Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
422
42
3100
51 83 34 00. E-post: post-uh@uis.no
Om fakultetet
Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora utdannar høgt kompetente folk til barnehage, skule og samfunnsliv. Me har ansvaret for utdanning, forsking og formidling innanfor barnehagevitskap og utdanningsvitskap og tilbyr lærarutdanningar på alle nivå, frå barnehage til vidaregåande skule. Vidare tilbyr me idrettsstudiar og utdanningar innan spesialpedagogikk, språk, religion, historie, drama og kunst og handverk, eiga forskarutdanning og eit breidt utval av vidareutdanningar.
Forskinga på fakultet er innanfor områder som pedagogikk, idrett og kroppsøving, språk og historie, lesing og læringsmiljø.
Fakultetet blir leia av dekan Odd Magne Bakke. Dei tilsette ved fakultetet er organisert i tre institutt og vert støtta av fakultetets administrasjon:
- Institutt for grunnskulelærarutdanning idrett og spesialpedagogikk
- Institutt for barnehagelærarutdanning
- Institutt for kultur og språkvitskap
I tillegg er fem forskings- og kompetansesenter tilknytt fakultetet:
- Nasjonalt lesesenter
- Læringsmiljøsenteret
- Kunnskapssenter for utdanning
- FILIORUM- senter for barnehageforsking
- The Greenhouse- senter for miljøhumaniora
Ei viktig sak for fakultetet sitt samfunnsoppdrag er moglegheita som ligg i samarbeidet med praksisfeltet. UiS er ein partnar for skuler og barnehagar i Rogaland og elles i landet gjennom desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskulen og regional ordning for kompetanseutvikling i barnehagar.
Fakultetet har óg etablert utvida partnerskap med utvalde universitetsskuler og universitetsbarnehagar i regionen med mål om å styrke mellom anna praksisopplæringa.
Kontakt oss
Leiinga og fakultetsadminsitrasjonen ved fakultetet held til i Hagbard Line-huset, 2. etasje. Telefon: 51 83 34 00. E-post: post-uh@uis.no
Aktuelt
Stipendiatstillinger ledige
Vi har ledig to stillinger som doktorgradsstipendiat. Forsk på SFO eller selvregulering.
Hvilken rolle kan luktesansen spille når det kommer til barns læring?
Lukt er den mest oversette sansen mennesket har som også har et stort potensial for læring, mener Natalia I. Kucirkova, ...
Vil du bistå barnehager og skoler i arbeidet med å fremme og utvikle læringsmiljøet?
Læringsmiljøsenteret har ledige stillinger som eksterne veiledere i Læringsmiljøprosjektet. De som ansettes i en fast de...
Oddny Judith Solheim ny senterleiar ved KSU: – Eit stort privilegium og ein viktig jobb
Den nye senterleiaren ved Kunnskapssenter for utdanning (KSU), Oddny Judith Solheim, ser fram til å styrke kunnskapsgrun...
– En stor heder å bli æresdoktor ved UiS
Professor Robert C. Pianta er utnevnt til æresdoktor ved Universitetet i Stavanger. Pianta vil formelt bli utnevnt ved U...
– Det er ikkje noko poeng i drive med barnehageforsking om ikkje resultata når ut til ungane!
Det seier professor Ingunn Størksen, som i dag mottek Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement.
Nå kan du registrere ditt bidrag til WABF 2025
Ønsker du å presentere, delta i en workshop, symposium eller med en poster på verdens største konferanse om mobbing? Da ...
Helene Urdland Karlsen er ny rådgjevar ved KSU
Den nye rådgjevaren ved Kunnskapssenter for utdanning har ei fortid frå Språkrådet og skal mellom anna jobbe med skandin...
Ta studiepoeng i Jon Fosse
No kan du ta eit djupdykk i forfattarskapen til Jon Fosse. Universitetet i Stavanger og Sølvberget samarbeider om ein se...
Debatt på Arendalsuka: Hvem er lærere om 20 år?
KSU-leder og professor Elaine Munthe er innleder i debatt om læreryrkets fremtid denne uken.
Venter storinnrykk fra hele verden neste år
11.–13. juni 2025 er Læringsmiljøsenteret vertskap for World Anti-Bullying forum, som er verdens største konferanse om m...
Stenroos tildeles prestisjestipend til forskning på middelalderengelsk
Professor Merja Stenroos ved UiS er blitt tildelt det mest prestisjefylte stipendet fra EU, European Research Council (E...
Inviterer til seminar for å skape god overgang til yrkeslivet for nytilsatte lærere
Hver vår i snart tjue år har UiS invitert nytilsatte lærere, veiledere, ledere og skole-eiere til et felles seminar på S...
Meir leik i småskulen har gjeve gode resultat
Eit auka læringsutbytte og færre åtferdsutfordringar hjå elevane samt eit betre klassemiljø. Dette kan vere nokre av for...
Hvilken betydning kan barnehage, skole og SFO ha for sosial utjevning?
– Det har vært et spennende og lærerikt arbeid, sier professor Ingunn Størksen om å sitte i en regjeringsoppnevnt Eksper...
Skandinavisk barnehageforskning: Forskere fra Danmark, Sverige og Norge kommenterer årets rapport
Den nye NB-ECEC-rapporten omhandler barnehageforskning i Skandinavia publisert i 2021. Kartleggingen viser at antall pub...
