Hopp til hovedinnhold

Interact – kvalitet i klasseromsinteraksjonar

Målet med Interact-prosjektet er å undersøke korleis digital video-basert dialog kan støtte lærarar i arbeidet med å styrke kvaliteten av interaksjonar i klasserommet for igjen å auke elevane sitt engasjement og læring.

Publisert: Endret:
Korte fakta
Mange lærarar involvert

Skuleåra 2022-2024 vert 100 lærarar og ei klasse/gruppe dei underviser (ca. 2000 elevar) invitert til å delta i Interact.

Randomisert kontrollert forsøk

Intervensjonen vert evaluert gjennom eit randomisert kontrollert forsøk der 50 lærarar og deira klasser/grupper gjennomfører intervensjonen, medan dei resterande 50 lærarane/klassene er ei samanlikningsgruppe som gjennomfører undervisning som vanleg. 

Video-basert dialog. Foto: Getty Images

Det som skjer i klasseromma avgjer kor god skulen er

Elevar i vidaregåande opplæring beskriv relativt konsistent og i aukande grad at dei er lite engasjerte og kjedar seg i undervisninga.

Korleis kan lærarar støtte den faglege læringa til elevane? Foto: Getty Images.

Elevar i vidaregåande opplæring beskriv i aukande grad at dei er lite engasjerte og kjedar seg i undervisninga. Mange har planar om å slutte. Samtidig har vi for få lærarar, og mange lærarar opplever stor arbeidsbyrde og er slitne, også uavhengig av covid-19 pandemien. Kan tiltak i skulen hjelpe på begge desse utfordringane samtidig? Det vil Interact-studien gi svar på. 

Studien vil undersøke korleis digital video-basert dialog kan støtte lærarar i arbeidet med å styrke kvaliteten av interaksjonar i klasserommet for å auke elevane sitt engasjement og læring. Dialogane mellom den enkelte lærar og ein fagperson utanfor skulen vil særleg rette merksemda mot korleis lærarar kan støtte den faglege læringa til elevane, og bidra til konkretisering av arbeid med sentrale områder i dei nye læreplanane som problemløysing, metakognisjon og djupare forståing for lærestoffet. Dialogane vil i tillegg rette seg mot interaksjonar som fremmar emosjonell støtte til elevane, sikrar at tida til læringsaktivitetar vert godt utnytta og struktur og rutinar vert styrka. 

Intervensjonen er prøvd ut i liten skala, og erfaringane dannar grunnlag for ein revisjon av intervensjonen i eit samarbeid mellom forskarane i prosjektet og lærarar og skuleleiarar i vidaregåande opplæring. Skuleåra 2022-2024 vert 100 lærarar og ei klasse/gruppe dei underviser (ca. 2000 elevar) invitert til å delta i Interact. Det første skuleåret gjennomfører vi intervensjonen, det andre året gjer vi ei oppfølgingsstudie for å undersøke om eventuelle effektar varer over lengre tid. 

Intervensjonen vert evaluert gjennom eit randomisert kontrollert forsøk der 50 lærarar og deira klasser/grupper gjennomfører intervensjonen, medan dei resterande 50 lærarane/klassene er ei samanlikningsgruppe som gjennomfører undervisning som vanleg. Etter at oppfølgingsstudien er avslutta, vil dei 50 lærarane i samanlikningsgruppa få tilbod om å gjennomføre intervensjonen. 

Forskarar og medarbeidarar i forskningsprosjektet

51832931
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora



Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Professor
51832926
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora



Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Førsteamanuensis
51832936
Læringsmiljøsenteret, avd. Porsgrunn
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora



Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning



Avdeling Porsgrunn
Førsteamanuensis
51833096
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora



Fakultetsadministrasjonen UH



Administrasjon NSLA Avd. Stavanger
Rådgiver
51832919
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora



Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Førsteamanuensis
51833698
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora



Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Stipendiat
51832932
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora



Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Stipendiat
51832930
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora



Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Stipendiat
51832971
Læringsmiljøsenteret, avd. Porsgrunn
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora



Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning



Avdeling Porsgrunn
Universitetslektor
51834572
Læringsmiljøsenteret, avd. Porsgrunn
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora



Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning



Avdeling Porsgrunn
Universitetslektor