet.

– Det er viktig å knyte næringslivet til studentane. Her kan bedriftene promotere seg sjølv, og me kan sjå kven som passar til oss.

Helene Kristiansen og Christoffer Tuestad er begge på andre året på rettsvitskap, og er på Business Week for å få innblikk i ulike bedrifter og firma.

– Dei verkar veldig interesserte i å prate med oss. Det er eit bra arrangement og initiativ.

12 bedrifter deltok

Bedriftene som var innom under revisjonsdagen var: PWC, KPMG, EY, BDO, Deloitte og RSM.

Bedriftene som var innom under juristdagen var: Kluge, Thommessen, Arntzen de Besche, Schjødt, Haver og Selmer.

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Roald Martinussen 70 år

Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Nytt årsstudium i økonomi og ledelse

Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!

Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater

Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...

Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA

– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...

Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport

Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...

Nordens største økonomifestival – for sjuende gang

Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...

Kven fortener å bli «Årets alumn» 2023?

Handelshøgskolen ved UiS gir årleg ut pris til ein tidlegare student som har utmerka seg. Nå har du sjansen til å sende ...

Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv

Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...

Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger

Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...

Lærer studentane å bruka AI

Det vil vera avgjerande å meistra AI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...

Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking

Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...

Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning

Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...

UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking

Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...

Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet

Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...

Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen

Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.

Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger

Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...

Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten

Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...

– Eg vil beskrive programmet som førsteklasses, prestisjefylt, utfordrande, engasjerande og i verdsklasse

Hesam har studert master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og spesialiserte seg innan stategisk m...

Guro fikk en forsmak på arbeidslivet i Stavanger tingrett

Jurister jobber ikke bare med jus. De skal også håndtere mennesker, argumentere godt, overbevise retten, forstå andre og...

UiS fornyar avtalen med Norway Summit

Handelshøgskolen ved UiS har fornya avtalen med den framståande næringslivskonferansen Norway Summit.

Målet til Chandan er å bli ein banebrytande marknadsførar og gründer

Derfor tar han ein mastergrad i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS.

Ja til master i rettsvitskap ved UiS!

Nokuts sakkyndige komite har godkjent søknaden om at Handelshøgskolen ved UiS kan opprette eit toårig masterprogram i re...

– Det er eit stort behov for revisorar, så det å velje ei ettertrakta utdanning var motiverande

Karen Høyland Ollestad valde UiS for å kome tettare i kontakt med det lokale næringslivet.

Robert Kreuzbauer har fått opprykk til professor i strategi

Forskinga hans fokuserer på den teoretiske og studien av bedrifter sine innovasjons- og merkevarestrategi, og ...

– Eg valde å studere økonomi og administrasjon fordi det er ei allsidig og framtidsretta utdanning

Gjennom bachelorgraden lærer Stine Risnes seg alt frå etikk til rekneskap og marknadsføring.

Sara tar ein bachelor rettsvitskap og er spesielt interessert i internasjonal jus

Sara Beitz set også stor pris på det internasjonale miljøet på UiS.

Anerkjent pris til forskar ved Handelshøgskolen ved UiS

Elham Ghazimatin vert tildelt prisen «Robert Lusch Early Career Research Award» for hennar forsking innan marknadsføring...

Vil ha redusert skatt på arbeid, men auka skatt på konsum

Forslaget vil kunne gje både meir verdiskaping og høgare skatteinntektar, meiner Ola Kvaløy, ein av to UiS-forskarar som...

– Det eg likte best med UiS og Handelshøgskolen er graden av internasjonalisering

Handelshøgskolen ved UiS og Senter for innovasjonsforsking har hatt to gjesteforskarar på besøk dette semesteret.

– UiS kryssa av på alle punkt, seier økonomistudent Syed Aqib Ali

Syed Aqib Ali tar master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og har klappa seg sjølv på skulderen f...

Årets Alumn ved Handelshøgskolen ved UiS er Eimund Nygaard

Alumniprisen «Årets Alumn» vert gjeve til tidlegare studentar frå Handelshøgskolen ved UiS som har utmerka seg i samfunn...

– Det å få moglegheita til å publisere eiga forsking betyr mykje

To masterstudentar frå Handelshøgskolen ved UiS har fått publisert studien frå masteroppgåva si i ein internasjonal jour...

Lærer om motivasjon på arbeidsplassen gjennom å jobbe som konsulentar

I faget Economics of Motivations på Handelshøgskolen ved UiS har studentane fått prøvd seg som konsulentar - som til slu...

– Dette er ein utmerka prestasjon av våre studentar

Tre masterstudentar frå Handelshøgskolen ved UiS er i finalen i den internasjonale marknadsføringskonkurransen DMC.

Karl på Nordens største økonomifestival

– Alt er økonomi, oppsummerer økonomistudent Karl-Erik Martinsen etter å deltatt på sitt første Kåkånomics; Nordens stør...

Masterstudentane tok med casearbeidet ut til vindkraftpark

– Det var perfekt at me kunne dra ut og sjå det på ekte, seier professor Gorm Kipperberg.

Fagmiljøet i rettsvitskap blir styrka igjen: Andrea Minto er ny professor

Andrea Minto er tildelt kvalifikasjonsopprykk til professor i rettsvitskap på Handelshøgskolen ved UiS.