Ta vidareutdanning tilpassa kvardagen din!
UiS har eit breitt samansatt tilbod med vidareutdanningar for deg som jobbar i barnehagen, enten du er pedagog eller leiar. Alle vidareutdanningane våre er tilrettelagd for deg som allereie er i jobb, og vil ha ny, forskingsbasert kunnskap om relevante tema for kvardagen i barnehagen.
Studia ligg under dei ulike fag- og forskingsmiljøa tilknytt UiS sitt Institutt for barnehagelærarutdanning, Nasjonalt lesesenter og Læringsmiljøsenteret.
Samlingsbaserte emner
Desse studia er organiserte som samlingsbasert undervisning. Det betyr at studentane møter til planlagde fysiske samlingar i løpet av semesteret, medan det øvrige læringsarbeidet går føre seg som sjølvstudium og nettstøtta undervisning. Samlingane kan variere i lengd, men består vanlegvis av 2–5 samanhengande undervisningsdagar.
Nettbaserte emner
Nettbaserte emne er organiserte slik at studentane kan gjennomføre heile emnet digitalt, utan fysisk oppmøte. Undervisninga blir gitt gjennom digitale plattformer som inneheld videoførelesingar, nettmøte, interaktive aktivitetar og digitale læringsressursar.
Mikroemner
Mikroemne er korte, målretta emne som gir studentane moglegheit til å tileigne seg spesifikk kompetanse på ein effektiv måte. Emna er gjerne på 3–6 studiepoeng og kan gjennomførast over ein kort periode. Undervisninga er ofte organisert som nettbasert, samlingsbasert eller i kombinasjon.
Nettbaserte mikroemner:
Samlingsbaserte mikroemner:
Det er mogleg å søkje støtte for å ta vidareutdanning. Det er òg mogleg å ta vidareutdanning utan økonomisk støtte frå arbeidsgivar.
For deg som ønskjer opptak på vidareutdanning med finansiering, betyr dette at du må sende to søknader:
1 Søknad om studieplass på aktuelt studieemne til Universitetet i Stavanger
2 Søknad om finansiering til arbeidsgivar.
Les mer om videreutdanninger UDIR, Videreutdanning | udir.no
Ny forsking og teori er viktig, men det er like viktig at me klarer å ta den i bruk og omgjera den til noko nyttig for barna i barnehagane og skulane. Gjennom året jobbar alle med caser på eigen arbeidsplass. Problemstillingar som kjem opp diskuterer me saman, så alle kan læra av kvarandre.