Lærere og forskere hjelper nyutdannede lærere med overgangen til praksis
Overgangen fra student til lærer eller barnehagelærer kan være krevende. I nye TV-sendinger får studenter og nyutdannede...
– Dagens oppdragelse gjør barna mindre robuste
Det er én ting som fungerer for å gjøre barn mer robuste, sier forsker.
Idar Ree er ny kontorsjef ved KSU
Den nye kontorsjefen ved Kunnskapssenter for utdanning gler seg til å utforska det komplekse utdanningsfeltet endå meir.
Studietilbod
Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora tilbyr samfunnsnyttige utdanningar innanfor pedagogikk, idrett og frie fag, frå bachelor- til doktorgradsnivå.
Me ynskjer at studentane som går ut frå oss skal vere godt trente i kritisk og analytisk tenking, ha evne til etisk refleksjon og vere bevisste på behovet for kontinuerleg læring og profesjonsfagleg utvikling.
Ei viktig sak for fakultetet sitt samfunnsoppdrag er moglegheita som ligg i samarbeidet med praksisfeltet. Det gode samarbeidet me har med skule og barnehage står som ein av fleire sentrale føresetnader for eit kontinuerleg arbeid med kvalitet i lærarutdanningane våre. UiS er ein partnar for skuler og barnehagar i Rogaland og elles i landet gjennom desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskulen og regional ordning for kompetanseutvikling i barnehagar.
Fakultetet har óg etablert utvida partnerskap med utvalde universitetsskuler og universitetsbarnehagar i regionen med mål om å styrke mellom anna praksisopplæringa.
Forsking
Fakultetet vårt har eit omfattande forskingsmiljø innanfor utdanningsvitskaplege og humanistiske fag og har doktorgradsutdanning innanfor utdanningsvitskap og humaniora. Forskingsmiljøa våre samarbeider tett med praksisfeltet, særleg skule og barnehage, og bidreg til utvikling av både grunnforsking og samfunnsnyttig kunnskap.
Me forskar på fagområde som pedagogikk, fagdidaktikk og spesialpedagogikk, lesing, læringsmiljø og -psykologi, matematikk, språk og litteratur, historie og miljøhistorie, religion, mangfold og kultur.
Forskingsmiljøa våre samarbeider tett med praksisfeltet, særleg skule og barnehage, og bidreg til utvikling av både grunnforsking og samfunnsnyttig kunnskap. VI samarbeider óg med verksemder og praksisfelt om offentleg ph.d og nærings-ph.d.
Vårt ph.d.-program i utdanningsvitskap og humaniora, har om lag hundre kandidatar. Vi samarbeider med fleire nasjonale forskarskuler som tilbyr relevant nettverk. Nasjonal forskarskule for miljøhumaniora (NoRS-EH) blir leia av forskingssenteret Greenhouse.
På fakultetet har me fem forskings- og kompetansesenter. Med Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking (Læringsmiljøsenteret), Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Nasjonalt lesesenter), Filiorum – senter for barnehageforsking og Kunnskapssenter for utdanning er UiS eit nasjonalt nav innan utdanningsforsking. Greenhouse- senter for miljøhumaniora har landets største forskingsmiljø innanfor sitt felt.
I tillegg til våre strategiske programområde som du kan lese om nedanfor kan du lese meir om forskinga og forskargrupper på det enkelte institutt og senter sine nettsider.
Ved å trekke på forskingsmiljøa ved fakultetet styrkar me utdanningane og gjennom det studentane.
I tillegg til våre eigne senter, er fakultetet også del i Senter for spesialpedagogisk forskning og inkludering (SpedAims), ei langsiktig satsing som skal styrke den spesialpedagogiske forskninga i Noreg og NORBARN, Noregs første forskarskule retta mot barnehagesektoren.
Strategiske programområde for forsking
Fakultetsleiing
Fakultetet blir leia av dekan Odd Magne Bakke og fakultetsdirektør Kari-Anne Svensen Malmo. Marianne Hafnor Bøe er prodekan for utdanning og Kjersti B. Tharaldsen for forsking. Kåre Andreas Folkvord er leiar for samarbeid med utdanningssektoren. Institutt- og senterleiarar inngår i leiargruppa.
Fakultetsstyret
Fakultetsstyret er rådgivande organ for dekan og fastset fakultetets strategiske planar.
Fakultetsstyret skal mellom anna fastsetje studietilbod, og fremje forslag til universitetsstyret og utdanningstutvalet, samt definere område for satsingar innan forsking og samfunnskontakt.
Fakultetsstyret har 9 medlemmar, og består av vitskapleg og administrativt tilsette, to studentar og to eksterne representantar.
Styret 2021-2025
Leiar: Jørn Pedersen (Stavanger kommune)
Nestleiar: Hilde Inntjore (Universitetet i Agder)
Vitskapleg tilsette: Frode Skarstein, June Junge (fråtredde hausten -24), Klaus Johan Myrvoll, Briten Russdal-Hamre og Ketil Fred Hansen (1. vara og fast representant frå hausten -24)
Administrativt tilsette: Kjersti Gjedrem
Studentar: Isak Molnes og Mariette Riis Bergene (2024/2025)
Valperioden for studentrepresentantane er 1 år.